Det er no klart at SV og SP varslar dissens i regjeringa dersom AP trompar gjennom tjenestedirektivet. SV er mot, SP er mot, AUF er mot, LO er mot, store delar av AP er i mot. Mykje tyder på at Jens og Jonas likevel aktar å gjennomføre dette allereie før jul. Det er to årsaker til det.
1. jens og jonas vil ikkje leve med at Noreg bidrar ytterlegare til å trenere direktivet og risikere eit dårleg rykte i EU.
2. LO er på alerten og vil kunne sende hordar av røyster i neste valkamp til SV og SP dersom tjenestedirektivsaka endå er uavklart. På medlemsnivå vil dette vere “gløymt” eit halvt år etter når valdatoen kjem.
Eg innser at okke som kjem tjenestedirektivet før eller seinare til å havne i stortingssalen for røysting. Direktivet vil mest sannsynleg få fleirtal med dagens samansetning i Stortinget også etter stortingsvalet. Spørsmålet er når og med kva for forbehold vi som nasjon tar. Reserverer vi oss frå elementar i direktivet, vil vi mest sannsynleg bli dømt i EFTA-domstolen til å vike frå reservasjonane uansett på eit seinare tidspunkt.
Eit moro tankescenario: Hadde AP vore det minste smart så hadde dei fristilt Trond Giske som sterk “nei-til-eu-mann” til å gå mot og dermed ville det vore AP som reint teknisk tar dissens mot fleirtalet beståande av SV, SP og Trond Giske. Då blir regjeringas politikk mot tjenestedirektivet med dissens frå AP. SV og/ eller SP er dermed avskåre frå å kunne truge med å gå ut av regjering fordi vårt syn blir regjeringas politikk. Ein må i såfall truge med å gå av på bakgrunn av stortingets overstyring av regjeringa. Det skjer ikkje.
AP på si side ville vunne fram med stortingsfleirtal for å gå mot fleiratalet i regjeringas politikk utan å fått fagrørsla mot seg med full tyngde ved å “trompe” det gjennom. Men samstundes ville eit slikt scenario gitt Trond Giske heltestatus i fagrørsla og ytterlegare aktualisert han som den neste leiaren av partiet i hanekampen mot Jonas Gahr Støre.
Trond Giske, can you hear me? Du har sjansen til å vere tøff i ei viktig sak og vise litt integritet.
Attende til realismen: AP køyrer gjennom dette. AP viste musklar i asylsaka. Der kom SV veldig godt ut av dissensen og folk flest forstod at SV måtte gjere det. AP kjem mest truleg til å bruke all kraft på tjenestedirektivet. Vi må førebu oss på dissens og arbeide for at folk forstår korfor! Ein kan ikkje bruke energien på å kreve utgang av regjeringa no rett før valet. Då kan SV helse sperregrensa velkomen som medlem i partiet.
Det kan også bli ein klinsj på jagarfly i nær framtid, eg berre nevnar det, for å aktualisere at vi går inn i ein tøff sluttfase av denne regjeringsperioden. Skal SV gjere eit godt val og ta vare på den byrjande medvinden partiet har fått, må ein meir enn nokon gong stå samla. Då må sentralt vere kompromisslause mot AP og signalisere dette sterkt for å roe oss menige. Vi menige medlemmer må vere tolmodige, skolerte og ivrige for å halde ut ståket med å jobbe for partiets oppslutnad og halde fram med argumentasjonen mot det marknadsliberalistiske direktivet.
Plan A er å gå til val på framleis raud-grønt samarbeid. Plan B er å sjå an valresultatet og APs framtreden det siste halve året i nevnte saker og ha ein exit-strategi i tilfelle rottefelle.



