Martin Kolberg og Jens Stoltenberg kan frustrere meg av og til i jakta på å knekke den såkalla FrP-koden. Siste nytt er at eit solid initiativ frå olje- og energidepartementet og finansdepartementet om å legge til 2 øre på nettleiga for å finansiere satsing på fornybar energi, blei stogga av Jens på grunn av frykt for FrP-vekst.
Dette stod på samstundes som den store debatten om bensinprisar som fossa veljarar over til FrP. Ein var redd for ein dobbel effekt om ein også skulle auke avgiftene på straum. Ja, forsåvidt rett, men det handlar om ein debatterer på FrP sine premiss eller på eigne premiss. FrP får eige slike avgiftsdebattar når einaste svaret er internasjonale variasjonar og at ein lover å ikkje auke avgiftene så mykje.
Korfor sa ikkje Jens & Co at bensin skal, må og vil koste mykje. At det er skatt på forureining, at det er å beskatte ein ressurs som er i ferd med å gå tom, at det er å framtvinge ny teknologi og at strengt tatt så er det berre 300 kroner å spare om prisen er 1kr billegare per liter bensin om ein skal køyre frå Nordkapp til Lindesnes?
Då kunne ein også sagt det same om straum. Jovisst er den største variabelen marknaden. Jovisst tar staten som hovudeigar av straumnetta inn ein stor skjerv. Det går tilbake i reinvestering, forskning, ny produksjon, utbetring, effektivisering og satsing på alternativ energi.
Korfor ikkje seie “what comes around, goes around”. Tar ein frå ein stad, gir ein til ein annan. Gir ein til ein stad, tar ein frå ein annan stad. You win some – you loose some. Som sosialistar veljer vi aktivt å skattlegge rikdom, avgiftsbelegge det som er usunnt, miljøskadeleg og som middel for forbrukarsparing. Alternativet er at skattar og avgifter flyttast over på andre område som helse og utdanning.
Skal vi knekke FrP-koden må vi diverre innsjå at vi først må knekke venstresidas defensive feigskap. Vi kan ikkje drive å miste sjansen til å bli leiande innanføre alternativ energi i frykt for å tape debatten om bensinprisar på same måte som vi ikkje stenge flyktningebarn ute av landet i frykt for å tape innvandringsdebatten mot FrP.



