I går reiste eg ut til Bekkestua i Bærum med t-banen for å sjå Rosenborg spele mot Stabæk. Eg hadde uniformert meg i ei RBK-skjort og RBK-skjæff. Når eg kom fram til Bekkestua stasjon gjekk eg raskt inn på Narvesen for å kjøpe kamp-snop.
Bak disken i sjappa stod ein typisk bærumsgut og ei bærumsjente. Guten såg på jenta med eit lurt smil i det eg kom inn. Det var lett å lese kva dei tenkte. [Herregud, her kjem trønderane. Lurer på kva han skal ha..]
Eg la 200-lappen på bordet og møtte auga til bærumsguten bak disken. Han prøvde å vere høfleg men det var lett å sjå at han hadde eit lite knis som trengte på. Eg tenkte eg skulle seie; -We come in peace, men eg lot det vere. Han fekk større og større problem med å halde seg og gløtta støtt bort på kollegaen på sida som også heldt ei latterkule tilbake.
-Ein tipakning Løkki Straik, seier eg først. Med det klarer bærumsguten å svelge latteren. Men det var då eg supplerte med mitt andre vareval, han heldt på å sprekke.
-Ein Genneral! Guten blei sprutraud og jenta snudde seg vekk og gøymte andletet i henda sine. -Laus ja! sa eg for å unngå å få porsjon, og då såg bærumsguten verkeleg ut til å sprekke som ein vulkan. Også kundane i sjappa ser no ut til å straks detonere latterkulene.![]()
Imponerande nok, klarer han å halde latterkrampa tilbake og får servert meg røyken og snusen. Hikstar fram at det blir 94 kroner. Han tar 200-lappen og legg 106 kroner på bordet. Eg tar hundrelappen og lar dei 6 kronene ligge og går ut. Den enno sprutraude bærumsguten kastar seg mot vindauget og bankar på i det eg står utanføre. Eg går inn og han kjem bort med dei 6 kronestykkene.
Eg repliserer; Keep the change! Eg trudde ikkje det var så nøye med veksel i Bærum.
Eg tenner siggen og går mot Nadderud Stadion medan eg høyrer latteren frå Narvesenkiosken forsvinne i det fjerne. Det er litt spesielt å vere trønder i Bærum. Men, we come in peace!
Les også “Trønder i byen”



May 5th, 2006 at 12:38 pm
awww… Hvilket utsvevende liv du lever Tromp, tror nok du satte en støkk i blærums-sositeten der jah. Enda bra de ikke tapte i går, da ville de vel aldri kommet til hektende igjen
May 5th, 2006 at 12:51 pm
Hehe. Eg skuldar deg forresten snop for ca 60 kr.
May 5th, 2006 at 12:52 pm
[...] Tromp [...]
May 5th, 2006 at 2:13 pm
Hehehe, herlig! Vi får ikke den samme mottakelsen når vi kjøper snus (laus, ja) her i Trondheim.
May 5th, 2006 at 2:42 pm
Hva er forskjellen på “laus” og “porsjon” ?
May 5th, 2006 at 3:02 pm
“Laus” er snus i “laus vekt” i boksen. Denne må du sjølv porsjonere ved å grave opp ein klump frå boksen og pakke den nøysamleg mellom fingrane i ønska form inntil du er nøgd og kan plassere den i overleppa.
Fordelar: Sterkare, formar seg etter leppa, smakar betre og halve moroa er å pakke.
Ulempar: Har ein tendens til å skli ned og fragmenterast i mellomromma mellom tenna slik at du ikkje ser så “schneisen” ut. Vanskeleg å spytte ut.
“Porsjon” er snus som er ferdig porsjonert i “posar” eller nettingposar med bittesmå høl. Du kan ta ein som du er nybyrjar, eller to-tre om du vil avansere. Porsjonsnus har også namn som “bleiesnus”, “babysnus”, “apoteksnus”, “kosmetisk snus” osv.
Fordelar: Blir ikkje så skitåt på fingrane og rinn ikkje i striper ned mellom tenna. Meir delikat å finne ein utspytta porsjonssnus på gata enn ei “klyse”.
Ulempar: Smakar mindre og dårlegare. Er ikkje så sterk. Er litt “knapsu”, eller mindre tøft om du vil. Det er heller ikkje særleg trøndersk. Blir litt som å drikke teknert istaden for karsk.
May 5th, 2006 at 4:50 pm
Hærlige kommentara fra en nordtrønder i Bærum. Æ e i Trondheim æ
da og her har æ funne på ett
nytt ord for her e det 24 grader og
TRONDHJÆMSGODVÆRSMAIKVELD!
Ha en fortræffelig fredagskveld og trøst eventuelt Bæringer du
treffer med poenget de tok med seg da, vi kommer igjen mot
Sandefjord!
Ingunn
May 8th, 2006 at 11:35 am
det er en nordtrønders ord. i trondheim er det lov med porsjonssnus.
May 8th, 2006 at 12:31 pm
haha
jeg tror jeg skal le meg i hjel
May 8th, 2006 at 1:03 pm
hihi
men tenk på alle de tinga du kunne ha kjøpt…Du kunne virkelig ha knekt disse stakkars barna.
Neste gang må du ha på skinnvest utapå drakta, sette termosen på disken å be om kaffe,
spørre om de har DDE eller Åge på kassett og betale fra en hip-bag/rompetaske.
Det vil gi unga i pastell noe å skrive hemmat om.
May 9th, 2006 at 2:28 pm
Det er bra Tromp, jeg stod ved siden av ham, og vil bare bekrefte:
Fordommer mot trøndere er stor i Bærum, med rette. Når han kommer i RbK skjorten, og ber om General, Laus. Så ler vi alle.
Forøvrig en bra kamp, og hyggelig at du tok en øl etterpå på Onkel Blaa..
May 9th, 2006 at 6:24 pm
«Kall mæ gjerne en bondeknøl, en hottentott og tolling.
Æ har itj sans for klæa og musikk og det å verra urban».
- DDE
May 10th, 2006 at 2:26 pm
Haha.
Bønder i byn ass.
(den gjekk vel rett tilbake på meg sjølv ja)
Er ikkje eg ein av partiets bloggarar?
*snurt*
August 25th, 2006 at 12:33 pm
[...] Eg har vore inne i statistikken for bloggen min og finne ut kva for søkjeord som nyttast på søkemotorar slik at folk finn det interessant nok å stikke innom bloggen min…. Statistikken er for denne veka: 1 27.78% general snus 2 11.11% bellyboat 3 5.56% ane dahl torp pupp [...]
December 7th, 2006 at 12:32 am
Hvor får man genral guldbox. hørte at man fikk en viss man har 500 vanlige generalboxer
September 19th, 2007 at 5:21 pm
[...] Denne turen er faktisk gjort mange gonger. Seks trur eg. Det er Gjermund som står for eit fantastisk småbruk (ute av drift) der ein gjer litt grovarbeid og får fiska litt i hallingelva. I tillegg til Gjermund var Vegard med samt to nye kjennskap frå Bærum. Denne gongen blei det både mykje fiske og mykje arbeid. To tonn med flaggstang blei senka og heva igjen, ein syrinskog blei hogd ned, tunet slått og bærbuskar blei trimma. Eg drakk meg også ustø på kvitvin for første gong… noko som ikkje ligg heilt til min natur. [...]