Heimfallsretten er vedtatt i Stortinget. Dette er ein av dei viktigaste sigrane for SV i regjeringa. Vatnet skal støtt vere folkets eigedom. Heimfallsretten er like viktig for Noreg i framtida som det var viktig for Noreg å sikre at oljen i Nordsjøen ikkje fall på amerikanske, private hender når vi fann han.
To av barometrane FrP brukar for å sanke røyster er straumprisar og bensinprisar. FrP argumenterer med at vasskraft drive med offentleg eigarskap er dyrare enn vasskraft frå private selskap. Staten er ein blodsugar osv. Vel.
To ting er viktige her. Avkastninga frå offentleg eigarskap investerast tilbake til arbeidsplassen og til samfunnet. Avkastninga frå private selskap tast ut som profitt (men ein del investerast tilbake i selskapet).
Det andre som er viktig. Vil vi at straum skal vere billegast mogleg når prisfaktoren kan vere avgjerande for det totale forbruket av straum? Vi har ei energikrise og ei oppbyggande miljøkrise. Eg vil ikkje det. Eg vil vere offensiv, ærleg og seie at straum skal koste! Men det skal koste mindre å bruke lite, meir å bruke mykje. Vi må jamne ut nettleiga på landsbasis. Det er tull at naboen til eit kraftverk i Nord-Trøndelag skal betale meir i nettleige enn ein som bur i bysentrum. Men, innanføre grenser, koste skal det!
Det same gjeld drivstoff. Det skal vere dyrt. Men vi må snu prispåslaget på landsbasis. Vi må etablere og auke fraktutjamningstilskotet til distrikta og kompensere med auka kostnader for bilkøyring i storbyane.
Men for å balansere litt så meiner eg at ein av distriktshøvdingane i offentleg energi, NTE, tar seg vatn(kraft) over hovudet ved å auke prisane 30% for å sylte pengar til veg. Det er å konkurrere seg ut frå marknaden.
Social tagging: Distrikt > Energi > Miljø > NTE > Offentleg eigarskap




Jeg liker at du blogger igjen. Du er litt nærmere da.