Regjeringa og tjenestedirektivet

Etter at SV måtte ta ut ein historisk dissens i regjeringa om innstramingar i asylpolitikken, har folk spekulert i eventuelt andre saker der dette kan skje igjen. Eg har det som utgangspunkt at det ikkje bør skje i ei samarbeidsregjering, men at nokon gonger er det nødvendig. Dette vil f.eks vere saka om reservasjon (eller veto) mot tjenestedirektivet.

“Regjeringserklæringen slår fast at regjeringen vil motarbeide et tjenestedirektiv som fører til sosial dumping, og at reservasjonsretten i EØS-avtalen vil vurderes brukt hvis særlig viktige norske interesser trues av rettsakter som planlegges innlemmet i EØS-avtalen.”
(kjelde: fråsegn vedtatt i SV sitt landsstyre februar 06)

Slik eg les det er det opning for å IKKJE bruke reservasjonsretten i formuleringane for regjeringa. Det skal “vurderes brukt”.

Fråsegna seier vidare at “SVs landsstyre mener tjenestedirektivet slik det nå ser ut, vil øke faren for sosial dumping og true viktige norske interesser.”

Dette blir forsterka av landsmøtet i SV i 20O7 som seier: at “Svs landsmøte ber regjeringen følge Soria Moria for å stoppe tjenestedirektivet.”

Dersom SV ikkje skulle ta ut dissens må det vere fordi tjenestedirektivet beviseleg ikkje vil auke faren for sosial dumping og true viktige, norske interesser. Eg har lenge gått ut i frå at i regjeringssamtalar omkring dette spørsmålet har det vore klart at å ikkje bruke reservasjonsretten vil bli meir trøblete enn regjeringa kan handtere. For SV, SP, men likefullt for store delar av AP. Eg trur også at det etter asylsaka, i alle fall fram til etter valet og den nye regjeringserklæringa vår, så vil ingen regjeringsrepresentant våge å utfordre regjeringas vidare skjebne ved å framtvinge dissens frå to av tre parti. Om vi tenker litt Kolbergsk så ville kanskje eitt av tre gått.

Eg håpar at med motstand frå eit einskapleg SV, SP og LO, så vil dette vere i tøffaste laget for J&J å trumfe igjennom. Men dersom Gahr Støre m.fl skulle klare å avrunde LO i saka, blir det skummelt. Regjeringas vel positive høyringsuttalelse har møtt stor motstand så langt frå fagrørsla. Fristen for LO å uttale seg er mandag 15. september. LOs svar blir fundamentalt viktig.

Når det er sagt bør vi ikkje la det gå inflasjon i å vurdere ulike dissens-scenario om dagen. Er det noko våre motstandarar og media vil vere flinke til å snappe opp og hause opp så er det alle moglege scenario der SV igjen må ta dissens. Eg håpar at vi slepp det, for i ei samarbeidsregjering må denne terskelen vere høg. Det er eitt år igjen til valet vi må klare det vi heile tida prøver på; å fokusere på kva den raudgrøne regjeringa og SV har fått til og kva vil få til når vi held fram i regjeringa 2009-2013.

Men er det ei sak som er trøblete og som vi ein dag må forholde oss til, no eller seinare, så er det tjenestedirektivet.

Fokus må ligge på konsekvensutredninga og på å fremme nok kritikk og opplysning både før og etter høyringsfristen 15. september! Skal vi bruke reservasjonsretten bør vi  kunne bevise våre argument under norske forhold då alle formuleringar i noverande dokument frå EU om tjenestedirektivet oppmuntrar til ord- og formuleringskrig om kva det eigentleg betyr.

Audun Lysbakken, nestleiar i SV, sa i oktober i fjor “at reservasjonsretten må tas i bruk dersom vi ikke kan være trygge på at tjenestedirektivet ikke fører til sosial dumping”.

Kristin Halvorsen gjentok dette til NTB i mai i år:
– Det som er viktigst nå er at vi får en grundig konsekvensutredning av direktivets betydning når det gjelder sosial dumping og forbrukerspørsmål sier Halvorsen til NTB.

– Betyr det at du nå er mer avventende til bruk av veto?

– Det er enighet i SV om at veto er aktuelt dersom konsekvensene blir slik vi frykter på nåværende tidspunkt altså at det hindrer oss i arbeidet mot sosial dumping. Men nå må vi få klarhet i hva direktivet egentlig vil bety sier hun.

For meg betyr dette VETO inntil ei konsekvensutredning har bevist det motsette for alle fylkeslaga og lokallaga som engasjert seg og vedtatt fråsegner om temaet lokalt både i LO, AP, SP og SV og sentralt i SP, SV og LO.

I denne saka er det tilhengarane som må bevise -så lenge vi har ei raudgrøn regjering. Og eg håpar LO står rakt som Fellesforbundet, Handel&Kontor, Fagforbundet EL&IT m.fl har tilrådd.

Social tagging: > > > > >

Leave a Reply