Newroz -Å forsvare eit folk!

I dag er det høgtidsdag for kurdarane! I Iran, Syria, Irak og Tyrkia går massar ut i gatene. Dagen blir også markert over heile verda kor kurdarar lever som politiske flyktningar. Eg gratulerer med solidaritet på dagen!

Biletet er tatt i dag i Diyarbakir i Nord-Kurdistan (tyrkisk territorium). Newroz er eigentleg ei nyttårsfeiring, men kan i dag samanliknast med 17. mai i Noreg. Dagen er ein frigjeringsdag for det kurdiske folket.

Statleg og systematisk undertrykking foregår i alle statlege territorium kor kurdarane lever. Berre i Nord-Kurdistan er 3500 landsbyar øydelagte av tyrkiske militære sidan 1984. Mange titusenar har døydd og mange millionar er drive på flukt anten inn til storbyane eller til Europa. I dag står dei same millionane i gatene og feirer kampen for fridom og eksistens. I Tyrkia, Irak, Iran og Syria har kurdarane måtte tålt runde på runde med massemord og folkeforfølging. Også der er gatene fulle av fargar, dans og slagord i dag. Folket er nekta sitt eige språk og retten til å hevde seg sjølv som ein etnisk minoritet. Tyrkiske mynde går så langt at dei hevdar det ikkje finst kurdarar, berre fjelltyrkarar. Men trass i håpløysa så var det aldri aktuelt å gje opp. Det som kjenneteiknar det kurdiske folkeslaget er kampviljen, optimismen og felleskapet. Derfor er det få som deppar men mange som kjempar. Eg gratulerer på dagen med solidaritet og støtte i kampen for å forsvare eit folk.

Følg med på Newroz-feiringa live her:
http://www.roj.tv/index/yayinakisi/roj_zindi.html

Les forøvrig mine reisebrev frå Kurdistan i førre veke.

Reısebrev 1: Kurdistan -here I come!
Reısebrev 2: Euroturk
Reısebrev 3: Dıyarbakır 8. mars
Reısebrev 4: Kurdıstan
Reısebrev 5: I dag tok eg paa Tıgrıs
Reısebrev 6: Facts of Kurdıstan

Leave a Reply