• 31Oct

    I helga fekk eg meg blogg, var ute på mingel i byen mellom parfymerte, oppstasa tigers i hovudstaden, og eg kom til å tenke på at eg ikkje bur i Levanger lenger. Det er no fire år sidan eg flytta til Oslo, eller tigerstaden om du vil.

    Eg skulle no aldri bu i Oslo. Eg hadde såvidt prøvd meg i Trondheim eit år, men eg fekk nok av bylarmen, upersonleg kontakt med menneska i alt for kompliserte gater, bussar eg ikkje forstod meg på og universitetet som likna meir eit enormt kjøpesenter enn det trygge klasserommet eg kom frå. Så eg flytta tilbake til Levanger.

    Neglesprett og navlesprett
    Der budde eg i fred. Fred frå kvasi-intelektuelle frakkestudentar og urbane jenter med bluser som var kjøpt så små at navlen spratt fram - sjølv om trønderkulda fekk fingrane til å sprette av. Eg prøvde å stikke innom ein kafé for å varme neglespretten, men sleit og sveitta fælt når eg ikkje klarte å tinge ein kaffi fordi servitørane spurde kva for kaffi eg ville ha. Dei såg berre rart på meg når eg sa at det einaste eg var opptatt av, var at eg ville ha kaffien i eit krus, utan mjølk og ein sukkerbit –on the side.

    Sugar on the side
    Medan Dublin er staden kor graset er grønt og jentene er vakre, er Levanger staden der sola alltid skin. Sola kan gjere det meste vakkert. Eg hugsar knapt ein regnversdag i Noregs nakne navle omkransa med skogar, fjell og fjord. Og på Backlund, No39 fekk eg så mykje kaffi eg orka for 15 kroner. –Og han var alltid svart og eg kunne forsyne meg med så mange sukkerbitar eg berre ville –on the side, som eg sa når eg var ekstra kjekk! Eg skulle kjøpe meg hus og studerte på lærarskolen. Klassen min var trygg og eit orginalt felleskap. Eg treivst i grunnen saman med dei eldre konene frå Trøndelag som då hadde vaksne ungar og hadde tid til å få seg ei utdanning. Vi sladra mykje. Vi hadde til og med klassefest oppe i Okkenhauggrenda kor vi sladra litt om slekta der oppe. Ja, dei er alle i slekt der oppe har eg høyrt. Alle heiter jo Okkenhaug til etternamn.

    Men brått vart det trygge livet mitt snudd opp ned og eg vart innkalla til tjeneste i Klassekampen. Eg tok det som ei utfordring. Det var jo berre ei hyring for 5 månader. Det kunne ein sjå på som ein lengre ferie.

    Trønderdøden på Oslo S
    Eg gjekk av toget og hadde fått skildra korleis eg skulle orientere meg i byen. Eg skulle ta utgangspunkt i Oslo S. Det er der det er så mange narkomane, jamfør filmen og boka “døden på Oslo S”. Skummel plass. Første gongen eg var i Oslo på eiga hand, gjekk eg av toget, ut på plassen utføre stasjonen kor eg spurte ein “kjendtmann” i Oslo;
    -Oinnskyill mæ… veit du kor Oslo S e hæn?
    –Hva, sa han.
    Eg gjentok spørsmålet ein gong til, litt sakte og eg knota for første gongen i mitt liv.
    –Du står der, var det kontante, sarkastiske svaret. Ja ja. Det er berre å gjette korleis det gjekk til då eg gjekk ned i eit hol i bakken og skulle finne fram mellom stressa folkemengder, narkomane og underjordiske tog. Det var jo reine trollskapen.

    Eg stod no midt i Oslo med pakksekken kor eg hadde alt eg eigde. Her skulle eg bu. Først skulle eg møte ei venninne. Eg tok opp telefonen og ringte.
    -Hei, sa ho. Eg svarte hei og spurte om kor vi skulle møtast.
    -Ved folkets hus, sa ho.
    -E itj folkets hus i Trondheim da? Spurte eg.

    Fins itj kaffitroll i glass
    Men det var nokre timar før vi skulle treffast, så eg tok inn på ein kafe. Der var det ein svensk servitør, akkurat som på reklamen og eg vart med eitt roleg. Dei skjønnar nok kva eg meiner om eg skal ha ein svart kaffi! Det gjorde servitøren. Men… Eg fekk kaffien i glass! Eg heldt på å segne om. Fingrane brente seg inn i det ekle materialet som omkransa den mørke veska. Har du sett ned i eit krus med kaffi kor morosamt det er å spegle seg. Eg brukar å kalle det kaffitrollet. Det kjem og tek deg om du ikkje drikk opp. Her var det ikkje noko kaffitroll i krus. Her var det “americano” i glas.

    Det var her eg gjekk på den første bysmellen. Heime i Levanger betaler du når du tingar kaffien. Det gjer dei ikkje alltid her i Oslo. Då eg spurte om kor mykje eg skulle betale og tok opp lommeboka mi, sa at dei skulle skrive det på bordet mitt. Men når dei kom med kaffien la eg merke til at dei ikkje skreiv nokon ting som helst på bordet. Det hadde vore frykteleg synd, for det var eit fint bord. Dei ville visst ikkje ha pengar heller. Når eg var ferdig å drikke gjekk eg og spurte om det var gratis påfyll, men slikt finst ikkje i Oslo. Det var ikkje rabatt på påfyll ein gong.
    -Ålrait, da får det vårrå det såmmå, sa eg og gjekk. Eg hadde ikkje kome lenger enn 20 meter då den svenske servitøren kom springande etter meg og ropte noko eg ikkje heilt skjønte. Det var jo på svensk. Eg hadde lommeboka i handa mi og eg merka til mi store overrasking at ho var ute etter pengane mine. Eg stakk til Youngstorget og folkets hus. Der stoppa eg opp i solsteiken og kikte på plassen for arbeidarrørsla, statuane, huset til arbeidarpartiet og det prangande skiltet som kastar skyggar over den tradisjonsrike plassen for ein kjempande arbeidarklasse; Fremskrittspartiets hus.

    Går sæ te!
    Det er mange historiar om trønderen i storbyen, men det får halde for denne gongen. No vart eg verande litt lengre i byen då eg fekk meg eit løna verv i Sosialistisk Ungdom. Faktisk har eg budd her i snart fire år, og ting har byrja å gå seg til.

    Eg har bleika håret litt ein periode, har fått passe langt hår (urbant!) og fått meg ein del nye klede. Litt trangare gensrar og vide bukser. Av og til tar eg på meg kondomdrakta og syklar meg ein tur på hybrid-sykkelen min. Eg har sjølvsagt polaroide solbriller. Eg har fått fem bøter av Oslo Sporveier og reiste t-bane for første gong aleine i oktober 2002, 8 månader etter at eg flytta. Du finn meg kanskje på Ullevål stadion for å oververe et bunnoppgjør, eventuelt på ein café med litt jazzy omgjevnader og ein kaffi i glas. Trass i alt dette; eg blir enno kalla skogtrønder av mine urbane vener i byen. Det heng med meg, og det er om å gjere å ta solbrillene av og nikke; Jepp. Det e det æ e! Levangsgut, sjø!

    Signert tromp @ October 31, 2005

15 kommentarar

WP_Cloudy
  • Morten Drægni Says:

    En gripende historie om en trønder for første gang i storbyen. Dette kunne bli en fantastisk sit-com eller helaftens spillefilm.

  • Guro Says:

    Slik en rørende fortelling skal du lete lenge etter. Som Bærumsjente ville det vært vanskelig å si at verden var slik for meg og, men skal si jeg fikk sjokk første gang jeg gikk av toget i Røra…

  • Åshild Says:

    Dette beviser Guro sitt poeng. Du klarer å skrive i Røra!? Alle vet at det heter PÅ Røra.

    Dette var virkelig rørende Tromp. Har vært litt lei av Levanger i det siste, men nå gruver jeg meg til å flytte fra byen. Kaffen koster forøvrig kr 20 på Backlund nå, men det er uendelig med påfyll :)

  • Morten Drægni Says:

    Levanger? By? HAhAHAHHAhaaha

  • Åshild Says:

    Kan å med på at Steinkjer, Stjørdal og Namsos ikke er byer, men Levanger er og har allti vært by.

    Har du vært på Levanger Morten? Nei, tenkte meg det ja. Her er det nydelig trehusbebyggelese som er bygd som en by! Med kvartaler og greier. Alt vi mangler er litt folk.

  • Morten Drægni Says:

    Hvis jeg vil se nydelig trehusbebyggelse stikker jeg på Folkemuseet. Jeg bor i byen fordi det lukter eksos, stinker dritt og fordi jeg liker asfalt under føttene mine, ikke krøttersti. Men, nei jeg kom meg aldri opp til Nord-Trøndelag… og det vakke min feil!

    KlÆm!

  • Tromp Says:

    Lev livet! Du vil itj anger! Lev-Anger!

  • Guro Says:

    Sorry Åshild, skal ikke gjenta seg - hvertfall ikke i den nærmeste framtid. Selv om jeg mener det burde vært en gjennomgang i norsk språk av når det skal brukes på og når det skal brukes i.
    By og bygd er forresten ganske relativt da, må minne om at jeg kommer fra norges største bygd(!) med godt over 100.000 innbyggere (i 2002) - det er vel mer enn hva man kan si om Levanger?

  • gurimalla Says:

    Dte med by og bygd e relativt ja. Vestli (i oslo) er for eksempel den mest rånete staden eg nokon gong eg har sett mine bein. Og dette med råning blir då vitterleg påstått å vera eit bygdefenomen…

  • Maxime Says:

    Fytti katta.. Den var et stykke lengre enn min tekst!
    Rørende.. Jeg gleder meg allerede til å komme tilbake til Kristiansand på besøk, så mamma kan oppvarte meg og lage all mat jeg liker best!

  • Tromp » Blog Archive » Trønder i Bærum Says:

    [...] Les også “Trønder i byen”   [lenk] [...]

  • Tromp » Blog Archive » Fjell og dølar Says:

    [...] Denne turen er faktisk gjort mange gonger. Seks trur eg. Det er Gjermund som står for eit fantastisk småbruk (ute av drift) der ein gjer litt grovarbeid og får fiska litt i hallingelva. I tillegg til Gjermund var Vegard med samt to nye kjennskap frå Bærum. Denne gongen blei det både mykje fiske og mykje arbeid. To tonn med flaggstang blei senka og heva igjen, ein syrinskog blei hogd ned, tunet slått og bærbuskar blei trimma. Eg drakk meg også ustø på kvitvin for første gong… noko som ikkje ligg heilt til min natur. [...]

  • Tromp » Blog Archive » Velkomen til gards! Says:

    [...] Smak gjerne på denne velkomstdrinken først. Det er ein trøndersk coctail, med bær og fruktige smakar frå då Tromp møtte storbyen. Coctail: Trønder i Storbyen [...]

  • Avil Says:

    Har du snudd blåggen din oppned?

  • tromp Says:

    Eg har ikkje snudd blåggen min opp ned, men han gjer det av seg sjølv av og til. Eg skjønnar ikkje korfor, men…

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.