…snart lauvast det i li. Vel. Ikkje endå, her i Grong, men snart!
Eg trur dette er den fjerde i rekka av gjenopplivingar av bloggen sidan første posten i 2005. Men det har aldri vore lengre stille her på tromp.no enn dei siste to åra. Eg har ein trang til å skrive igjen.
No skal eg blogge igjen, om alt og ingenting, om livsdigresjonar og samfunnsparadoks, om meiningar og drøftingar. Vel. Dette står sentralt:
- eg skal skrive om politikk og samfunn i verda og i landet.
- eg skal skrive om politikk og samfunn i Nord-Trøndelag og Grong
- eg skal skrive frå fisketurar og kvardagshistoriar
- eg skal skrive frå huset i skogen, ved Namsen og kulturlandskapet.
- eg skal skrive det som fell meg inn, kanskje tre ting i veka.
- eg skal skrive på nynorsk
- eg skal skrive om nye ting, røynsler og viktige ting som eg blir opptatt av
Følg med på www.tromp.no , og legg gjerne att ein kommentar.




YEAJ! Dette er vi, helt sikkert, MANGE som har ventet på!