Det er straks 1. juni, og spenninga stig langsmed dei mange lakseelvene. Men i år er det eit skår i gleden. 1 av fire elvar er så råka av mangeårig miljøforureining særleg frå oppdrettsnæringane, at det knapt blir lov å fiske. I Verdalselva er sesongen sterkt innsnevra og det er ei sesonggrense på to laks per person.
Lakserømming er i praksis utslepp av genetiske bombar som svekkar dei unike stammane i dei unike elvane. Lakselusa lever som knottsvermar mellom laksemerdene og kveler unglaksen på veg ut frå elvene for å ete seg feite i havet. Berre utanføre Namsenvassdraget passerer 60 tonn villaks omlag 60.000 tonn oppdrettslaks. Fortettinga av laks i merdene gir gode vekstvilkår for laksevirus og parasittar.
Næringane deltek no aktivt for å motverke miljøtrugselen både for å få meir ut av eigen produksjon og for å svare dei mange som krev at næringane tek ansvar. Eg trur ikkje det blir gjort nok. Eg trur at i botn og grunn må vi spørre om dagens produksjon er bærekraftig nok for å redde villaksen. Svaret er jo nei, og konsekvensen bør derfor bli deretter. Oppdrettslaksen må steriliserast og veksten må bremsast, kanskje må produksjonen jamvel ned, inntil det er mogleg å bevise at oppdrett er mogleg utan at villaksstammane kollapsar. Eg skal ikkje stikke under ein stol at det faktisk blir gjort mykje frå oppdrettsaktørane si side her i Nord-Trøndelag, men foreløpig er det langt frå nok etter 30 år med vill vekst i vest.
Vi som er sportsfiskarar har stillteiande akseptert at vi må ta vår del av konsekvensane. At det ikkje blir opprør når vi ikkje får dyrke hobbyen like fritt skuldast rett og slett at einkvar sportsfiskar innser at alle tiltak er nødvendig, også dei som råkar ein sjølv. God laksesesong!


