I dag feira eg 17. mai i Grong i Namdalen for første gong. Før eg gjekk ned til “sentrum” (rundkøyringa mellom kjøpesenteret og vertshuset) for å sjå på opptoget, stakk eg innom boligane til dei mindreårige asylsøkarane i kommunen. Vi slo følge ned til sentrum i finstasen og med norske flagg. Det er deira første 17. mai-feiring i eit land med langvarig fred.
Eg snakka med to av gutane som kunne fortelje at dei hadde eitt-årsdag i Noreg. For nøyaktig eitt år sidan, på same dagen, kom dei til Oslo. Dei spekulerte veldig på kva det var for eit land og folk dei hadde kome til når alle var i finstasen og med norske flagg
Dei kunne ikkje tru anna enn at vi var splitter pine gale
I dag roper eg hurra for mangfoldet og vil skryte av Grong kommune som har eit stort flyktningemottak, satsar på busetting av flyktningar og tar inn mindreårige asylsøkarar. Grong er gedigen i areal men marginal i folketal. Eg er innbyggar nr. 2351. Ordføraren i Grong (Erik Seem, SP) sa det eigentleg så greitt når han trakk paralell til at alle verdas storbyar har blitt store fordi dei har satsa på innvandring og nyttigjering av eit multikulturelt samfunn. Kva hadde Rom vore med berre romarar? Kva hadde New York vore i dag med berre urinvånarar? Vi har Rom, New York og Grong.
Flyktningar har eit stort potensial i seg for vekst i distrikta. I Grong er ein opptatt av å skyte rovdyr. Men vi har også eit par bygdedyr vi burda fått lisensjakt på. For ikkje alle ser lenger enn ekstratilskotet kommunen får for å ta i mot flyktningar og held dei nye internasjonale folkegruppene på ei armlengdes avstand. Eg ser økonomisk vekst, næringsvekst, kulturell vekst, folkevekst, miljøvekst og menneskevekst. Vi må omfamne den politiske linja som går i å busetje mange, sysselsetje flest mogleg og ha ein distriktspolitikk som gjer at det er enkelt og bærekraftig å vere innovative saman med tilflyttarane.
Grong “sentrum”, Mediå” er eit slags elvedelta der Sanddøla møter Namsen og blir eitt. Mediå er der elvene møtast og det ligg i ordtaket at her møter også folk kvarandre. Ein ting er å busetje seg og ville meir enn nokon annan fullføre ei skole og skaffe seg ein jobb. Noko anna er å oppleve at ein er inkludert i lokalsamfunnet på alle nivå og at folk helsar på kvarandre. Det er 17. mai og endå snø i fjellet som set spor. Eg er klar for å jakte litt bygdedyr på vårsnø. Ein internasjonal gratulasjon på dagen!


