• 21Apr

    Som eit ledd i at eg no stort sett blir oppfatta som godt vaksen av mine daglege omgjevnader, har auga etterkvart byrja å sjå på dagens ungdom med skråblikk. Å gå inspeksjon på ungdomsskolen eller å møte elevane i giv akt i klasserommet på morgonen er ei selsom oppleving om dagen. Opptil halvparten i klasserommet kan stå der i daffedressen sin, eller på ungdomsspråket, OnePiece’n.

    Eg skulle likt å få uttalt første refleksjon frå han eller ho som går forbi skolegarden i eit friminutt og aldri har sett eller høyrt om fenomenet og som ikkje veit frå før av at dette er ein ungdomsskole. Eg kan gjette:

    • Er det eit ungdomsfengsel med kreative fangedraktar?
    • Er det eit mentalsjukehus?
    • Er det eit straffangesenter for uroleg ungdom?
    • Er det eit ledd av amerikaniseringa av norsk skole med kreative skoleuniformar?
    • Har NTTF landsmøte i Grong? (NTTF - Norsk Teletubbieforening)
    • Har Harald Eia og Bård Tufte Johansen fått ein ny renessanse som ungdomsidol med heftig framsyning av youtubeklipp frå deira kyllingdraktstunt?

    Prisen for drakta er 1-2000 kr +/- eit par hundrelappar. Det er altså ein relativt dyr mote som ikkje alle får ta del i grunna høgpris dividert med foreldre som stiller spørsmålsteikn med nytten av uniformen. Det er heller ikkje likesælt om du kjøper ein billegutgåve. Det blir som å kjøpe skateboard made in taiwan. Men mote er mote, anten det er mi tids krav om steinvaska levis eller dagens forventning om å stille som teletubbies. Kanskje er det noko positivt med denne moten. Vi har lenge vore visuelt forureina med heroinslanke damer frå Hennes&Mauritz og andre kroppsfikserte kledekjede. Dei meir radikale ungdommane, som eg nyleg har utgått frå i Sosialistisk Ungdom, har nemna hysteriet med framheving av uferdige formar eller kunstig marginaliserte hofte- og mageparti for Skjønnhetstyranniet. Teletubbimoten representerer kanskje eit brot med dette. Ein skal ikkje påstå at det er kroppsformar som framhevast og det er heller ikkje snørr og tårar på nettbutikkane over at det ikkje seljast dressar i storleik normal og større.

    Dei er også litt søte og minner oss på at fjortisane faktisk ønskjer å klamre seg til det barnlege endå ei stund. Dei er frie og ledige og symboliserer kanskje eit opprør mot den moderne oppvoksteren der ungdommane blir møtt med eit enormt forventingspress om deltaking og prestasjonar både på skole og i fritid. Dei er gjennomorganiserte og deira inntreden i verdsveven (internettsamfunna) stiller enorme krav til sosial mestring.

    Sosiologar elskar å definere kohortgenerasjonar. Hippies, desertgenerasjonen, generasjon X. Enn om denne snodige uniformeringa kunne utvikle livsideal om å knekke skjønnheitstyrrannen, gjere opprør mot vaksenverdas enorme prestasjonskrav og at ungdommane hadde krevd sin rett til å kunne vere ledige, frie og ikkje fullt så vaksne som vi til tider forventar at ein 14-åring i dag skal vere. Eg har jo sosiologi grunnfag og er dermed kvalifisert til å synse og meine om kva for nemning dagens generasjon burde få. Eg frydar meg med tanken på at dagens ungdomsgenerasjon kunne fått ettermælet som teletubbiegenerasjonen.

    Signert tromp @ April 21, 2010

1 kommentar

WP_Cloudy
  • indregard Says:

    Og nå lanserer Stormberg sin copycat.

    Jeg husker også at spesielt jentene på videregående (men definitivt ikke på ungdomsskolen) hadde en veldig avslappa stil. Jeg tror det er veldig bra. Selv om det selvsagt fortsatt er mote-elementer og en haug med vanskelige faux pas å unngå, er det mye lettere og ufarlig å lære seg slikt enn å måtte se ut som prinsesser dag ut og dag inn.

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.