Det er på tide å vekke bloggen til live igjen :).
Kort statusoppdatering: Eg har flytta til Grong i Namdalen i Nord-Trøndelag som innbyggar nr. 2351. Der har eg fått meg jobb som kontaktlærar for ein 9. klasse og ungdomsklubbarbeidar to kveldar i veka. Eg er sambuar i ein tomannsbolig med car-port og sentralstøvsugar. Eg har tatt lappen og køyrer Volvo 850 stasjonsvogn med piggdekk.
Namdalen er eit eldorado for meg. Det er tusenvis av moglegheiter for meg som elskar å vandre med vadarar og flogestonga i hende. Det er fem år sidan eg byrja å blogge frå mine urtrønderske perspektiv frå storbyen Oslo. Alle som las bloggen den gongen skjønte nok at eg før eller sidan måtte ut av denne forunderlige By, som ingen forlader, før han har faaet merker av den.
Med litt urban ballast lever eg no altså livet i dei djupe skogar av indre Namdal i Trøndelag. Eg bur nærmare Gäddede med svensksnus enn Trondheim med bart og bybuss. Eg bur nærmare Namsos og Rock’n Roll enn Royal Albert Hall. Eg bur rett ved Namsen, Sandøla og Geitfjellet og årets allergianfall skal triggast av høy og gras framføre eksos og tapas. Det går ikkje an å kjøpe sushi er, men det er lilæfs å oppdrive både i butikken og svart.
Sjølv om alle som kjenner meg veit at eg er den trønderske urmannen, så merkar eg så vel at åra i Oslo og reisene rundtom i verda har gjort meg noko meir kontinental. Det kan til tider følast litt trongt å treffe bygdedyra i skogen og dei lokalproduserte “vinane”. Men det er jamvel sjarm og trivsel. Det skal bli fint å blogge igjen om både politikk, natur, lærarliv og bygdeliv. Følg med ![]()



April 19th, 2010 at 1:25 am
hei på deg og gratulerer med lærarjobb og ungdomsarbeid


åja, så må du ta det med ro i volvoen og ikkje råne rundt i hytt og pine
sjølv er eg no halvferdig med vernepleiestudiet, kjekt med skule i høg alder
tøff video av reven på youtube
geir inge
April 20th, 2010 at 2:14 pm
hyggeleg å høyre frå deg!
Det blir nok skole i høg alder på meg og etterkvart. Er jo ikkje heilt ferdig…
June 26th, 2010 at 12:31 am
Hei,
Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av bloggen. Jeg ser to mulige årsaker:
1. Det skjer rett og slett ingenting der oppe, ingenting som inspirerer til blogging.
2. De lokale vinene (bare at det sammenlignes med vin skremmer meg litt) har tatt tak og distanserer forfatteren fra den produktive sone han skulle ha vært i.
Det er ikke godt å vite hvem av de to, men jeg skal følge godt med.
Eg klkkjar “Kjøyr på!” og let med det helsa same melding til bloggjaren.
June 28th, 2010 at 3:52 pm
Hei og takk for det
Det blir skjerpings når sommaren lir mot sluten. Men skal legge inn den sist skrevne kronikken om villaks og oppdrettslaks snart som tilsvar på rævspark for å blogge litt meir! God sommar!