Obama fekk i dag Nobels Fredspris. Det blir heilt feil, seier eg til Trønder Avisa i dag. Med Obama er det håp i hengande snøre for ein av dei verste atommaktene i ei verd med stor uro kor USA har vore ein pådrivar for auka polarisering mellom aust og vest, nord og sør. Men han har så langt på nær gjort seg fortjent til ein fredspris endå, og dette blir som å dele ut gullet på femmila før løpet har byrja. Når det er sagt, synst eg Obama så langt har vist at det kan vere håp i hengande snøre, men vi kan ikkje dele ut ein pris basert på kva vi håpar at nokon skal utrette. Vi deler ut prisen til dei som har gjort seg fortjent til den.
Men Jagland og Jens får møte Obama.
PS! Eg har i dag levert inn eit svar (Sudoku) på ein konkuranse via Canal Digital der premien er billettar til prisutdelinga. Vinn eg billettar vil eg gje desse til Mats Gilbert og Erik Fosse, ekte fredsarbeidarar.


