• 05Oct

    Forhandlingsdelegasjonane i SP, AP og SV går på glødande kull når dei no skal meisle ut kompromiss, gi og ta, for dei politiske vegvala framover.

    Så langt har oljeboring i Lofoten og Vesterålen vore sjølve symbolet på den vanskelege konflikten som oppstår mellom AP og miljøpartiet SV. Oljesandprosjektet i Canada har også vore aktualisert. No kjem endeleg kullgruvedrift på Svalbard opp som tema. SV vil avvikle drifta som tilsvarer utslepp like mykje som heile den norske bilparken. AP vil halde fram i følge Helga Pedersen.

    Det handlar om arbeidsplassar og ein hjørnestein for eit heilt samfunn. Slik sett er det dårleg distriktspolitikk å avvikle gruvedrift på Svalbard når vilkåra for alternative næringar i same skala kan synast liten. Men med vår klare profil i internasjonale miljøforhandlingar der vi krev at slike miljøbombar skal avviklast i resten av verda, må vi akseptere at tilsvarande må skje på norsk territorium om vi skal snu klimakrisa. Vi krev at Europa skal bygge ned kullkraftverka, men på den andre sida skal vi nekte å stoppe å selge dei kullet dei fyrer med?

    Men dette handlar også om kapitalisme og at ein faktisk er nødt til å forby drift som hentar inn profitt både til private aktørar så vel som statskassa. Eg trur det er det som er vanskeleg for Helga Pedersen og AP framfor ein fordekt argumentasjon om nokre arbeidsplassar. Svalbard er Noregs litle dilemma. Verda er full av slike dilemma i alle land. Ingen land har heller eit fleirtal av miljøparti, ei heller i Noreg. Dermed blir det vanskeleg å gjennomføre ein storstilt klimadugnad, globalt, utan å ta eit oppgjer med måten vi organiserer verdssamfunnet og nasjonane på. Det hastar å samle oppslutning for parti som er villige til å utfordre kapitalistar og reorganisere energisamfunnet.

    Framtidas næringspolitikk må styrast inn i ei grøn retning. For vi kan/ kunne skape arbeidsplassar med framtidas teknologi, energikjelder og miljøpolitikk. Men det gir ikkje same kortsiktige profitt som å pumpe olje og grave kull. Er vi villige til å restaurere vår eigen bakgard eller skal vi halde fram med å vise verda ein falsk fasade?

    Signert tromp @ October 5, 2009

2 kommentarar

WP_Cloudy
  • Sosialisten Says:

    Er “med Thatcher - mot gruvearbeidarane” det nye SV-slagordet? Litt av eit forfall sidan 80-talet!

  • Pål Julius Skogholt Says:

    Her må eg innrømme at ikkje er riktig så sikker som du. Kolet på Svalbard blir for det meste nytta i sement og betongproduksjon. Det har noko med kvaliteten på kolet å gjere. Skal vi slutte med det og?

    Eg trur vi kan bli samde om eit standpunkt som seier at eit Statleg aksjeselskap som Store Norske ikkje skal selje kol til energiproduksjon. Det må då vere eit betre standpunkt enn å legge ned?

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.