• 15Oct

    Kronikk i Trønder Avisa 15. okt 09: Summen av spel og festivalar per innbyggar må vere høgast i Nord-Trøndelag. Dugnadsanden er enorm og bak spel og festivalar står kulturelle eldsjeler som aldri kan bli nok betalt verken i fråveret av klingande mynt eller overfloden av ståande applaus. I løpet av valkampen i Nord-Trøndelag hadde eg gleda av å delta på fylket sine mange og rike kulturarrangement.

    Fylket bør prisgi dette fenomenet som skaper liv, latter, song og historiske sus i bygd og by. Dei har ein kulturdemokratisk miks av profesjonelle og amatørar, dei tar i bruk nærområdet, dei styrkar identitet, lokalkultur og bringer historia fram i lyset -og til debatt! Eg har plukka ut mine favorittar til fylkeskulturprisen og sendt inn eitt forslag og oppmodar fleire til å nominere aktørar som står bak slike fenomene arrangement.

    Vi har festivalar som revyfestivalen på Høylandet og Bluesfestivalen på Hell som kvar samlar mange tusen til latter eller the mude! Steinkjerfestivalen samlar tusenar til ein Roskildefestival i miniatyr og Vømmølfestivalen innvolverer månadsvis med førebuingar i vømmøl å dala til opptoget og ein gedigen vømmølsfest. Også Midt-Norsk Gospelfestival på Tautra må trekkast fram som ein av dei store. Av mindre festivalar kan vi nevne Ørderfestivalen i Okkenhaug i Levanger som neppe kjem til å klare meir enn 100 deltakarar, men som våger å tenke dei store tankane om økologi, humanisme og sosialistisk harmoni alá Bjørn Svante Afzelius. Rock City Namsos har ingen festivalar, men treng det heller ikkje. Der er det grunnlag for folkefest etter folkefest på grunn av byens musikalske soner og døtre som lever seg ut i heile landet og stundom kjem heim for å lage fest. I år skapte avdukinga av Åge-statuen ekstatiske tilstandar i rockebyen til langt på natt.

    Vi har spel. Vi er sjølve spelfylket. Spelet om Heilage Olav Stiklestad er internasjonalt kjendt og besøkt. Det eigast av alle og når debattanne brakar laust når det endrast litt på historia og val av skodespelarar, blir nord-norske debattar kyrkjeprat i forhold. Vi har Trua og saltet på Vikna som fortel historiar frå dei utstøtte frå kyrkja på Viknaøyene på byrjinga av 1800-talet. Vi må ikkje gløyme Pe-Torsa i Lierne med dynamitt, forviklingar og nabokrangel frå kvardagslivet i Kvelia på 50- talet.

    Eit spel som knapt har nådd konfirmasjonsalder og som eg spår ei stolt framtid er Namsens Auge som foregår på det som må vere landets mest mystiske, vakre og flottaste arena med tusen sitteplassar klin nedtil Namsenbredda. Her kjempar ein engelsk lord for sitt overklassefiske og storbonden mot fløytarar og vaskartauser i ein klassisk konflikt mellom kapitalisten, grunneigaren og arbeidarklassen og internasjonal uro som varslar krig. Både Trua og Saltet og Namsens Auge er manusforfatta av Torvald Sund frå Levanger som tidlegare har mottatt fylkeskulturprisen. Han har også skrive spelet Raud Vinter som av ein eller annan skandaløs årsak ikkje lenger er vidareført på torget i Levanger. Sommarens mest gripande kulturoppleving hadde eg på spelet Bjønnlabben -en fangstmanns historie i Lierne. Med spektakulær teaterkunst får vi innsyn i historia mellom grensa til Sverige og Noreg frå eit jakt- og bondesamfunn med konfliktar og hardt generasjonsarbeid, kjærleik, oppbrot og opplevingstrang, men røter som trekker deg heim og ei historie som viser verdien av å vere saman. Fangsmannen frå Lierne fanga meg.

    Eg kunne foreslått mange kandidatar. Hovudpoenget mitt er at fylkeskulturprisen i år bør gå til ein eller fleire aktørar som kan ta i mot denne prisen på vegne av alle spel og festivalar, på vegne av all dugnadsånd, deltakande publikum og artistar og på vegne av alle desse arrangementa som set eit kontinuerleg særpreg på fylket sine bygder og naturlege scener. Eg har sendt inn forslag om at Ørjan Hattrem og Roar Tromsdal ved studiet Teaterproduksjon og skuespillerfag ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) deler årets pris.

    Dei to har regissert namdalsspela Bjønnlabben (Hattrem) og Namsens Auge (Tromsdal). I tillegg har dei stått sentralt i arbeidet for å kjempe fram ei økonomisk jamstelling av teaterutdanninga ved HiNT med andre teaterutdanningar i landet - noko som blei krona med siger av statsråden for forskning og Høgare Utdanning i sommar. Dei to er viktige for å trekke profesjonelle aktørar til fylket, men også utdanne nye scene- og spelartistar for framtida. Dei bringer også rekrutteringa av framtidas artistar ut til folket.

    Som ein kuriositet deltok eg også på Skaperfestivalen som er ein festival for unge gründarar og etablerarar i Nord-Trøndelag. Det er ikkje tilfeldig at nesten 100% av ansikta der også er å sjå som deltakarar, aktørar eller frivillige på mange av dei nevnte arrangementa over. Kultur skaper næringsliv og det tiltrekker unge etablerarar.

    Om dei skulle få prisen eller om andre har gjort seg fortent, det er ikkje det viktige for meg. Det viktige er å takke dei ti tusen frivillige og dei tusen kulturaktørane som skaper lengt og rot til heimfylket vårt. For Roar Tromsdal og Ørjan Hattrem er to av mange hundre eg har fått æra av å møte og som i sum har vore med på å få meg til å skjønne at sjølv om det ikkje var min tur til å bli stortingsrepresentant denne gongen, var det min tur til å flytte heim igjen til Nord-Trøndelag og litt nærmare fangstmannen frå Lierne. -For å engasjere meg vidare med alt som har engasjert meg i valkampen, frå landbruk til kultur, frå næringsliv til busetjing, frå arbeidsliv til ei sunn fritid i bygg og ein natur vi skal ta vare på. For folkets kamp mot undertrykking -for rettferd og demokrati.

    Eg håpar på ein Raud Vinter.

    Signert tromp @ October 15, 2009

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.