• 03Oct

    Dette valet blei ikkje eit miljøval som håpa. SV blei støvsugd av AP, Venstre og KrF blei utradert av sitt vanlege vingleri og fokus på å angripe SV framføre å fremme eigen politikk. Det neste stortingsvalet må bli eit klimaval. Den  største utfordringa med å samarbeide med AP er så definitivt  miljøkampen. Spørsmålet er kor godt vi lukkast i å ikkje berre gjere AP raudare, men grønare. For om AP endå er eit oljefarga parti ved inngangen til neste valkamp, blir det vanskeleg å drive valkamp på same regjeringsgrunnlag når tyngdekrafta til dei større partia vil føre til at dei miljøfiendtlege partia Høgre, AP og FrP fortsatt har over 70% fleirtal.

    Vi må knekke miljøkoden. Ikkje for at SV skal vinne men for at miljøparti skal ha fleirtal på Stortinget. Eg kan ikkje tenke meg at det er sannsynleg at SV, KrF og Venstre har fleirtal innan fire år.  Vi er avhengige av at AP snur i miljøsaker. Vi må knekke AP-koden. Då kan ikkje SV vere eit miljøpolitisk alibi for AP i fire år. Då kan ikkje SV vere skyteskiva heller. Vi må utfordre AP på miljø heile vegen og miljøorganisasjonane bør kjenne på kva for partiknappar dei skal trykke på framover.

    Personleg synst eg det er viktigare med eit miljøfleirtal på stortinget enn eit raudgrønt fleirtal. Dei neste fire åra blir ein alvorleg prøvestein for det raudgrøne prosjektet. For vi kan ikkje oppsummere med at vi lukkast meir enn 50% i den første perioden. Vi må lukkast mykje meir i den andre. Klimakrisa vil føre til eit politisk jordskjelv ein eller annan gong i framtida. Eg håpar venstreradikale miljøparti klarer å reise oppslutninga og innverkninga på politikken før det jordskjelvet tvingar oss opp og fram. 2013 må og skal bli eit miljøval.

    Les også Valg09 #1 Loosers table? I will survive!

    Signert tromp @ October 3, 2009

3 kommentarar

WP_Cloudy

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.