Forrige helg møtte eg på SV sitt landsstyremøte. Der feira vi raud-grøn seier, evaluerte ei svak oppslutning for SV og ga klapp på skuldrane til dei som kom inn på stortinget og dei som ikkje kom inn. Eg var blandt dei som ikkje får ei rose av kongen men klapp på skuldra for innsatsen og ein rosebukett frå Kristin Halvorsen. Ut frå landsstyremøtet fekk eg i tillegg med meg ein klaps på rompa med bodskap om å halde fram. Det har eg tenkt å gjere. For eg flyttar no heim til Nord-Trøndelag på permanent basis og kan dermed ta vare på den politiske kapitalen og kjennskapen eg har fått til fylket. Eg vil vere med på å bygge parti fram mot 2011 og 2013.
Vi gjorde ein god valkamp ut frå det apparatet vi hadde. I Nord-Trøndelag haddde vi meiningsmålingar på 10-12% ti dagar før valet, men ei halvering på valdagen. Tyngdekrafta arbeidde i mot oss og vi jobba inn ein raudgrøn siger - som AP vann mest. Kostnaden blei at fire distriktsfylke (Finnmark, Nord-Trøndelag, Møre & Romsdal og Troms) mista SV-representasjon på Stortinget.
Likevel. 6.2 %. Eit lite tal for eit parti men eit gigantisk resultat i den politiske historia. At SV etter fire år i regjering igjen er klare for å styre landet er i europeisk samanheng unikt. Men det er også unikt i norsk samanheng. Vi skal tilbake til Bondepartiet i 1931 før vi kan sjå at eit debutantparti i regjering har sitte ein heil periode. SV blei attpåtil sitjande i ny regjering.
Eg dreiv valkamp i Nord-Trøndelag. Stemninga for kandidaturet mitt og for SV var upåklageleg stor. Stemninga ja, men ikkje stemminga desverre. Alt for mange har kome bort til meg og gratulert oss med seieren og sagt dei stemte på oss og på meg. Dei stemte Arbeidarpartiet. Det er berre å gratulere Arbeidarpartiet med ein veldig god valkamp.
AP gjentar enkle bodskap som folk forstår: Arbeid til alle. Dei unngår problematiske område ved å utsetje standpunkt til etter valet eller la vere å snakke om slike tema. Dei får drahjelp frå LO som samkøyrer valkampen sin, retorikken og hovudsaker med AP. APs lokale soldatar har den same raude tråden i alle talar: fellesskap og velferdsstat. Dei har eit apparat som drar i same retning og det er å ha eit apparat som består av eit massivt korps av aktive fotsoldatar som går dør til dør og er til stades overalt. Det enkle er ofte det beste. Det gjeld å stemme trygt, kjapt og billeg. Sjølv kallar eg denne tyngdekrafta til Arbeidarpartiet som SV lider under for “Gerhardsenspøkelset”. Du vil stemme SV, men når du kjem til vallokalet kjenner du eit nærvere av Gerhardsens ande som seier at du “skal hedre din konge og ditt fedreland og stemme på Jens“. Arbeidarpartiet framstår som det styrande partiet.
Vi må kalle ein spade for ein spade. Eg har snakka med mange av dei som skulle stemme på SV i Nord-Trøndelag men som ikkje gjorde det. Dei gjorde det fordi dei ikkje var trygge på oss. Når grunnstammen blir litt rista i innspurten fell eplet ned, ikkje så langt frå stammen, men nok til at raude og grøne eplar får brune flekkar.
For når AP vinn på bekostning av SV er det oljebransjen som vinn over miljøengasjementet. Det er klassefred framfor kamp for likeløn og kamp mot sosial dumping. Det er instutisjonalisering av kapitalismen gjennom EU framfor lokaldemokrati og kamp mot new public management. Det er snikprivatisering av offentleg sektor framfor meir demokrati og distriktspolitikk.
Men vi er med i regjering og vi gjer AP til eit betre parti. Tenk på AP-regjeringane på 90-talet som solgte ut arvesølv etter arvesølv og innleia den verste strupinga av kommuneøkonomien etter 2. verdskrig som seinare blei overtatt av Jern-Erna. Arbeidarpartiet er trekt til venstre. Det sug veljarar frå SV, men gir polititske resultat. SV må knekke AP-koden for å kunne inkassere folkets gunst for våre sigrar.
Men som sagt, stemninga for SV var veldig god. I frå mars til juli opplevde eg i valkampens sentrum i Nord-Trøndelag at mange var svært skeptiske til SV. I august og september snudde dette og det var fleire og fleire som støtta opp under at SV gjer regjeringa raudare og grønare og at det er vår politikk som er svaret når blårusspolitikk framkallar økonomiske kriser som først og fremst råkar folk flest.
Det handlar om ei bedre fordeling, meir rettferd, meir demokrati og ei bedre forvaltning av jorda vår, både humanistisk, miljømessig og fredsmessig. Eg gleder meg til å fortsette der eg slapp og bruke valkampen for å styrke fylkespartiet mot nye slag. Kommune- og fylkestingsvalet 2011 vil handle om meir lokaldemokrati, distriktspolitikk og lokale velferdstilbod. Stortingsvalet i 2013 må bli eit klimaval og eit fordelingsval. SV må framstå som eit parti som er klar for å snu utviklinga og styre landet vekk frå privatisering og sentralisering og fram mot ein bedre utvikla velferdsstat og folkestyre. Vi må vinne folk for dette. Då må vi ha folk der ute.
Det var ikkje min tur til å kome på Stortinget. Det var min tur til å reise kjerringa. Mama, I’m coming home!
Les også Valg09 #2 Miljøvalget



October 3rd, 2009 at 6:52 pm
[...] Les også Valg09 #1 Loosers table? I will survive! [...]
October 4th, 2009 at 1:12 am
Stå på videre Tromp. Du gjorde en god figur i valgkampen. Du hadde oddsene imot deg og nådde ikke opp. Jeg synes det er flott at du har bestemt deg for å bli i Nord-Trøndelag. Vi trenger flere som deg. Unge, entusiastiske og med stor vilje til å gjøre en innsats for fellesskapet. Lykke til i fortsettelsen.
October 5th, 2009 at 9:01 am
Veldig bra jobba, og veldig bra at du reise nordover
Du vet at jeg er blant dem som befinner seg langt til venstre i Arbeiderpartiet, og som er veldig fornøyd med en regjering med sv og sp.
Imidlertid plager det meg når SV’ere tar hele æren for arbeiderpartiets bevegelse fra nittitallsregjeringene og dit hvor vi er i dag. Vi er mange som har jobbet hardt, over svært lang tid, for å få til en bevegelse. Landsmøtet i 2005, da vi vant flere seire enn siden før den rødgrønne revolusjonen i auf - da satt jeg med tårer i øynene og var dritstolt over det vi hadde gjort, det jeg hadde vært med på å få til.
Nevnes må det også at Jens Stoltenberg er en pragmatisk fyr. Den “modernistiske” linja han og AP lå på første til tidenes dårligste valg i 2001. Det er ikke spesielt merkelig at han ikke velger den strategien igjen.
Jeg er uansett glad for at du og jeg er på samme lag <3
October 5th, 2009 at 12:39 pm
Takk Ragni
Og ja. Du har eit poeng. Eg burde kjenne desse kreftene i AP bedre enn dei fleste SV’arar etter å budd i eit AUF-reir ein del år og som i tillegg er heldig å kjenne deg. Eg skal derfor ta sjølvkritikk på den einsidige framstillinga av at det berre er SV i regjering som trekker AP til venstre. Det gjerast ein god jobb internt i AP og desse har vore meir og meir på offensiven sidan 2004-5 medan blåskjortene i partiet har liggi meir i dvale og venta på moglegheiten for å gjenreise AP som det store sentrumspartiet som navigerer politikken i ei “stor” mindretalsregjering aleine. Berre det at det faktisk ER eit samarbeidsprosjekt mellom SP, SV og AP viser at desse kreftene har gjort ein god jobb også lenge før etableringa av regjeringa i 2005.
Derimot er det forskjell på landsmøtevedtak og gjennomføring/ profil i regjering. Eitt poeng er at AP alltid køyrer ein vesentleg meir radikal bodskap i ein valkamp som nærmar seg SVs politiske profil. Det forpliktar når ein sit saman med SV i regjering og skal gjennomføre det ein har snakka om på ein heilt annan måte enn når AP kan skulde på at ein måtte hente eit politisk fleirtal frå bl.a Høgre, V og KrF.
Det er også eit poeng at vi ikkje skal snakke berre om at det er AP som går til venstre, men at det faktisk er SV som klarer å få gjennomslag for sin politikk. Der kan vi (og også eg) bli mykje flinkare til å framheve dette.
At vi ikkje selg statleg eigedom og driv storstilt privatisering er ein SV siger og eit faktisk resultat av at fleirtalet er sikra på venstre side. Ein vesensskilnad frå 90-talet.
October 7th, 2009 at 2:54 pm
Skoa til Inge ble visst desverre, med god hjelp av AP og Namdalsavisa, litt for store å fylle denne gangen. Eller for å si det på en annen måte: dine egne sko ble litt for små til å fylle sporene etter Inges sko.
Beviset på dette finner vi ved at det var oppslutnignen i Namdalen som til slutt kostet deg plassen, da oppslutningen i Inges to “hjemkommuner” ble halvert og vel så det (http://fatamorgana.blogg.no/1252971774_trompkortet_ute_av_st.html). Hadde oppslutningen her vært litt mer stabil, hadde du nå vært i ferd med å gjøre det hjemmekoslig på et kontor på Løvebakken. NAs nærmest neglisjering av SV under valgkampen til fordel for “Regionens nye lederstjerne” Susanne Bratlie hjalp oss heller ikke.
Derfor er det nå så gledelig at du ikke bare kommer hjem til Nord-Trøndelag igjen, men til og med bosetter deg strategisk midt i hjertet av Namdalen og vil hjelpe partiet med å bygge seg opp igjen både frem mot 2011 og 2013. Klarer du å skape deg et navn her, og i tillegg nå kunne bli regnet som “Namdaling”, tror jeg sjansen for at det vil stå “Trond Martin Sæterhaug” på en kontordør i Stortingets SV-fløy fra 1013 av er store.
Velkommen hjem!