• 17Aug

    Ein av mine viktigaste kampsaker i mi tid som aktiv i ungdomspartiet til SV var at vidaregåande skal vere gratis. Noko av det første SV gjorde i regjeringa var å kreve gjennomslag for dette og vi vann. Etter ei innfasing kan vi i dag gratulere vidaregåande elevar med gratis skolebøker. Det er fortsatt kostnader og manglar på noko læremateriell. SV var med på å lovfeste retten til vidaregåande opplæring mot høgre og FrP. No følger vi opp denne retten også økonomisk.

    NB. Då SV overtok for Høgre i regjering stoppa vi friskoleloven som ville ført til ei storstilt privatisering av vidaregåande skoler. Ikkje nok med at ein skal bruke mange ti-tals tusen på læremateriell i løpet av vidaregåande så vil høgresida også ha elevbetalingar for å få gå på skolen.

    Det er SVs sak, du har eit val, det handlar om ein velferdstat. Kjemp mot høgresidas avgifts og eigendelssamfunn der lommeboka bestemmer vegen, livet og moglegheitene du har.

    Signert tromp @ August 17, 2009

3 kommentarar

WP_Cloudy
  • JILL WHITE FANEBUST Says:

    Ingen ting og gratulere for at vidergående skole får gratis bøker.
    Skulle bare mangle.Vi lever i verdens rikeste land.

    JILL

  • Haakon Says:

    Da elvene kjøpte bøker fikk de oppdaterte bøker.
    Vi får se om det offentlige kjøper inn nye bøker hvert år eller om det blir en salderingspost slik det er i lavere klassetrinn.

    Målet er ikke at det skal være gratis, men at man lærer!

  • Trond Martin Says:

    Jill. Eg er einig. Det skulle berre mangle. Og når noko mangler, så er det SV som er pådrivar å for å fylle på.

    Haakon. Er einig i bekymringa for at bøker kan bli slitte og utdaterte. Derfor er det viktig at SV held fram i regjering og vi ikkje strupar den offentlege skolen med høgresidas politikk. Eg er også einig i at hovudmålet skal vere at ein lærer. Derfor bør den nye læremateriellrevolusjonen vere godt it-utstyr, laptoppar og digitale læremidlar. Det er tull at elevar endå brukar ein liten prikk som gangeteikn når det i det i informasjonsalderen er ein x på kalkulatorar og reknearkprogram.

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.