• 02Aug

    Dette kortet er enkelt å dele  ut og eg kjem lett i prat med folk som blir nysgjerrige på meg og SVs politikk.

    Vi går no inn i innspurten i valkampen. Det kjem til å bli veldig spennande heilt fram til valdagen. Det er grunn til å tru at berre nokre få stemmer kan avgjere om det blir meg eller Susanne Bratli frå Arbeidarpartiet som tar det siste direktemandatet. Bakom kan også FrP lure med sjansar til mandat nummer to.

    Skulle eg ikkje klare direktemandatet vil eg konkurere om utjamningsmandat. Det er bingo kven som får det av Høgre, Krf, Venstre og evt SV. Derfor er det viktig at så mange som mogleg no stemmer SV i Nord-Trøndelag for at fylket sikrar seg ein SV-representant.

    Inge Ryan, min forgjengar, har vist kor viktig det er at distriktsfylket er representert.

    Skal Nord-Trøndelag vekse med SV og meg på tinget, eller skal velferdstilbod og satsing på distrikta falle med høgresida og EU-tilhengarar.

    Du kan avgjere. Eg har besøkt heile fylket fleire gonger og vil arbeide for deg der du bur, jobbar eller går på skole.

    Velg miljø og rettferd. Spel trompkortet 14. september.

    Signert tromp @ August 2, 2009

2 kommentarar

WP_Cloudy

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.