Misforstått miljøpolitikk – hurtigbåt forbikjørast av sjark

Fylkesrådet har bestemt at samferdselstilbodet til folk som bur i Ytre Namdal i Nord-Trøndelag skal gå treigare. Under dekke av eit svakt miljøargument er det signert ein kontrakt for ein hurtigbåt med fartssperre som medfører ein halv time ekstra reisetid frå øykommunen Leka til Namsos.

Det er misforstått miljøpolitikk og dårleg distriktspolitikk. Øysamfunna og ytterkommunane i Nord-Trøndelag skal ikkje vere Nord-Trøndelags stabb for klimakutt ved å få svekka reisetilbodet såpass.

Den nye båten vil heller ikkje kunne frakte gods og dermed mistar distriktskommunane viktige moglegheiter til å frakte varer raskt i akutte tilfelle.

Det hadde blitt opprør om fylkesrådet forlangte ein halv time seinare trønderbane frå Trondheim til Steinkjer under dekke av eit redusert dieselforbruk på toget. Kommunane i Ytre Namdal er sterkt prega av fråflytting. Det er politikarane si oppgåve å fremme positivisme og optimisme. Den beste måten å gjere det på er å gjere reisene ut og inn raskare og betre. Det blir eit for stort paradoks for folk på Leka at det byggast firefelts motorvegar frå Trondheim til Steinkjer, medan hurtigbåten skal forbikøyrast av sjarkane uti Folla.

Eg kommenterer dette i Namdalsavisa. og får dagen etter støtte frå Lars Peder Brekk.

One Response to Misforstått miljøpolitikk – hurtigbåt forbikjørast av sjark

  1. men det e jo litt bra for selvfølelsen te sjarken da.. <3

Leave a Reply