• 18Jun

    I dag har eg ein godsak av ein alternativ kronikk i Nationen. (Pdf-utgåve her )

    Caffé latte og frau

    Dette er mitt manifest for bonden. Det er mange som har fundert på det landbrukspolitiske engasjementet mitt. Eg burde kanskje bruke all energi inn i korridorane på sjukehus, omsorgsinstitusjonar og skolar for å hente litt meir sikre røyster, seier mange. Eg gjer no det også.

    Eg gjer det ikkje (berre) for å vinne røyster. Det er først og fremst med samfunnsansvar og samfunnsengasjement å sjå behova, melde dei til Oslo og vere ein glad ja-mann med djup entusiasme og vilje for næringa. –fordi eg har rett og slett blitt veldig engasjert. Det er fordi eg vil forbedre folks kvardag der det verkar å setje inn ekstra krefter og vi får matnyttig effekt av å satse. Eg har også sett at det er verdas viktigaste næring.

    Eg les dårleg statistikk. Men viktigare, eg oppsøker plassar der skoa har tråkka. På eine sida har snakka med ei jente frå Røyrvik på toget til Grong. Ho fortalte mutt om foreldra som gav opp bruket og sa eg måtte gjere noko mot sentralisering og dårlege kår. På andre sida har eg vore på gardsfest hos ei dotter som har tatt over der foreldra har funne andre ting å gjere, men som går til verks med liv, lyst, engasjement fordi ho så tydeleg ser ut til å ville produsere mat til landet og verda. -Av lyst, ikkje fordi det gir ei sikker framtid. Det er fordi ein bondelagsleiar i Grong har lese opp eit dikt på ”midtnytt” som var retta mot politikarar som meg og som traff. Dette er ein alvorleg idealisme som eg må leite tilbake til tida som nyfrelst SU-medlem for å finne. Det er også fordi eg veks på positive tilbakemeldingar frå bønder som veit å sette pris på folk som vil forstå at distriktsnoreg gror igjen utan kampfeller bak murane på Løvebakken.

    At eg fram til no, fram til valdagen og forhåpentlegvis i mange år på tinget vil bruke meir energi, få meir kunnskap om landbrukspolitikken og kåra for næringa, tar ikkje energi frå fokus på andre grupper. Det gir energi. Fordi eg opnar ei ny dør inn i ei ny verd for kvar bonde eg treff som engasjerer meg og inspirerer meg til å endre andre samfunnsområde med same pågangsmot og bondevett. Medan eg før såg til høgre når eg tok trønderbanen til Trondheim på fjorden og E6 den strakaste veg, ser eg no til venstre på beitelapp etter jordlapp, lån etter fjøs, i stadig aktivitet og stadig endring i kulturlandskapet sine fasar.

    Sivilisasjonen byrja når “the modern man” klarte å plante i jorda, organisere seg i einingar for å samarbeide i små ur-kooperative samfunn for ein samhandla produksjon av mat for å overleve. Så kom handel, så kom teknologi, så kom den globaliserte samtida. Samfunnets vugge byrja med bonden. Samfunnet blir avslutta av bonden. For den dagen vi har spelt bort for mykje dyrkbar jord, gjort det for vanskeleg å drive matproduksjon i kvar grend i heile verda, så knekk ein bærebjelke i samfunnet - frå grendesamfunn til verdssamfunn.

    Verdas matkrise er sidestilt med klimakrisa og dei heng saman. Vi kan rett nok overleve materielt i eit “landlordsamfunn” der matproduksjonen eigast av direktørar, utførast av austeuropearar, med sentralisert foredling, utsal kor maten blir meir utrygg og med dårlegare kvalitet og matvarekjedane har tatt makta over utvalet. Men det blir lite folk igjen på gjengrodde krøtterstier i Namdalen.

    Eg har engasjert meg i jordbruksoppgjeret. Eg synst først forslaget frå staten lukta frau og smakte caffé latte for småskala landbruk og for dei mange, unge kvardagsheltane eg møter. Forhandlingane viste i midlertid at det ikkje var så mykje som skulle til for å kome i havn med ein avtale. På mange område er avtalen positiv, spesielt at det er opna for meir budsjettpengar og investeringsvirkemidlar som kjem unge som vil satse til gode. Men resultatet er likeframmt berre seks rette i lotto. Det er ein pen liten gevinst på nokre tusenlappar som monner litt, men løyser ikkje dei store utfordringane for lottobøndene i Verdal. Eg vil kjempe for tilleggstalet. For då blir premien og resultatet mangedobla både for bonden og samfunnet. Vi har hender og grender nok som vil sysselsette av rein idealisme for trygg og kortreist mat, tradisjon og global matproduksjon, for kulturlandskap og jordnære samfunn. Skal vi gjødsle slike hender må vi også bruke ”big spender”.

    Eg kan ikkje love alt for framtida aleine før eg finn meg sjølv i realiteten og hestehandel på Stortinget. Men det er min lovnad før stortingsvalet at landbruket og venstresida har fått ein ny talsmann som skal drikke vanleg, svart kaffi  i stortingskantina og løfte distriktsfokuset frå Gründerløkka til Grendeløkka.

    Signert tromp @ June 18, 2009

4 kommentarar

WP_Cloudy

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.