Eg har alltid sett meg litt trøytt på maset om alle avgiftene og kor stor “byrde” dette er for folk, fe og næringsliv. Nokre avgifter er bra, andre er tullete. I bunn og grunn handlar avgiftspolitikken berre om det skal vere eigendelar, avgifter, moms og ikkje minst kor dei skal råke, ikkje summen. Med fleire ulike regjeringsprosjekt har ikkje summen avgifter auka eller minka i særleg grad, men blitt forflytta frå nokre område til andre område.
No meiner eg at folk burde vere meir engasjerte i dei høge eigendelane på offentleg velferd og nødvendige tjenester, men no har til og med eg latt meg provosere av ei avgift, ikkje så stor, men likefullt idiotisk.
Den nye kartongavgifta regjeringa no innfører er ei tulleavgift. Avgifter på fysiske vareprodukt har eg alltid sett på som eit styringsverktøy for å styre forbruk, sal eller produksjon av varer i mengde, konsum eller produksjonsform fordi ein ønskjer å delfinansiere prosjekt, avgrense miljø- og helseskadar, regulere konkuranse etc.
- Å legge til ei filleavgift på kartong kan vanskeleg forklarast med at det er fordi kartongproduksjonen t.d. er miljøskadeleg… Kartong er som kjendt resirkulert papir og er også det ålmenta først tenker på å sende til resirkulering. Kven har vel ikkje bretta mjølkekartongar?
- Årsaka kan vel heller ikkje vere fordi ein ønskjer å avgrense salet av mjølk og jus? Det er i såfall å stramme langfingeren til bøndene.
- Det kan vel heller ikkje vere fordi ein ønskjer å få ned kalsiuminntaket eller c-vitamininntaket i hjå det norske folket alla Gro Harlems sukkerstunt som verdas helseminister i FN?
- Meiner regjeringa kanskje at resirkuleringsfabrikkane i landet går så mykje med overskot at det er herfrå omferdelinga til den norske arbeidarklassen skal hentast?
- Kanskje har gassklondyket i nordsjøen og barentshavet ført til at vi no skal satse storstilt på plastfabrikkar som skal erstatte kartongproduksjonen som eit plaster på såret for dei mange skoleelevane som må betale for mjølkekartongen sin?
Dette er tett-i-pappen. Derfor lanserer eg eit nytt avgiftsforslag på embalasje/ innpakning som burde rulle (rule) betre;
- avgift per prosentvise andel med med luft delt på faktisk vare i embalasje som f.eks potetgullembalasje.



January 9th, 2006 at 3:51 pm
Tøyseavgift, det har du helt rett i, vyrde generalsekretær! Eg trur ikkje eg er einig med deg i at avgifter er helt greie styringsredskap, og at berre nokre av dei er tullete. Avgifter har det med seg at dei ofte rammar flatt og usosialt. Eg synest venstresida skal verte mykje meir restriktive med å legga avgifter på ting. Eg kan godta avgifter på luksusvarer - dyre bilar, reiser til Monacco, russisk kaviar og slikt, men ikkje på så mykje anna. Progressiv skatt og moderat moms er bra. Avgifter sug.