• 25Jul

    Denne sommaren har vore ein skikkeleg fin friluftssommar. Mine somrar er som regel det. Men denne gongen har eg gjort noko nytt. Eg har dratt på fjell, skog og døleturar med masse folk. -Og det viser seg å vere retteleg triveleg og ikkje berre ekstra bråk som skremmer fisken.

    Eg har vore elleve turar i nordmarka og austmarka, korav tre av dei har vore med medbrakte vener.

    • Sykkeltur med Stine (takk for opptrekk på klatreetappane)
    • Lær-og-kast-med-flogestang-tur med Vegard (takk for hjelp med oppblåsinga av Bellyboaten)
    • Fiske, lapskaus, Whiskey og jomfrutur med Bellyboaten med Janne og Ida (takk for god mat, men ikkje fullt så mykje takk for småfliringa då 1000 fisk hoppa rundt meg utan at eg fekk anna enn ein abbor på 7,5 tommar)

    Tur til snåsafjella

    Dro på fisketur til Snåsa omtrent på direkten frå Oslo og ned att ei helg. Far og bror var med på turen.

    Tur til Gjeløya i Moss

    Audun Herning og eg stakk for å avreagere, litt før innspurten i vår tid som kollegar i SU, til familien hans si strandhytte på ei vakker halvøy (?) i Moss. Her fiska vi etter sjøaure, men fekk stort sett torsk. Uansett. Området er vakkert og idyllisk for den som likar sjø. Sjø er jo vanleg i det trønderske vokabularet mitt, sjø!

    Eg tok også ein ny visitt på Gjeløya seinare. Denne gongen på overlappingsseminar med det gamale og det nye sentralstyret i SU og denne gongen var hyttene til Lisa Lena Smorr sin familie vertskap.

    Tur til småbruk i Ål i Hallingdal.

    Denne turen er faktisk gjort mange gonger. Seks trur eg. Det er Gjermund som står for eit fantastisk småbruk (ute av drift) der ein gjer litt grovarbeid og får fiska litt i hallingelva. I tillegg til Gjermund var Vegard med samt to nye kjennskap frå Bærum. Denne gongen blei det både mykje fiske og mykje arbeid. To tonn med flaggstang blei senka og heva igjen, ein syrinskog blei hogd ned, tunet slått og bærbuskar blei trimma. Eg drakk meg også ustø på kvitvin for første gong… noko som ikkje ligg heilt til min natur.

    Tur til snaufjell og sætrar i Alvdal/ Tynset

    Eg, Vegard og Janne sat og pimpa på Rock-in i Oslo litt over midnatt og fann ut at vi skulle stå opp tidleg, leie “rent a wreck”, hente nøklar i Hamar og reise opp til ei sæter, eller hytte om du vil på tregrensa til snaufjellet vest for Alvdal og Tynset. Dette må vere eit av dei vakraste områda eg nokon gong har vore i. Heilt fantastisk! Det var også mange flotte vatn. Største gleda med heile turen var å sjå Vegard å Janne trene på flogefiske. Vegard fekk ein halvkilosørret og Janne fekk ei kjempefin flogestang.

    Det er enno litt att av sommaren før arbeidet og kvardagen kallar, og dermed blir det rom for fleire turar i skog, mark, fjell og døler. Kor det blir er ikkje bestemt, så tips mottast med takk!

    Signert tromp @ July 25, 2006

2 kommentarar

WP_Cloudy
  • derfikkduden Says:

    Tusen takk for kyndig opplæring. Det var en genial tur!

  • thorewiig Says:

    Tips om reisemål:
    Vet ikke om den naturkyndige Tromp har vært der før, men et tips er å ta toget til Finse stasjon og gå innover den fantastiske hardangervidda, med isbre( Hardangerjøkullen)
    Noe av de flotteste naturopplevelsene jeg har opplevd.
    Finse er Bergensbanens høyeste punkt, og det kan være ganske værhardt der. Et tips er å reise tidlig på høsten, for da får en med seg alle de flotte fargene.
    Ps. Husk å ta med pipqa du fikk, og noe god tobakk.
    Grovsnus samt jagermeister i sekken er heller ikke å forakte..

Legg att ein kommentar!

Be aware!: Kommentarar kan bli halde attende for godkjenning om du har nytta ord eller uttrykk som er vanlege spam-uttrykk. Unngå meir enn ei lenke. Unngå engelske uttrykk. Du treng ikkje legge inn kommentaren på nytt om han ikkje synast med det same.