Guro Aglen frå Møre og Romsdal har skapt eit, etter mi meining, banebrytande prosjekt som presenterer ein mogleg framtidsgenre for lyrikk. Fenomenet som ho kallar drikt. Det er dikt. Men det er rike dikt, fordi teksten ikkje står aleine, det nyttar nye formar for kommunikasjon som berre er mogleg via verdsveven.
Her kombinerer den unge d(r)iktaren tekst, ljod og bilete i eit multimedialt show der du får høve til å tygge på dei siste verselinene medan du innimellom blir tatt med inn i ein videosnutt som gjennom bilete og ljod både kan forklare, men likefullt utfylle og komplettere innhaldet og bodskapen.
Med litt grep om tekst og tanke, eit mobilkamera og litt grep om publisering på nettstader, kan dette fenomenet raskt vere slik folk vil lese d(r)ikt i framtida.
Sjekk prosjektet her: http://drikt.gigcities.com/




Er heilt eineg. Dette var bra! Driktaren Guro kjem til å nå langt på den lyriske arena!! Genialt påkome Guro!! Etter å ha lese ein del av det andre Guro har skreve av noveller og dikt, trur eg vi har mykje å sjå fram til av det Guro har å formidle til oss…Eg ventar spent på neste prosjekt frå den talentfulle Guro….
Du er så altfor vennlig.
Vil påpeike at det drikt eigentleg ikkje er så altforgodt egna til vev, da filmfiler er store og tek lang tid å laste. Men kanskje CD-rom?
(og denne Indianna Jones- personen har eg sjølvsagt aldri møtt før)
Didn’t notice it before…quite clever.