Sjefen i Hydro, Eivind Reiten, går av. Det blir utbetalt tre årsløner, 17 millionar kroner i etterløn og gullpensjon. No har Reiten rett nok jobba heile 8 år for bedrifta. Kanskje alle industriarbeidarane under konsernet kan få tilsvarande pakke (3x årsløna si) den dagen dei sluttar?
På grunn av den pågåande eigarskapskrisa (finanskrisa) kjem toppleiarane, NHO og høgresida til å mane om moderasjon i årets lønsoppgjer. Eg tilrår tvert om eit aldri så lite opprør mot grådigheit og urettferd. Så langt har ikkje finanskrisa råka “folk flest” men det er grunn til å tru at høgresida og eigarklassen bur seg på eit knalltøft løp mot arbeidarane for å dekke inn eigne tap på eigarsida. Eg håpar fagrørsla står hardt på krava om likeløn og omfordeling i årets oppgjer og tar konfrontasjonen sjølv om høgresida vil bruke sine klarsynte for å spå eit økonomisk ragnarokk. Nokon må betale for gildet overklassen har hatt dei siste 10-15 åra. Eg betaler skatten min med glede, men ofrar ikkje lønsvekst for elitens ve og vel.



