Archives for December2011

Jommen sa æ smør!

Noreg og regjeringa gir 55 milliardar i lån til IMF (det internasjonale pengefondet, med føremål om å yte bistand til fattige land). Dette er midlar som skal sprøytast inn i EU for å stabilisere økonomien. Oj.

Dette får meg til å bli litt sarkastisk med capslock på facebook.

Når skal IMF be om 55 mrd i lån av Noreg som skal sprøytast inn i Afrika? Det er på tide å innsjå at kapitalsimen er inne i ei djup krise der dei rikaste landa, altså post finanskriser, må yte finansiell bistand til dei nest rikaste landa. Den første konklusjonen er grei, EU er ikkje særleg å satse på. Den andre konklusjonen er mindre kjendt men desto viktigare for om korvidt ein skal velje å stemme sosialistisk elle rikkje. Kapitalismen har feila – big time.

Ein annan interessant sak er at IMF har vorte kritisert av venstresida for å stille krav om nedskjæringar i offentleg sektor, privatisering osv til fattige land dei skulle ha støtta. IMF har blitt ei mjølkeku som skulle trygge at U-land innførte det same samfunnstystemet som har skapt skeivfordelingane i utgangspunktet – nyliberalisme, kapitalisme, marknadsstyring.

Når Noreg skal låne 55 milliardar til IMF burde jo vi kunne stille krav til IMF og EU? Eg har nokre idear:

  • auka skattenivå for den rike delen av befolkninga for å skape fordeling
  • auka aktivitet i offentleg sektor
  • nasjonalisering private helsetilbod og skolar
  • opphør i våpenproduksjon og eksport til Israel
  • krav om minst 1% til bistand til U-land
  • krav om minst 1% til kultur i eit folkehelseperspektiv

Såpass må vi kunne kreve av EU-landa når vi skal yte finansiell bistand til den nye nasjonsgruppa “fattige EU-land”.

I Noreg har vi det godt med smørkrisa vår. Men EU-medlemmer, det skal vi bli Jens? Då blir det ikkje berre smørmangel.