Archives for October2010

Ungdommens Maktutredning

I dag blei eg ein del av eit regjeringsnedsett utval som skal lage ei offentleg utreiing om makt og deltaking mellom dei unge. Utvalet vil bli leia av tidlegare barneombod Trond Viggo Torgersen. Vi skal jobbe i eitt år og til slut levere analysar og framlegg til tiltak som skal styrke deltaking og demokrati for ungdom, innverknad i samfunnet på alle plan og ikkje minst vurdere og finne tiltak som fjernar avmakt og barrierar for ungdommar.

Målet med utredningen er at spørsmål knyttet til unges makt og deltakelse i samfunnet blir utredet på en systematisk og kunnskapsbasert måte (…)

Et utredningsarbeid på ungdomsrådet bør ha et bredt perspektiv på makt og deltakelse. Utvalget skal utrede ulike gruppers muligheter og barrierer i forhold til makt og deltakelse og vurdere forslag og tiltak som kan bidra til å øke unges makt og deltakelse på ulike arenaer.

(Henta frå mandatet)

Mandatet for utvalet er veldig spennande. Vi skal ikkje berre sjå på formaliserte organ og organisasjonar, altså den klassiske forståinga av arenaer for ungdomsmedverknad som ungdomsråd, elevråd, organisjonsliv etc. Vi skal faktisk sjå på alle område som har tydnad for ungdomane sine kvardagsliv. Kven blir høyrt, kven blir ikkje, kven torer å bruke moglegheitene for innverknad og kven har ikkje ressursar eller høve til å delta i samfunnet.

Alle skal delta! Alle skal dyrke sitt engasjement og få stimuli for kjensla av å vere ein del av samfunnet. Høgresida er skeptisk til slikt arbeid fordi mange følgjer læresetninga frå Margareth Thatcher om at “there is no such thing as society”. -det finst ikkje noko slikt som eit samfunn.

Utvalet vil få høve til å studere og vurdere tiltak i forhold til moderne utfordringar. Korleis står det til med høva for deltaking post sosiale medium alla facebook, twitter, blogging, nettforum osv? Kven deltar? Kva er bra?! Vi kan sjå på forbrukarmakt og ungdomskohorten som stadig blir eksponert for kommersielle interessar. Blir ungdommen avgrensa på nokon måte flommen av forventningar til utsjånad og kultur som blir kommunisert gjennom media, reklamar osv?

Kva med dei ulike gruppene med særskildre utfordringar som det å kome frå eit anna land, vere flyktning, ha nedsett funksjonsevne, vere fattig eller rik, vere gut eller jente?

Treng vi å endre lovverk? Korleis kan vi evaluere forsøksordningane med 16 år røysterett etter kommunevalet som kjem? Bør ungdomsråd og fritidsklubbar vere lovpålagte kommunale tjenester og moglegheiter?

Finst det andre ting som kan styrke ungdommar si deltaking i samfunnet? Vi kan diskutere gode modellar for korleis ungdomsråd skal bli deltakande i budsjettering og planlegging i større grad framføre det vaksenverda ofte stemplar råda som; supperåd. Vi burde gå gjennom elevdemokratiet som er lovpålagt. Er det berre elevråd eller har ungdommar stor innverknad i pensum, organisering av skolen og sosiale tiltak på skolen?

Kva finst av rettar og tiltak for marginaliserte ungdom?

Dette blir spennande! Kanskje dette gjer at eg vil byrje å blogge litt meir igjen og DU kan delta med innspel og diskusjonar saman med meg om korleis vi styrkar ungdommane si deltaking og ungdomsdemokratiet i eit breitt spekter!