• 28Jun

    Eit spel som knapt har nådd konfirmasjonsalder og som eg spår ei stolt framtid er Namsens Auge som foregår på det som må vere landets mest mystiske, vakre og flottaste arena med tusen sitteplassar klin nedtil Namsenbredda. Her kjempar ein engelsk lord for sitt overklassefiske og storbonden mot fløytarar og vaskartauser i ein klassisk konflikt mellom kapitalisten, grunneigaren og arbeidarklassen og internasjonal uro som varslar krig.

    Dette skreiv eg i fjor. Eg kjem rett frå førpremieren, eller generalprøven om du vil, og er imponert over utviklinga i spelet. Skodespelarane vekslar replikkane kjappare og dei har ikkje minst fått songrøystene opp på eit nivå som står til stordomen i spelet. Jeanette Hoseth er den nye skodespelaren for Ardis, ei av hovudtausene i spelet. Ho gjorde ein framifrå figur. Kristoffer Sagmo Aalberg speler rollen Toralf i år som før, ein unggut som røyrer seg i spennet mellom lakselorden, storbonden, jernbanearbeidarane, fløytarane og ikkje minst i ein romantisk sfære med Ardis.

    Nynorskforfattaren og Levangsbyggen Torvald Sund har skrive manus og Roar Tromsdal er regissør.

    Spelet lever seg i endå større grad utover Seem arena, ein fantastisk utandørs arena med plass til 1000 publikumerar og ein naturscene frå berga mot elva til skogen føre kulturlandskapa. Dette bør du som er innanføre 20 mils omkrins prioritere. Du kan kome på premieren i morgon, tysdag 29. juni, eller du kan kome klokka 1900 torsdag, 1900 fredag, 1300 og 1700 laurdag. Info om spelet, bilettar og tilkomst kan du lese meir om på sida åt Namsens Auge

  • 28Jun

    Eg er sterkt uroa for villaksen. Få sportsfiskarar har protestert mot at det no blir avgrensa fiske i dei fleste vassdrag i fylket. Berre Namsenvassdraget kan vise til oppnådd gytebestand. Likevel aksepterer vi  stillteiande at vår favoritthobbyer avgrensa med avkorta fiskesesong og smale kvotar. Vi er med på alle tiltak fordi alle tiltak er nødvendige, også dei som råkar naturopplevaren.

    Utanføre elvene i namsenvassdraget passerer 60 tonn laks om lag 60.000 tonn oppdrettslaks. Når laksesmolten vandrar  ut mot havet, må dei symje gjennom det som kan samanliknast med vassbaserte knottsvermar. Eg snakkar om dei gode vekstvilkåra for lakselus i og mellom laksemerdene som påfører massedaud for laksesmolt.

    Fortetting av ein art i laksemerdene skaper og spreier sjukdommar. Lakseparasitten Gyrodactilus Salaris og laksesjukdommar som furunkulose trugar bestand etter bestand i norske lakseelver.

    Dei store rømmingane av oppdrettslaks er genetiske bombar i ein skjør, men blankpussa, økologi. Ei stor rømming om hausten som leier oppe i ei elv kan ha stor verknad på mange hundre års utvikling av kvar unike laksestamme.

    Lakselus, sjukdommar, virus, rømming og genproblematikk er direkte relatert til utfordringar i kjølvatnet av oppdrettsnæringa si fantastiske vekst i Noreg. Statsråd Lisbeth Berg-Hansen speler no ei dobbeltrolle som både oppdrettseigar og statsråd i regjeringa for feltet. På ein måte likar eg det ikkje, men på den andre sida ser eg at vi har nokon vi kan stille direkte politisk ansvarleg for tilstanden og tiltak som blir iverksett dei neste åra. Det er på Namdalskysten ho driv sine anlegg og dermed blir vassdraga oppetter Namdalen fiskeriministaren sin ?laksmustest?. Dei dagar Namsenvassdraget blir alvorleg truga av sjukdommar, rømming og ikkje oppnådd gytemål vil vi kunne kreve fiskeriministerens avgang. Så lenge alle nødvendige tiltak blir gjennomført vil vi på den andre sida, vonlegvis, kunne berømme statsråd Berg-Hansen når vi gjer opp statistikken om få år.

    Eg skal ikkje stikke under ein stol at oppdrettsnæringa tilfører småsamfunn viktige arbeidsplassar langsmed kysten og enorme mengdar skatteinntekter til landet. Vi ser også klare fordelar og større ansvarsmedvit med det lokale eierskapet i oppdrettsnæringa i Namdalen. Her går mykje av inntektene attende til lokalsamfunnet. Andre stader i Noreg og i verda er det storkapitalen som håver inn og med langt mindre vilje til å ta ordet bærekraftig i sin strategi. Men fram til no har veksten vore ukontrollert og risikoen har ikkje framtvinga nødvendige avgrensingar og tiltak. Oppdrettsnæringa sit på mykje kunnskap og endå meir kapital. Det er gledeleg å sjå aktørar i næringa legge inn ein innsats mot rømming og lakselus. Men det er langt frå nok.

    Kravet må vere null rømming og sterkare ansvarleggjering som monnar ved avvik. Eg støttar Norges Jeger- og Fiskeforbund sitt krav om at oppdrettsindustrien skal leggast under same krav til bærekraft som anna industri og at dei i det minste betaler for dei negative effektane forureininga fører med seg gjennom ei miljøavgift. Vi må kreve meir brakklegging av anlegg i vitale periodar for å stogge sjukdommar, lus og rømming. Det må sterilisere oppdrettslaks for å hindre genetisk forureining av dei skjøre laksestammane. Oppdrettsnæringa er redde for korleis den internasjonale marknaden vil reagere på sterilisert oppdrettslaks. Eg er meir redd for sterile laksevassdrag.

    Eg vil gå så langt som å seie at det no kan vere nødvendig å redusere den totale volumproduksjonen av oppdrettslaks om vi skal trygge villaksen for framtida inntil vi er heilt trygge på at det er gjort nok for å hindre uboteleg skade. I det minste må vi stoppe tildelinga av nye konsesjonar for ein periode. Fram til no kan vi ikkje seie anna enn at oppdrettsæringa står direkte ansvarleg for at villaksen er truga og at næringa representerer ein gigantindustri som fram til no ikkje har vore bærekraftig. Eg skal ikkje oversjå den gode vilja som er representert spesielt frå aktørar med lokal forankring. Men eg kan heller ikkje underslå det faktiske resultatet som er ein overhengande kollaps av fiskearten som symjer liv oppetter bygdene.

    Vel vitande om at skal vi dekke verdas matvarebehov, må vi også skatte av havet som av landjorda. Men det er ein uheldig skilnad mellom landbasert matproduksjon som har strenge krav til miljøomsyn og marin matproduksjon der det er sagt at miljøomsyn ikkje skal vere eit hinder. Vi treng modige næringsaktørar som tar ansvaret, men vi treng jamvel modige politikarar som kan stå med rak rygg og krevje handling.

  • 17Jun

    Eg held på å rydde arbeidspulten min for året ved Grong Barne- og Ungdomsskole. Der fann eg eit notat frå då klassen min i samfunnsfag skulle få sortere ut ti punkt som dei ville melde til kunnskapsminister Kristin Halvorsen i samanheng med ei reise ho gjennomførte i Nord-Trøndelag.

    Dette er punkta eg overleverte ho frå klassen

    • Flere turer/ uteundervisning
    • Lov til godteri på tentamen
    • Få mat på skola slik som i Sverige
    • Onepiece skoleuniformer (ikke alle er enige)
    • Få tilbake valgfag
    • Mer mat&helse
    • Mer praktisk skole, mer praksis
    • flere lærere og flere unge lærere
    • strengere krav til lærere

    Lar punkta stå for seg sjølv.

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...