• 31May

    Det finst snart ingen grenser for Israel. Eg har store problem med å annerkjenne landets rett til å styre seg sjølv. Eg er i grunnen såpass sjokkert, vantru og sinna at eg har store problemar med å skrive vidsynt. Eg tillet meg å spisse meiningane mine omkring angrepet på sivile farkostar med naudhjelp i internasjonal farvatn som så langt har kosta 19 fredsaktivistar livet.

    Når somaliske piratar angrip handelsskip i internasjonalt farvatn, set vi norske krigsskip inn i kampen mot terroren. Israel har angripe ein konvoi med naudhjelpsskip på veg til Gaza i internasjonalt farvatn og det internasjonale samfunnet bør svare med å nekte Israelske fartøy å operere i området for framtida og overvåke havområdet militært.

    Når (demokratiske) land i verda bryt folkerett, menneskerett, krigsrett, territorial rett, ja alle rettar verda har blitt samde om gjennom FN, er det kotyme for å stille landet, styresmakter eller eventuelt ansvarlege leiarar, for ein rett. Men når Israel nektar å annerkjenne både internasjonale domstolar, internasjonal rett og internasjonale organisasjonar, så må Israels eigen rett kunne døme sine eigne styresmakter for valden. Har dei det som trengst?

    Når USA er Israels framste våpenleverandør bør USA slutte å støtte Israel på denne måten på same måte som USA slutta å fore Osama Bin Laden med våpen når det gjekk opp for verda at han vendte seg mot amerikanarane sitt oljeengasjement i regionen, fred, demokrati og utvikling av trygge samfunn for sivilbefolkninga. Har Obama ballar?

    Eg skal besinne meg. Kva bør skje? Vanleg diplomati blir for svakt for denne terrorhandlinga. No må Israel merke at verda ikkje aksepterer framferda frå dei tre landa som per i dag utgjer den største trugselen mot verdsfreden, Iran, Nord-Korea og Israel. Det er eit lite hyggeleg selskap for Israel å vere ein del av, men dei bør behandlast likt med militær overvaking, krav om nedrustning og følge opp grunnleggande rettar sivile folk skal ha etter internasjonal rett.

    Det første vi må kreve er at Israel opphever blokkaden/ okkupasjonen av Gaza og at naudhjelp slepp inn i staden for å drepe dei som fraktar hjelpa. Israel må merke at verda no set makt bak krava. Då kjem vi ikkje utanom verkemiddelet internasjonal boikott, då spesielt full stans i kjøp, sal og donering av våpen.

    Vi får nok ein gong gratulere Israel med medlemsskapet i OECD, godt vedtak av verdas nikkedokkar som inkluderer delar av den norske regjeringa.

  • 30May

    Det er straks 1. juni, og spenninga stig langsmed dei mange lakseelvene. Men i år er det eit skår i gleden. 1 av fire elvar er så råka av mangeårig miljøforureining særleg frå oppdrettsnæringane, at det knapt blir lov å fiske. I Verdalselva er sesongen sterkt innsnevra og det er ei sesonggrense på to laks per person.

    Lakserømming er i praksis utslepp av genetiske bombar som svekkar dei unike stammane i dei unike elvane. Lakselusa lever som knottsvermar mellom laksemerdene og kveler unglaksen på veg ut frå elvene for å ete seg feite i havet. Berre utanføre Namsenvassdraget passerer 60 tonn villaks omlag 60.000 tonn oppdrettslaks. Fortettinga av laks i merdene gir gode vekstvilkår for laksevirus og parasittar.

    Næringane deltek no aktivt for å motverke miljøtrugselen både for å få meir ut av eigen produksjon og for å svare dei mange som krev at næringane tek ansvar. Eg trur ikkje det blir gjort nok. Eg trur at i botn og grunn må vi spørre om dagens produksjon er bærekraftig nok for å redde villaksen. Svaret er jo nei, og konsekvensen bør derfor bli deretter. Oppdrettslaksen må steriliserast og veksten må bremsast, kanskje må produksjonen jamvel ned, inntil det er mogleg å bevise at oppdrett er mogleg utan at villaksstammane kollapsar. Eg skal ikkje stikke under ein stol at det faktisk blir gjort mykje frå oppdrettsaktørane si side her i Nord-Trøndelag, men foreløpig er det langt frå nok etter 30 år med vill vekst i vest.

    Vi som er sportsfiskarar har stillteiande akseptert at vi må ta vår del av konsekvensane. At det ikkje blir opprør når vi ikkje får dyrke hobbyen like fritt skuldast rett og slett at einkvar sportsfiskar innser at alle tiltak er nødvendig, også dei som råkar ein sjølv. God laksesesong!

  • 20May

    Noreg burda røysta mot at Israel skal få bli medlem av OECD. Det hadde vore nok med at berre eit land røysta mot, og det burde vore vår røyst.

    Israel okkuperer Palestinske landområde og undertrykker det palestinske folket med grove metodar. Verdssamfunnet har gjennom FN vedtatt resolusjonar om at det ikkje er akseptabelt at Israel bryt folkeretten og at Israel må stogge overgrepa mot det palestinske folket. Men Israel respekterer ikkje FN-vedtak og held fram med okkupasjonen og undertrykkinga. Å ønske Israel velkomen inn i OECD blir av Israel tatt som nok ein aksept for å halde fram overgrepa.

    SV og SV sine forløparar støtta gjennom 70-talet framgangen for demokrati, utvikling og velferd i Israel. Men i løpet av 80-talet snudde den demokratiske utviklinga og Israel blei ei aggressiv krigsmakt i regionen. SV har sidan då gjort mange vedtak som viser vårt klare syn på at Israel si framferd er uakseptabel. SV har tatt til orde for forbrukarboikott av Israelske varer og vi har ønska å ta alle diplomatiske verkemiddel i bruk for å presse Israel i staden for å annerkjenne valden slik verdas rikaste land har gjort.

    I prosessen for å godkjenne israelsk medlemskap i OECD, sa Noreg og fleire andre land at om Israel skulle bli medlem, var det grensene fra 1967 som skulle gjelde. Dette gjekk diverre ikkje gjennom, og dermed burde Noreg røysta nei.

    Våre regjeringspartnarar i AP og SP er meir Israelvenlege parti som ikkje våger å utfordre Israel hardt nok. Eg er ikkje nøgd med utanriksminister Støre og statsminister Stoltenberg si pragmatiske linje. Den pragmatiske linja er i praksis å annerkjenne Israels folkerettstridige statsvald mot eit heilt folk.

    SV vil halde fram med å arbeide for at flest mogleg forstår kor grove overgrep Israel utøver ovanføre palestinarane, og vi vil presse på i alle samanhenger for at Israel skal avlyse okkupasjonen og slutte seg til dei internasjonale menneskerettane. Jo fleire som arbeider for same sak, jo større er sjansen for at vi når fram med vårt syn. Det er viktig for det palestinske folket at flest mogleg gjer sitt for å presse Israel. Den norske regjeringa har gjort litt, men ikkje gjort sitt. At Israel no er medlem av OECD er absurd. Det er Palestina som fortjener fokus og aksept for sin kamp for økonomisk vekst og utvikling, fred og demokrati.

  • 17May

    I dag feira eg 17. mai i Grong i Namdalen for første gong. Før eg gjekk ned til “sentrum” (rundkøyringa mellom kjøpesenteret og vertshuset) for å sjå på opptoget, stakk eg innom boligane til dei mindreårige asylsøkarane i kommunen. Vi slo følge ned til sentrum i finstasen og med norske flagg. Det er deira første 17. mai-feiring i eit land med langvarig fred.

    Eg snakka med to av gutane som kunne fortelje at dei hadde eitt-årsdag i Noreg. For nøyaktig eitt år sidan, på same dagen, kom dei til Oslo. Dei spekulerte veldig på kva det var for eit land og folk dei hadde kome til når alle var i finstasen og med norske flagg :) Dei kunne ikkje tru anna enn at vi var splitter pine gale :)

    I dag roper eg hurra for mangfoldet og vil skryte av Grong kommune som har eit stort flyktningemottak, satsar på busetting av flyktningar og tar inn mindreårige asylsøkarar. Grong er gedigen i areal men marginal i folketal. Eg er innbyggar nr. 2351. Ordføraren i Grong (Erik Seem, SP) sa det eigentleg så greitt når han trakk paralell til at alle verdas storbyar har blitt store fordi dei har satsa på innvandring og nyttigjering av eit multikulturelt samfunn. Kva hadde Rom vore med berre romarar? Kva hadde New York vore i dag med berre urinvånarar? Vi har Rom, New York og Grong.

    Flyktningar har eit stort potensial i seg for vekst i distrikta. I Grong er ein opptatt av å skyte rovdyr. Men vi har også eit par bygdedyr vi burda fått lisensjakt på. For ikkje alle ser lenger enn ekstratilskotet kommunen får for å ta i mot flyktningar og held dei nye internasjonale folkegruppene på ei armlengdes avstand. Eg ser økonomisk vekst, næringsvekst, kulturell vekst, folkevekst, miljøvekst og menneskevekst. Vi må omfamne den politiske linja som går i å busetje mange, sysselsetje flest mogleg og ha ein distriktspolitikk som gjer at det er enkelt og bærekraftig å vere innovative saman med tilflyttarane.

    Grong “sentrum”, Mediå” er eit slags elvedelta der Sanddøla møter Namsen og blir eitt. Mediå er der elvene møtast og det ligg i ordtaket at her møter også folk kvarandre. Ein ting er å busetje seg og ville meir enn nokon annan fullføre ei skole og skaffe seg ein jobb. Noko anna er å oppleve at ein er inkludert i lokalsamfunnet på alle nivå og at folk helsar på kvarandre. Det er 17. mai og endå snø i fjellet som set spor. Eg er klar for å jakte litt bygdedyr på vårsnø. Ein internasjonal gratulasjon på dagen!

  • 13May

    I dag slapp vinteren taket i både skalle og kropp :) Årets første aure blei landa med flogestonga.  I alt blei det tre sjøaurer kring 5-6 hekto. Ikkje dei største, men for meg er årets første den største. Kanskje knekker eg årets første brunaure også i helga i Jørstadelva i Snåsa. Det må berre bli 10 gradar varmare - fort!

  • 09May

    Dei brune stripene og flekkane et seg oppetter fjella kring Grong og varslar at snøsmeltinga går inn i ein fase med jamn tilførsel av vatn i elver og tjern før tørketida kjem i juli. Det er frå no av og framover det gjeld å vere på plass når artsvariant etter artsvariant av insekt klekkar til vårsvoltne aurer.

    Eg har forsøksvis kjempa mot trøndersk vær for å finne eit par eksemplar av ein truga sjøaurebestand og må konkludere med at sidan eg ikkje har fått nokon i år så må det stå dårlegare til med fiskearten enn nokon gong. Derfor er eg svolten på ferskvassauren. Eg veit han er der og lurar i dei mange, for meg, nye områda som opnar seg med flytting inn i sentrum av Indre Namdal og eit nyerverva førarkort.

    Eg har tatt meg ein pils på verandaen og sortert flogene. Eg har vaska flogesnøret og smurt snellene. Eg har nappa ut snørerester frå festeholet i alle flogene og eg har til og med lagt på fortaum på tre sneller. Vadarane er vaska. Alt er tima og tilrettelagt, for i år har eg nemleg noko som eg ikkje har hatt på 13 år. Eg har blitt lærar - ergo langfri i sommar, eller avspassering som det heiter. Men i mellomtida er det travelt å vere lærar og ungdomarbeidar. Eg har rett og slett abstinensar og ser fram mot ei langhelg med himmelsprett, avspassering og 17. mai. Då må det bli ein liten tur :D

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...