• 21Apr

    Som eit ledd i at eg no stort sett blir oppfatta som godt vaksen av mine daglege omgjevnader, har auga etterkvart byrja å sjå på dagens ungdom med skråblikk. Å gå inspeksjon på ungdomsskolen eller å møte elevane i giv akt i klasserommet på morgonen er ei selsom oppleving om dagen. Opptil halvparten i klasserommet kan stå der i daffedressen sin, eller på ungdomsspråket, OnePiece’n.

    Eg skulle likt å få uttalt første refleksjon frå han eller ho som går forbi skolegarden i eit friminutt og aldri har sett eller høyrt om fenomenet og som ikkje veit frå før av at dette er ein ungdomsskole. Eg kan gjette:

    • Er det eit ungdomsfengsel med kreative fangedraktar?
    • Er det eit mentalsjukehus?
    • Er det eit straffangesenter for uroleg ungdom?
    • Er det eit ledd av amerikaniseringa av norsk skole med kreative skoleuniformar?
    • Har NTTF landsmøte i Grong? (NTTF - Norsk Teletubbieforening)
    • Har Harald Eia og Bård Tufte Johansen fått ein ny renessanse som ungdomsidol med heftig framsyning av youtubeklipp frå deira kyllingdraktstunt?

    Prisen for drakta er 1-2000 kr +/- eit par hundrelappar. Det er altså ein relativt dyr mote som ikkje alle får ta del i grunna høgpris dividert med foreldre som stiller spørsmålsteikn med nytten av uniformen. Det er heller ikkje likesælt om du kjøper ein billegutgåve. Det blir som å kjøpe skateboard made in taiwan. Men mote er mote, anten det er mi tids krav om steinvaska levis eller dagens forventning om å stille som teletubbies. Kanskje er det noko positivt med denne moten. Vi har lenge vore visuelt forureina med heroinslanke damer frå Hennes&Mauritz og andre kroppsfikserte kledekjede. Dei meir radikale ungdommane, som eg nyleg har utgått frå i Sosialistisk Ungdom, har nemna hysteriet med framheving av uferdige formar eller kunstig marginaliserte hofte- og mageparti for Skjønnhetstyranniet. Teletubbimoten representerer kanskje eit brot med dette. Ein skal ikkje påstå at det er kroppsformar som framhevast og det er heller ikkje snørr og tårar på nettbutikkane over at det ikkje seljast dressar i storleik normal og større.

    Dei er også litt søte og minner oss på at fjortisane faktisk ønskjer å klamre seg til det barnlege endå ei stund. Dei er frie og ledige og symboliserer kanskje eit opprør mot den moderne oppvoksteren der ungdommane blir møtt med eit enormt forventingspress om deltaking og prestasjonar både på skole og i fritid. Dei er gjennomorganiserte og deira inntreden i verdsveven (internettsamfunna) stiller enorme krav til sosial mestring.

    Sosiologar elskar å definere kohortgenerasjonar. Hippies, desertgenerasjonen, generasjon X. Enn om denne snodige uniformeringa kunne utvikle livsideal om å knekke skjønnheitstyrrannen, gjere opprør mot vaksenverdas enorme prestasjonskrav og at ungdommane hadde krevd sin rett til å kunne vere ledige, frie og ikkje fullt så vaksne som vi til tider forventar at ein 14-åring i dag skal vere. Eg har jo sosiologi grunnfag og er dermed kvalifisert til å synse og meine om kva for nemning dagens generasjon burde få. Eg frydar meg med tanken på at dagens ungdomsgenerasjon kunne fått ettermælet som teletubbiegenerasjonen.

  • 20Apr

    Svalbard har snart ikkje meir mat igjen fordi det ikkje går fly. Hallo! Kor avhengige har vi blitt av fly der ein før kunne ro over to pakkar egg og litt mjølk? Går det ikkje båt til Svalbard lenger? Kva med matlager, kornlager, frysar? Er litt lei av sutringa. Vi fortjener denne askeskya for å minne oss sjølv på kor bortskjemte og lettvinte vi har blitt.  Vi ser jo ikkje bålet for berre aske.

  • 17Apr

    Det er på tide å vekke bloggen til live igjen :).

    Kort statusoppdatering: Eg har flytta til Grong i Namdalen i Nord-Trøndelag som innbyggar nr. 2351. Der har eg fått meg jobb som kontaktlærar for ein 9. klasse og ungdomsklubbarbeidar to kveldar i veka. Eg er sambuar i ein tomannsbolig med car-port og sentralstøvsugar. Eg har tatt lappen og køyrer Volvo 850 stasjonsvogn med piggdekk.

    Namdalen er eit eldorado for meg. Det er tusenvis av moglegheiter for meg som elskar å vandre med vadarar og flogestonga i hende. Det er fem år sidan eg byrja å blogge frå mine urtrønderske perspektiv frå storbyen Oslo. Alle som las bloggen den gongen skjønte nok at eg før eller sidan måtte ut av denne forunderlige By, som ingen forlader, før han har faaet merker av den.

    Med litt urban ballast lever eg no altså livet i dei djupe skogar av indre Namdal i Trøndelag. Eg bur nærmare Gäddede med svensksnus enn Trondheim med bart og bybuss. Eg bur nærmare Namsos og Rock’n Roll enn Royal Albert Hall. Eg bur rett ved Namsen, Sandøla og Geitfjellet og årets allergianfall skal triggast av høy og gras framføre eksos og tapas. Det går ikkje an å kjøpe sushi er, men det er lilæfs å oppdrive både i butikken og svart.

    Sjølv om alle som kjenner meg veit at eg er den trønderske urmannen, så merkar eg så vel at åra i Oslo og reisene rundtom i verda har gjort meg noko meir kontinental. Det kan til tider følast litt trongt å treffe bygdedyra i skogen og dei lokalproduserte “vinane”. Men det er jamvel sjarm og trivsel. Det skal bli fint å blogge igjen om både politikk, natur, lærarliv og bygdeliv. Følg med :)

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...