Forrige helg møtte eg på SV sitt landsstyremøte. Der feira vi raud-grøn seier, evaluerte ei svak oppslutning for SV og ga klapp på skuldrane til dei som kom inn på stortinget og dei som ikkje kom inn. Eg var blandt dei som ikkje får ei rose av kongen men klapp på skuldra for innsatsen og ein rosebukett frå Kristin Halvorsen. Ut frå landsstyremøtet fekk eg i tillegg med meg ein klaps på rompa med bodskap om å halde fram. Det har eg tenkt å gjere. For eg flyttar no heim til Nord-Trøndelag på permanent basis og kan dermed ta vare på den politiske kapitalen og kjennskapen eg har fått til fylket. Eg vil vere med på å bygge parti fram mot 2011 og 2013.
Vi gjorde ein god valkamp ut frå det apparatet vi hadde. I Nord-Trøndelag haddde vi meiningsmålingar på 10-12% ti dagar før valet, men ei halvering på valdagen. Tyngdekrafta arbeidde i mot oss og vi jobba inn ein raudgrøn siger - som AP vann mest. Kostnaden blei at fire distriktsfylke (Finnmark, Nord-Trøndelag, Møre & Romsdal og Troms) mista SV-representasjon på Stortinget.
Likevel. 6.2 %. Eit lite tal for eit parti men eit gigantisk resultat i den politiske historia. At SV etter fire år i regjering igjen er klare for å styre landet er i europeisk samanheng unikt. Men det er også unikt i norsk samanheng. Vi skal tilbake til Bondepartiet i 1931 før vi kan sjå at eit debutantparti i regjering har sitte ein heil periode. SV blei attpåtil sitjande i ny regjering.
Eg dreiv valkamp i Nord-Trøndelag. Stemninga for kandidaturet mitt og for SV var upåklageleg stor. Stemninga ja, men ikkje stemminga desverre. Alt for mange har kome bort til meg og gratulert oss med seieren og sagt dei stemte på oss og på meg. Dei stemte Arbeidarpartiet. Det er berre å gratulere Arbeidarpartiet med ein veldig god valkamp.
AP gjentar enkle bodskap som folk forstår: Arbeid til alle. Dei unngår problematiske område ved å utsetje standpunkt til etter valet eller la vere å snakke om slike tema. Dei får drahjelp frå LO som samkøyrer valkampen sin, retorikken og hovudsaker med AP. APs lokale soldatar har den same raude tråden i alle talar: fellesskap og velferdsstat. Dei har eit apparat som drar i same retning og det er å ha eit apparat som består av eit massivt korps av aktive fotsoldatar som går dør til dør og er til stades overalt. Det enkle er ofte det beste. Det gjeld å stemme trygt, kjapt og billeg. Sjølv kallar eg denne tyngdekrafta til Arbeidarpartiet som SV lider under for “Gerhardsenspøkelset”. Du vil stemme SV, men når du kjem til vallokalet kjenner du eit nærvere av Gerhardsens ande som seier at du “skal hedre din konge og ditt fedreland og stemme på Jens“. Arbeidarpartiet framstår som det styrande partiet.
Vi må kalle ein spade for ein spade. Eg har snakka med mange av dei som skulle stemme på SV i Nord-Trøndelag men som ikkje gjorde det. Dei gjorde det fordi dei ikkje var trygge på oss. Når grunnstammen blir litt rista i innspurten fell eplet ned, ikkje så langt frå stammen, men nok til at raude og grøne eplar får brune flekkar.
For når AP vinn på bekostning av SV er det oljebransjen som vinn over miljøengasjementet. Det er klassefred framfor kamp for likeløn og kamp mot sosial dumping. Det er instutisjonalisering av kapitalismen gjennom EU framfor lokaldemokrati og kamp mot new public management. Det er snikprivatisering av offentleg sektor framfor meir demokrati og distriktspolitikk.
Men vi er med i regjering og vi gjer AP til eit betre parti. Tenk på AP-regjeringane på 90-talet som solgte ut arvesølv etter arvesølv og innleia den verste strupinga av kommuneøkonomien etter 2. verdskrig som seinare blei overtatt av Jern-Erna. Arbeidarpartiet er trekt til venstre. Det sug veljarar frå SV, men gir polititske resultat. SV må knekke AP-koden for å kunne inkassere folkets gunst for våre sigrar.
Men som sagt, stemninga for SV var veldig god. I frå mars til juli opplevde eg i valkampens sentrum i Nord-Trøndelag at mange var svært skeptiske til SV. I august og september snudde dette og det var fleire og fleire som støtta opp under at SV gjer regjeringa raudare og grønare og at det er vår politikk som er svaret når blårusspolitikk framkallar økonomiske kriser som først og fremst råkar folk flest.
Det handlar om ei bedre fordeling, meir rettferd, meir demokrati og ei bedre forvaltning av jorda vår, både humanistisk, miljømessig og fredsmessig. Eg gleder meg til å fortsette der eg slapp og bruke valkampen for å styrke fylkespartiet mot nye slag. Kommune- og fylkestingsvalet 2011 vil handle om meir lokaldemokrati, distriktspolitikk og lokale velferdstilbod. Stortingsvalet i 2013 må bli eit klimaval og eit fordelingsval. SV må framstå som eit parti som er klar for å snu utviklinga og styre landet vekk frå privatisering og sentralisering og fram mot ein bedre utvikla velferdsstat og folkestyre. Vi må vinne folk for dette. Då må vi ha folk der ute.
Det var ikkje min tur til å kome på Stortinget. Det var min tur til å reise kjerringa. Mama, I’m coming home!
Les også Valg09 #2 Miljøvalget
Recent Comments