• 18Aug

    Dette er Asle. Med Høyre og FrPs skatteletter får han 33 kr i uka. Det er mindre enn han fikk i ukelønn da han var tolv. I stedet for sånt tull vil SV prioritere billigere boliger, gratis tannhelse og mye bedre kollektivtransport. Noen taper på vår politikk, men de aller fleste vinner.

  • 17Aug

    Ein av mine viktigaste kampsaker i mi tid som aktiv i ungdomspartiet til SV var at vidaregåande skal vere gratis. Noko av det første SV gjorde i regjeringa var å kreve gjennomslag for dette og vi vann. Etter ei innfasing kan vi i dag gratulere vidaregåande elevar med gratis skolebøker. Det er fortsatt kostnader og manglar på noko læremateriell. SV var med på å lovfeste retten til vidaregåande opplæring mot høgre og FrP. No følger vi opp denne retten også økonomisk.

    NB. Då SV overtok for Høgre i regjering stoppa vi friskoleloven som ville ført til ei storstilt privatisering av vidaregåande skoler. Ikkje nok med at ein skal bruke mange ti-tals tusen på læremateriell i løpet av vidaregåande så vil høgresida også ha elevbetalingar for å få gå på skolen.

    Det er SVs sak, du har eit val, det handlar om ein velferdstat. Kjemp mot høgresidas avgifts og eigendelssamfunn der lommeboka bestemmer vegen, livet og moglegheitene du har.

  • 13Aug

    Uffda Siv Jensen

  • 10Aug

    Høgres Nikolay Astrup seier til TV2 at Norsk medlemsskap i EU er viktigare enn at Høgre kjem i regjering. Det kan eg skjønne. Korfor slite og jobbe i regjering når EU-medlemsskap vil sørge for at Norge MÅ gjennomføre meir høgrepolitikk enn partiet vil klare å gjennomføre sjølv?

    For meg er det viktigare å halde Noreg utanføre EU enn at SV sit i regjering. For eg vil ikkje ha mykje meir privatisering, sentralisering og mykje mindre demokrati.

    I Nord-Trøndelag kan vi risikere å få eit fleirtal på stortingsbenken for EU om eg ikkje kjem inn på Stortinget.  Det representerer ikkje folkemeininga i Nord-Trøndelag.  Stem SV i Nord-Trøndelag for distriktspolitikk, demokrati og fortsatt velferdsstat.

  • 02Aug

    Dette kortet er enkelt å dele  ut og eg kjem lett i prat med folk som blir nysgjerrige på meg og SVs politikk.

    Vi går no inn i innspurten i valkampen. Det kjem til å bli veldig spennande heilt fram til valdagen. Det er grunn til å tru at berre nokre få stemmer kan avgjere om det blir meg eller Susanne Bratli frå Arbeidarpartiet som tar det siste direktemandatet. Bakom kan også FrP lure med sjansar til mandat nummer to.

    Skulle eg ikkje klare direktemandatet vil eg konkurere om utjamningsmandat. Det er bingo kven som får det av Høgre, Krf, Venstre og evt SV. Derfor er det viktig at så mange som mogleg no stemmer SV i Nord-Trøndelag for at fylket sikrar seg ein SV-representant.

    Inge Ryan, min forgjengar, har vist kor viktig det er at distriktsfylket er representert.

    Skal Nord-Trøndelag vekse med SV og meg på tinget, eller skal velferdstilbod og satsing på distrikta falle med høgresida og EU-tilhengarar.

    Du kan avgjere. Eg har besøkt heile fylket fleire gonger og vil arbeide for deg der du bur, jobbar eller går på skole.

    Velg miljø og rettferd. Spel trompkortet 14. september.

  • 01Aug

    Høgre ønskjer karakterar frå femte klasse i barneskolen. No vil Høgre også ha medaljar i gull, sølv og bronsje, henge opp hederslister og gje diplom til den som klarer seg best. Eg synst ikkje dette er gode forslag.
    SV vil at dei som mestrar skal få fleire og nye utfordringar med auka ressursar, fleire lærarar og meir tid saman med elevane. Vi vil at mestringsopplevinga skal trigge elevar på ulikt nivå til å lære meir.

    I denne stortingsperioden har det blitt tilsett 4000 fleire lærarar, 35 % fleire søker lærarutdanning. Vi må ha mange fleire for å dekke behova i framtida for fellesskolen. Ein ny lærar er ikkje skapt på ein dag. Men mange fleire blir lærarar i løpet av neste regjeringsperiode, og auka tilskot til kommunane fører til fleire tilsettingar av lærarar. –Om SV får fortsetje i regjering.

    SV bygger fellesskolen. Vi vil tilby dagens lærarstudentar gode jobbar der elevar får mestre og ha fokus på kunnskap. Vi vil ha lærarar med meir tid til pedagogisk verksemd framføre å vere dommarar og seremonileiarar. Vi vil ha elevar som styrkar kvarandre framføre meir konkurranse og tidleg sortering av ”vinnarar og taparar”.

    Som tidlegare lærarstudent er det klart at eg vil halde god kontakt med lærarar og studentar i Nord-Trøndelag om framtidas skole om eg får representere dykk på Stortinget for SV.

  • 01Aug

    For berre eitt år sidan var SV nokså aleine om å ha lyntog i Noreg som kampsak. No har alle parti unntatt Frp gått inn for å starte tidenes samferdselssatsing. I framtida vil vi nærmast kunne fly med tog over Dovre - Oslo - Trondheim. Og farte vidare gjennom vakre Nord-Trøndelag til Steinkjerpå under ein time. At alle no er einige om at det er ein god idé betyr ikkje at det vil skje fort nok og langt nok. Klarer bergenserane å vente til Trondheim - Oslo er ferdig, eller må det bygges samtidig?

    Tags:

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...