• 23Jul

    EFTAs overvåkingsorgan ESA vil ha vekk den rødgrønne forskriften om at firmaer som får offentlige oppdrag, skal betale tarifflønn. Det er Frp og Høyre svært fornøyd med, melder ANB.

    Høgresida meiner konkurranse er viktigare enn norsk lønsnivå.

    Kluten skal vriast der arbeidstakaranes løningar blir pressa ned i anbodskonkurransar. Kan nokon frå Høgre eller FrP forklare meg korfor dei meiner dette er bra?

    Når Høgresidas alternative statsbudsjett vil gje folk med normale løningar skattelette tilsvarande nokre kaffikoppar i månaden, er det våre løningar som skal betale dette?

    Kva for yrkessektorar er det som er under definisjonen “konkuranseutsette arbeidsplassar”? Har ikkje desse arbeidsfolka nok med utryggleiken i anbodsregimet om dei er permitterte, har arbeid i morgon?

    Dette er alvorleg og avslørande for høgresidas prosjekt. Fleire titals milliardar med skattelette først og framst til dei som ikkje er lønsmottakarar men profittørar skal betalast av nokon. Svaret er: FOLK FLEST!

    Edit: Svein Erik Hagen har gitt opp trua på FrP og Høgre og flyttar til Sveits. God tur…

  • 23Jul

    Fylkesrådet har bestemt at samferdselstilbodet til folk som bur i Ytre Namdal i Nord-Trøndelag skal gå treigare. Under dekke av eit svakt miljøargument er det signert ein kontrakt for ein hurtigbåt med fartssperre som medfører ein halv time ekstra reisetid frå øykommunen Leka til Namsos.

    Det er misforstått miljøpolitikk og dårleg distriktspolitikk. Øysamfunna og ytterkommunane i Nord-Trøndelag skal ikkje vere Nord-Trøndelags stabb for klimakutt ved å få svekka reisetilbodet såpass.

    Den nye båten vil heller ikkje kunne frakte gods og dermed mistar distriktskommunane viktige moglegheiter til å frakte varer raskt i akutte tilfelle.

    Det hadde blitt opprør om fylkesrådet forlangte ein halv time seinare trønderbane frå Trondheim til Steinkjer under dekke av eit redusert dieselforbruk på toget. Kommunane i Ytre Namdal er sterkt prega av fråflytting. Det er politikarane si oppgåve å fremme positivisme og optimisme. Den beste måten å gjere det på er å gjere reisene ut og inn raskare og betre. Det blir eit for stort paradoks for folk på Leka at det byggast firefelts motorvegar frå Trondheim til Steinkjer, medan hurtigbåten skal forbikøyrast av sjarkane uti Folla.

    Eg kommenterer dette i Namdalsavisa. og får dagen etter støtte frå Lars Peder Brekk.

  • 15Jul

    EU lager tusenvis av direktiv som medlemslanda i EU/ EØS gjer til sin heimlege lov. Direktiva er på mange måtar ei standardisering av lovar og reglar innaføre alle land i Europa i og med at dei fleste land godtek dei fleste direktiva. Eit direktiv som etterkvart blei trukke tilbake var agurkdirektivet. som skildrar korleis agurkar, bananar og anna mat skal vere forma føre dei kjem i disken i butikken. Eit anna omtalt direktiv er tjenestedirekttivet som har til hensikt presse lønningar ned, fjerne hindringar for marknadsliberalismen som rettar i arbeidslivet og vil fremme meir konkurranseutsetting av offentlege tjenester. Dette direktivet blei “vedtatt” mot SV og SP sine røyster i Stortinget.

    Vi må vise større motstand  mot dei mange direktiva som svekkar demokrati og velferdsstat. No er det mellom anna motstand mot datalagringsdirektivet som er viktig. Direktivet pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om innbyggarane sitt bruk av elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år. Kanskje ikkje ein big deal? Så framt vi lever i eit fullendt demokrati kanskje der ingen nokon gong kunne tenke seg å misbruke informasjonen eller det aldri var fare for misbruk av avlytting eller at informasjon kom på avvege. Med dette direktivet vil personvernet og demokratiet krenka.

    Vi har reservasjonsrett mot dei mange tusen direktiva EU produserer.  Noreg med Høgre, FrP, AP og til dels Venstre og KrF har representert eit fleirtal som har gjort alle direktiv så langt til norsk lov. Når skal vi for første gong seie nei?

    EUs direktivprosjekt er snikprivatisering og avdemokratisering og ein elegant måte for lyseraude eller lyseblå parti å drive ein “la det skure-politikk” for rettar i arbeidslivet, velferdsstat og distriktspolitikk.

  • 11Jul

    Frp vil sende alle asylsøkarar til afrikanske land som mottar bistand frå Noreg.
    - FrP har tippa over. Dette er kokkelimonkepolitikk!

    Bistandsmidlane skal brukast til bistand og for å hindre flyktningestraum. Titals millionar menneske er på flukt. Noreg er eit av verdas rikaste land og må kunne ta i mot flyktningar og behandle asylsøknader her. Dette viser også at FrP bare tenker på flyktningar som tallverdiar og har ingen visjonar for integrering.

    Eg blir oppgitt og småforbanna. Dette er nok eit utspel som berre har til hensikt å auke konfliktnivået i innvandrings- og integreringsdebatten. FrP vil ikkje ha innvandring, dei vil ikkje ha integrering, og dei vil heller ikkje gjere noko med stoda i verda som fører til flyktningestraumen.

    No vil FrP altså fly norske tolkar, legar, politi, UDI-tilsette og anna apparat til afrikanske land saman med asylsøkarane. Dette er kokkelimonkepolitikk.

  • 11Jul

    I dag har eg portrettintervju i Levangeravisa. Der går eg hardt ut mot eit regjeringsalternativ med Høgre og FrP med følgjande gloser.

    Vi har brukt 64 år på å bygge velferdsstaten. Det trengs bare 4 år på å rive ned fundamentene. Vi vil oppleve en storstilt privatisering og sentralisering av sykehustilbud og skoler. Kommuneøkonomien vil strupes og landbruket slik vi kjenner det i dag vil raseres. Rettene i arbeidslivet vil bli svekket og vi vil få et kaldere verdisamfunn hvor enhver er sin egen lykkes smed framfor satsing på fellesskap. Vi vil bli medlemmer i EU og vi vil være dårligere rustet til å takle fremtidens finanskriser. (faksimile Levangeravisa 11.07.09)

    Kva er du mest redd for vil endre seg med det regjeringsalternativet til den Raudgrøne regjeringa?

  • 10Jul

    I dag løp eg inn til målgang på den 3.  dagsetappen i St. Olavsloppet. I år som i fjor blei det tøft. Men eg føler at eg la inn ein heiderleg innsats ved å legge meg litt under midt på resutaltlista. Dette trass i at eg i sentrum før målgang måtte ta ein liten avstikkar for å “ta ein Per Ciljan Skjelbred”. Eg sprang for SV på blandingslaget med søsterpartiet vårt Vänsterpartiet frå Sverige.

    Landevegsloppet er eit fantastisk opplegg med mange folk involvert. Det var ekstra stas å avslutte ein dagsetappe til yrande folkeliv i heimkommunen min. Laget stilte opp med SV-flagg den siste hundre meteren, og eg fekk delt ut litt “trompkort”. På dagens etappar løp også Marte Hammer, kvinnepolitisk leiar i SV som også er frå Levanger og Ola Kristian Johansen frå Snåsa SV. Sistnevnte har lagt ut fleire bilete på  sin blogg.

    SV ønskjer å utvide skoledagen med meir fysisk aktivitet i barneskolen. Den moderne oppveksten og vår tids livsstilssjukdommar og auka bruk av transportmiddel for å kome oss hit og dit, krev større tiltak for å betre den generelle formen blandt innbyggarane. Eg lover å trene meir til neste års st.olavslopp når eg kjem på Stortinget. Skal ungane, skal eg!

  • 09Jul

    No er eg inne i teltet kor den første dagforestillinga på årets revyfestifal på Høylandet er i gang. Fleire tusen skal få trene lattermusklane i løpet av helga. Eg har nettopp opna SVs partido på festivalområdet som er utstyrt med dobok kor ein kan kome med tilbakemeldingar om viktige saker eg skal kjempe for på Stortinget medan ein gjer sitt nødande. Årets valkampmateriell er også behørleg presentert på den ubemanna standen.

    Alle partia heldt kvar sin apell føre presse og tilhøyrarar. Eg la vekt på koblinga mellom distriktspolitikk, nærringspolitikk og kulturliv.  Kva hadde Vømmøl i Verdal vore utan månadsvise førebuingar oppgjennom primærnæringa sine kulturlandskap langsmed Verdalselva? Kva hadde revyfestivalen vore utan alle dei mange frivillige og medhjelparar som i tillegg til å vere kulturbærarar er unge gründarar og framtidas næringsutviklarar i Namdalen?

    Eg varsla gjennom seansen med opninga av partido at den lange kulturkampen fram mot 14. september også skal merkast i Nord-Trøndelag. Regjeringa og SV innfrir kulturløftet om 1% av statsbudsjettet innan 2014. Alternativet på borgarleg side vil rasere kulturlivet, men også sjølve gnisten og grunnlaget for festivalar som på Høylandet; satsing på distrikta, landbruk, trivsel, samferdsel og kommuneøkonomi.

    PS! På  partidoopninga hadde eg skrive eit eige kulturpolitisk manifest på ein dorull. Eg lover å vere ein pågåande og aktiv kultur, nærings- og distriktspolitikar på Stortinget for Nord-Trøndelag.

  • 06Jul

    I valkampen vil eg hevde SV sitt gamle slagord –Del goda! Som stortingskandidat for SV set eg velferd og rettferdig fordeling føre skattelettar til dei som har mest frå før. Høgresida gjer det motsette og vil fjerne formueskatten. Det vil gjere 8 av 10 milliardærar til nullskatteytarar.

    Felleskassa tar inn omlag 12 mrd årleg i formueskatt. Dette gir oss mykje velferd og distriktspolitikk. Beløpet kan til dømes drifte godt over 20.000 sjukeheimsplassar. Vi kan bruke pengane på 150 nye togsett. Vi kan omsetje pengane til å finansiere både ein tannhelsereform og ein likelønspott.

    Vi har brukt snart 65 år på å bygge landet og velferdsstaten etter krigen. Vi kan ikkje ofre alt arbeidet for å skape eit av verdas beste land å bu i til fordel for pengemakta ved haustens stortingsval. Les meir »

« Previous Entries   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...