For ein dag og for ein folkefest. Vømmølfestivalen i Verdal er avvikla med rekordvarme, rekordoppslutning og sikkert rekordgod stemning. Hans Rotmo sine låter har spreidd sosialistisk poesi inn i hjarterota til fleire tusen sommarhungrige trøndarar.
Eg deltok i opptoget saman med SVs tredjekandidat til Stortingsvalet, Rune Hegge, der over 100 innslag og fleire titals traktorar med morosame påfunn og hengarar sette standarden for kvelden som skulle kome.
Etter opptoget deltok vi i parti-tevling i rævkrok, staurbæring og mjølkespannkasting. SV kom på andreplass, noko som er heiderleg innsats og meir til.
Før folkefesten byrja på kvelden tok vi like gjerne ein raud-grøn ballongtur. Eg, Gerd Janne Kristoffersen (AP) og Ivar Vigdenes svevde høgt på gårsdagens meiningsmåling som gav SV nesten dobla oppslutning på over 11% og som hadde klart raud-grønt fleirtal.
Utover kvelden traff eg mange kjendte og ukjendte. Prate sit laust iførrt vømmølsklede, fantastiske trønderkjoler med overdriven bruk av leppefarge, rykka dansefoten lett. Og innimellom vil folk sjølvsagt høyre kva eg meiner om ulike saker og diskutere litt politikk. Eg må jo sjølvsagt ta meg tida til det også.
Tidlegare har eg vore på folkefesten under avdukinga av Åge-statue i Namsos. No Vømmøl. Revyfestivalen på Høylandet og spelet på Stiklestad ventar. Det gjer også mange andre martnaer, kommunedagar, store og små trønderfestivalar.
For medan min forgjengar, Inge Ryan, blei kjendt for å besøke alle kommunane i Nord-Trøndelag så skal eg også gjere dette, men på min måte. Eg skal prioritere folkefestane, forhåpentlegvis alle, for det er min arena.







Recent Comments