• 30Apr

    Gratulerer med arbeidaranes internasjonale kampdag 1. mai! Eg skal tale på 1. maifrukost i Verdal og ha hovudtale i Steinkjer og Namsos. Det blir litt av eit race langs E6 den strakaste veg. Eg blir igjen i Namsos og har det litt sosialt med arbeidarrørsla før turen går mot Salsnes om været ikkje er for ille på laurdagen. SOm 1. mai helsing her på bloggen min gjengir eg ein gammal tekst av Åge Aleksandersen.

    Æ vil vær en lykkelig gjennomsnittsmann
    eller kvinne i et gjennomsnittsland.
    I en jobb som æ like,
    med et liv som itj sprike.
    Der vi føle vi e med og kan bestem.
    Hand i hand.

    Vi snakke om utvikling
    og microprossesor.
    Og ny teknologi,
    og anna fine ord.
    Men utvikling må styres,
    av oss som e ombord.
    Ja skuta den e vårres
    og vi ska stå te rors.

    Visst drømme vi om oljen
    som kjæm fra Moder Jord
    om alt som den ska gi oss
    det stig ett massivt kor
    men kranan dem må passes
    og det e’ opp te oss
    å åpne når det trengs
    og sei frå når det ska’ stopp.

  • 29Apr

    Mine gode vener og partikameratar Audun Lysbakken og Ingvar Skjerve har sluppe ut boka “Deltakerne”. Eg har ikkje fått lese meir enn første kapittel men om resten av boka følger opp, er dette ei kjempebok. Forlaget Manifest skriv følgjande om boka

    Er det i et utvidet demokrati vi finner løsningen på dagens økonomiske verdenskrise? Kan vi klare oss uten kapitalister?

    Dette er to av spørsmålene Audun Lysbakken og partifelle Ingvar Skjerve reiser i boka Deltakerne. En reise i demokratiets framtid.

    At vi går til valgurnene hvert fjerde år, er ikke demokratisk nok, mener forfatterne. Derfor reiser de ut på jakt etter alternativer – og finner en verden der arbeidere velger sin egen sjef, velgere lager politiske programmer og folk deltar direkte når kommunen bestemmer budsjett.

    Bestill boka her!

  • 24Apr

    - Litt mindre fisk og litt mindre landbruk kan vi tåle, seier Lars Sponheim og kjem ellers ikkje med særleg gode argument for EU anna enn at det vil bygge bru til Tyrkia.

    Det var jo inga bombe at Sponheim ville varsle sitt ja til nyliberalisme og svekking av demokrati og velferdsstat. Venstre har jo blitt eit nyliberalistisk parti som orienterer seg stadig meir i retning av ein økonomisk politikk som vil rasere velferdsstaten, distrikta og fellesskapet.

    Om landsmøtet endrar Venstres standpunkt frå eit nei til eit ja til EU blir spennande å sjå. Eller forresten. Venstre har jo sjeldan klare ja-standpunkt og nei-standpunkt. Det blir interessant å sjå kva for vag formulering Venstre vedtar som gir høve til å skifte standpunkt annakvart år.

    Uansett er dette betryggande for min valkamp og min kamp for å vinne mandatet i Nord-Trøndelag for eg veit at mange venstreveljarar og EU-motstandarar som har SV som sitt alternative parti.

    “Litt mindre fisk og litt mindre landbruk”, du Sponheim… Jommen sa æ smør!

  • 23Apr

    Eg sit på toget gjennom Nord-Trøndelag til Grong. Derifrå skal eg vidare til Lierne kor det er aksjonsdag for Namdalen i morgon i regi av landbruksnæringa og bondelaget. Eg skal få snakke litt til dei om kva SV og eg vil gjere og kva vi står for. Det gleder eg meg til.

    Eg har køyrt toget no frå Værnes gjennom Stjørdal over Skatval og Åsen, ned til Skogn. Når vi rulla inn på Skogn stasjon spurte mora til ein ca 3-4 åring over; kor er vi no? På bondegård, svarte ungen. Ikkje så lett kanskje å skilje fjøs frå togstasjon når det meste du ser rundt deg er nypløydde jorder, gardar, kortnebbgås og fjorden. Etter at eg blei politisk aktiv har kulturlandskapet blitt vakrare og vakrare for meg. Tenk at så store flater kan vere eit resultat av at folk faktisk står på for å sikre oss trygg og kortreist mat. Eg skal ikkje gløyme bøndene i årets 1. mai-tale.

  • 23Apr

    Akkurat no aksepterer Stortinget tjenestedirektivet mot SV og SP sine røyster som ønskjer at vi skal reservere oss. Tjenestedirektivet vil presse lønningar ned, det vil fjerne hindringar for marknadsliberalismen som vi sosialistar kallar rettar i arbeidslivet. Det vil fremme meir konkurranseutsetting av offentlege tjenester. Spørsmålet er berre kor mykje, i kor stor grad og korleis EF-domstolen vil døme Stoltenbergs lovnader om at norske arbeidstakarar skal vere beskytta. (korfor godta eit direktiv der ein forsøker å forvisse oss om at innhaldet ikkje skal gjelde?)

    Ingen kan gje klare svar på kva tjenestedirektivet eigentleg betyr. Formulara er fulle av tvilsame formuleringar som ikkje sikrar rettar, men som kan opne for liberalisering og fri flyt av arbeid og tjenester som kan true store delar av den norske velferdsstaten.

    Å godta tjenestedirektivet er som å vedta bibelen som styringsinstrument for landet. Vi kan lese kva som står der, men det er opp til den enkelte pastor eller menigheit å tolke skrifta i si retning. Ei regjering som ikkje består av SV og SP vil sjølvsagt bruke opningane i tjenestedirektivet til å selje ut offentlege tjenester til private og hente billeg arbeidskraft frå lågkostland som utkonkurrerer norsk løn og norske arbeidarar. Det betyr at den beste garantien for eit vern mot tjenestedirektivets verste tolkningar er ei regjering med eit sterkt SV. Det håpar eg alle som er organiserte vil sjå til stortingsvalet i år.

    Ei utrygg regjering for arbeidsfolk er ei mindretalsregjering med AP. For i slike saker hentar ikkje AP fleirtalet saman med SP og SV. Dei hentar det saman med EU-kameratane og dei nyliberalistiske partia i sentrum og på høgresida slik dei valte å gjere i regjering. Dei la regjeringa til sides og støtta seg på Høgre og FrP.

    Men uansett om du tolkar bibelen som jøde, protestant, katolikk, muslim, jehovas vitne eller ei særskild sekt, så ventar uansett dom etter dom av prestane i EF-domstolen. Då vil dei som hadde rett få svar og dei som tok feil må svare. Kor mange dommar i EUs eigennedsette domstol har gått i favør av vanlege arbeidsfolk og kor mange har gått i favør av kapitalinteressene? Jens og Siv; ta på eder fikenbladet og forlat Edens hage for I har syndet og spist forbuden frukt av overklassens tre! Audun Lysbakken håpar det er ein dag vi gløymer. Eg håpar DU hugsar han.

  • 22Apr

    Eg har leid ut kåken min på Tøyen, men er framleis burettslagsleiar i den fancy bygarden. Det blir ei spennande generalforsamling. I dag legg eg/ vi fram ein tiårsplan for økonomi, drift og vedlikehald. Vi skal også vise fram den nye heimesida vår som eg har lagd.

    Ingenting er så sosialdemokratisk som eit aktivt burettslag. Det kan jo nevnast at styret er ein koalisjon som liknar ein god del på regjeringskoalisjonen “dei raud-grøne”. Eg er tidlegare organisasjonssekretær i sentralstyret i SU og har mellom anna med meg tidlegare generalsekretær Gro Mette Moen frå AUF.

    Eit burettslag er eit samfunn i miniatyr. Vi har alt. Gamle og unge, godt bemidla og fattige, svarte og kvite, single og gifte, arbeidslause og yrkesaktive, studentar og politikarar. I min periode har eg lagt vekt på at alle skal ha det bra, at vi skal vere demokratiske og inkluderiande, feministiske og anti-rasistiske, dugnasorienterte  og omdømmeorienterte. Ei viktig oppgåve er å auke kontinuiteten mellom bebuarane. Få har flytta ut i perioden. Det er bra! -og eg gleder meg til å kome tilbake, ikkje som burettslagsleiar, men som stortingsrepresentant i eit område med ei befolkning som er avhengig av eit sterkt SV.

    EDIT: Å kva skjedde? Alt blei sjølvsagt vedtatt, men eg blei attvalt som burettslagsleiar… med permisjon til etter stortingsvalet. Skjegget i postkassa?

    Sjekk ut sida vår :)

  • 20Apr

    No er eg på samling for alle toppkandidata i landet for å smi jarnet før valkampen blir varm. Vi går gjennom hovudsaker for valkampen, mediestrategi, bruk av sosiale medium og får ein liten porsjon medietrening.

    Det beste innslaget hittil var besøk frå min forgjengar Inge Ryan som fortalte fotfolkhistoriar frå sin valkamp. -Vi må ikkje bli byråkratar som heng oss opp i detaljar i korleis alle skal gjere ting, sa Inge Ryan og la til at vi skal vere politikarar som fortel vegen vi ønskjer å gå.

    Det er ein veldig viktig bodskap. Det er lett å havne i fella som toppkandidat når mange fagfolk og spesielle miljø ønskjer å ta deg lengst mogleg inn i spesialistdiskusjonar. Eg har sjølv måtta tatt meg sjølv i å ikkje bli for “vanskeleg”. Inge var der folk var i deira kvardag som toppkandidat og seier at den fremste eigenskapen ein kandidat kan ha er å lytte. Der vil eg også vere. Så levere!

  • 06Apr

    Ein sjeldan fogel, så sjeldan at eg ikkje får lov til å skrive kva for fogel det er, er observert på ein hemmeleg stad i Trøndelag. Vel, kva så, seier du? Sist gong denne arten var observert i fylket  var i 1998.

    I dag reiste eg lenger enn langt, relativt sett, for å finne ein fogel på eit område på fleire kvadratmil. Kikkert, teleskop, grøne klær, matpakke og godt humør. Sjølv om slike observasjonar blir halde nokså hemmeleg, kunne eg telje omlag 15 stykk som køyrte omkring, stoppa og gjekk og leita oppi alle trea. Galskap, tenkjer eg. Lidenskap, tenkte dei. Uansett. Eg fekk sjå mange foglar som ein ikkje alltid legg merke til når fokuset er på fisken i vatnet og har vore blandt fylkets ivrigaste hobbyornitologar. Jaggu er dei smågale, men jaggu er det flotte folk også.

    Fogelskodarane er våre fremste forkjemparar for eit biologisk mangfold i praksis. Dei følgjer med på utviklinga, observerer, rapporterer, merkar, utvekslar kunnskap og slår alarm om ein bestand er i ferd med å forsvinne og ropar ut når klimaendringar får nye foglar til å trekke stadig lenger nord.

    Eg fekk no litt dilla. Eg har sett grønspetten i gang med å hakke holet i treet, grågås og kortnebbgås har inntatt luftrommet over trøndelag og tatt over for svanene som trekker endå lenger nord. Havørna ruga allereie i reiret og fjæresteinene er dekt av artar som har varsla at det går mot mai. Eg ønskjer meg ein kikkert i bursdagsgåve i år.

« Previous Entries   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...