• 31Mar

    Før lot eg meg provosere over ekstremistar i Israel som ønskjer å styrke konflikten og profetiar om antisemitisme. Når eg les om Jerusalem Post som hardnakka påstår at Kristin Halvorsen ønskjer jødar til livs blir eg berre lei meg og oppgitt. Kva ønskjer dei å oppnå med dette? Eg ser berre eit langt svar: Understøtte eit falskt bilete av røynda som opprettheld dei ekstreme kreftene sitt propagandaovertak for å legitimere ekstreme handlingar og svekke vekrnadene av dei internasjonale protestane mot Israels undertrykking og okkupasjon av det palestinske folket.

  • 29Mar

    For ein kveld. For ein dugnad. For ein mann. For ein folkefest.

    I går var eg heile dagen i Namsos. Vi gjekk paraden frå festplassen til avdukinga av 3 tonn sokkel og statue av Åge Aleksandersen. Som han sjølv sa om bronsjestatuen; no e æ heavvy mettall! Når Åge tørge ei tåre og står på scenen med heile historia av trønderartista bak seg, måtte eg fryse litt på ryggen og glise heile vegen frå Royal Albert Hall til Namsos.

    Det blei eit heidundrande nachspiel med gode band og helten Åge sjølv tilstades. Eg skal i alle fall arbeide for at Namsos held fram med å kunne skrive seg inn i historiebøkene for norsk rock og visesang. Namsos overbeviste. Kulturen lever midt i Namdalen og produserer artistar men også ein enorm mengde med arrangørar, teknikarar og folk med evne til å lage folkefestar for å dele uttrykka i den kulturelle smeltedigelen.

    Om nokon var i tvil om kor Rock City høyrer heime, så rocken kome heim, til Namsos, statuert med Åge og innvidd av fans frå rampetida og Prudence til hyggestundar i dag med sambandet.

  • 27Mar

    No reiser eg til Namsos for å bl.a vere med på morgondagens avduking av statue av helten, filosofen og den norske viserockkongen Åge Aleksandersen. Det blir stas! Dette er også dagen då eg formelt overlet roret til arvtakaren min på jobben og er forløyst frå den beste jobben ein kan ha som konsulent for landets fritidsklubbar, ungdomshus og liknandes tiltak.

    Åge Aleksandersen har vore viktig i sjuårsperioden i Oslo. Kvar einaste haust har det vore konsert på Rockefeller med Åge og sambandet. Og det har vore mange festar heime hos meg der Åge har ljoma på høgtalaranlegget frå Clas Olsson. For ikkje å snakke om den legendariske tolkninga av Frank Znort Quartet som har vore “storbandet” eg har fulgt nesten kvar einaste søndag på Cafe Con Bar, Grønlandshagen og seinare Blå.

    No skal eg drikke kaffi frå kopp og ha på ei rutatskjort, pågangsmot og mytji tjo å hei, for å farte roinnt omkring å prøv å sei det æ ska sei. At musikk det e livet, å at peng det e vi lei. (Fritt oversatt e/ Åge)

  • 25Mar

    Oppslaget og reaksjonane på SVs vedtak om privatskolar har vore mange. Slik vedtaket har blitt formidla står inntrykket i sterk kontrast til SV sin faktiske politikk og syn i denne saka.

    Det er ingen tvil om at SV er garantisten for at vi ikkje får eit frislepp av kommersielle privatskolar i Noreg. Ingen skal tjene pengar på kunnskap. Vi vann ein viktig siger når vi kom i regjering og stoppa førre regjerings frislepp av kommersielle aktørar. Forliket om privatskolar står fast som ein viktig SV siger. Vi ønskjer ikkje å reforhandle dette. Det er ingen menneskerett å drive privatskolar. Det er ein menneskerett å ha tilgang til gratis undervisning.

    Det er ingen tvil om at SV er skeptisk til religiøse skolar. Det er ein menneskerett å ha lik tilgang til skole og at skoletilbod ikkje skal avhenge av økonomi. Integrering, fellesskap og mangfold er viktigare enn lærarens spesifikke retning innanføre ein religion. Men det er viktig å presisere av SV ikkje vil gå i front for å leggje ned eksisterande kristne skolar, men vi vil ikkje akkurat gå i fakkeltog for å opprette fleire heller.

    Den alternative pedagogiske skolen som Montessori- og Steinerskolane m.fl representerer er ofte SVs inspirasjon til korleis den offentlege skolen kan bli betre. Det er først når den ordinære metodikken og pedagogikken blir utfordra, at vi er i stand til å sjå forbetringspotensialet og moglegheiter. Dessutan ser vi med glede på at det blir tatt initiativ til å etablere Montessoriskolar der kommunen har lagt ned grendeskolar. Det pedagogiske mangfoldet i den offentlege skolen må bli betre. Den alternative skolerørsla må aldri leggast inn som det same som den ordinære, offentlege skolen. Vi meiner at vi bør diskutere om desse forgreiningane bør kome under ein offentleg paraply som sikrar gratisprinsippet.

    Eg har gått på lærarskolen men har tatt ein pause på ubestemt tid. Tida vil vise om eg gjer ho ferdig. Fleire klassevenar frå lærarskola starta Montessoriskole i markabygda i Levanger etter at kommunen la grendeskola ned. Rektor Liv Iren er innmari klar over at når og om eg kjem tilbake, så tar eg gjerne vikartimar der framføre nokon annan skole i Levanger.

    Eg vil ikkje prate meg bort frå realiteten. SVs landsmøte har vedtatt ei formulering som ikkje var den smartaste. Namdalsavisa kallar det eit arbeidsuhell i gårsdagens leiar. Som SVs toppkandidat i Nord-Trøndelag til stortingsvalet i haust kan eg trygge alle om at SV er på lag med det pedagogiske mangfoldet og vil bryte med enhetsskolen for å dyrke individets føresetnader og grunnleggande interesse for å lære på best mogleg måte. Men vi må stille strenge krav og halde oppe motstanden mot privatskolar generelt. For på grensa bankar store kommersielle selskap som vil overta den offentlege skolen og profittere på kunnskap. SV står i vegen. Der vil eg at vi skal stå.

  • 25Mar

    Landsmøtet til SV er over. Det var eit veldig bra landsmøte der vi vedtok eit arbeidsprogram som er tydeleg. Tilbake til fortida, på staden kvil eller eit sterkare SV og ta steget inn i framtida. Eg foreslo ei større fråsegn om ein næringspolitikk for framtida som blei samrøystes vedtatt. Denne kan du lese her. I tillegg fekk delegasjonen min frå Nord-trøndelag inn mange vedtak som er viktige for oss i den komande valkampen. Det drar seg til, eg skal gjennom mitt livs mest intensive periode og skal møte utfordringar kvar einaste dag fram til 14. september. Utgangspunktet er godt - veldig godt.

  • 25Mar

    Tromp i svevet

    Då er eg tilbake med blogging etter å hatt det rimeleg travelt ei stund. Eg tok skiferie helga før landsmøtet i SV i Trysil. Fantastisk tur med sol og vill køyring på leide ski. Det blei diverre med denne eine turen. No er det dags for å smøre flogesnella og ta litt sjøaure i påska.

  • 19Mar

    Landsmøtet i SV byrjar om få straksar i Bergen. Eg er i delegasjonen til Nord-Trøndelag SV som listetopp i fylket føre stortingsvalet i haust.

    Landsmøtet skal diskutere og vedta SVs politikk og strategiar for den neste perioden. Eg har involvert meg sterkt i SVs næringspolitikk og fremma ei omfattande fråsegn kalla “Ein næringspolitikk for framtida”. Fråsegna kan du lese her.

    Verda står ved eit vegskille. Vi kan ikkje vente på at miljøvenleg teknologi og verdiskaping blir “lønsamt” nok for marknaden. Vi må satse på å både skape arbeidsplassar og gå i front for eit miljøbasert næringsliv. Eg fekk eit flott oppslag i Trønder Avisa i dag som du kan lese her.

    I delegasjonen frå Nord-Trøndelag bloggar Rune Hegge reisebrev som også tilrådast å følge med på.

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...