Bustaden min i Oslo skal vaskast, badet silikonerast, burettslagsleiarvervet avsluttast, gje nøklar til den nye leiebuaren min og flyttelasset skal heim. Når eg oppdaterer bloggen neste gong er eg ikkje lenger folkeregistrert i Oslo, men i Levanger.
-
26Feb
-
17Feb
Levanger Handballklubb var heldig med dagens trekning i europacupen og møter Bayern Leverkusen. Dermed kan vi håpe på semifinale for heimstadlaget mitt 
-
17Feb
Det er Hamsun-året. Det har eg tenkt å markere på torsdag.
Torsdag 19. februar markeres åpningen av Hamsun-året 2009 fra Nationaltheatret til St. Olavs plass i Oslo med utdrag, scener, dialoger og monologer fra Knut Hamsuns modernistiske gjennombruddsroman Sult. (Underskog)
Dette ser eg fram til og det blir ei passande kulturell hending som markerer dei siste dagane eg har hatt som Oslobuar, … denne forunderlige By, som ingen forlader, før han har faaet merker av den … før eg flyttar heim til Levanger.
Når det er sagt, er eg litt indignert over Trøndelag Teater og alle andre kulturinstitusjonar og miljø som erklærer sine kulturelle forpostar for Hamsun-fri sone. Greitt, Hamsun hadde feil vener like før og under krigen. Eg skal heller ikkje protestere heftig dersom nokon skulle hevde at han utvikla og adopterte landssvikande tendensar.
Vi feirar eit forfattarskap som har tilført litteratur, poesi, eit nyromantisk intermesso, unike og psykososiale skildringar og innsikt i outsiderkarakterar som støtt er på kant og framandgjort for samfunnets tronge normar. Eg gir beng i hans siste år Paa gjengrodde Stier. Eg seier som tidlegare teatersjef Anderz Døving i Nord-Trøndelag teater: Vi feirer den unge Hamsun.
Filmen Max Manus har opna eit perspektivrikt ordskifte om kva ville du gjort, kven ville du vore, which side are you on? Alle veit at Hamsun hadde sympatiar med tyskarane, men ingen spør korfor Hamsun sympatiserte. Eg kan vanskeleg tilgje dei som har stått ansvarleg for grove overgrep mot menneskeslekta eller mot nasjonal suverenitet og internasjonal rett. Men eg er klar for å tilgje dei mange millionar i Europa som fall på feil side, anten fordi dei blei tatt av propagandaen, trudde Tyskland var betre enn England, var litt smågale, eller hadde dårleg politisk orienteringssans. Alle veit at Tyskland var eit farleg regime, men ingen spør korfor regimet blei farleg.
Om kulturens frontpersonar og forpostar skal erklære scenene sine for Hamsun-fri sone og vi ikkje er i stand til å heller spørre korfor blei det som det blei, kva skjedde i Hamsuns liv som gjorde at han skreiv ein nekrolog for Hitler, så held vi fram med å skyve samfunnets outsidarar ut som Landstrykere i ein Kratskog.
-
15Feb
I går var eg på ein klassikarkveld på båten MS Innvik. Temaet var 50-talet. Festen var sikkert ein hyggeleg samtalefest mellom vakre jenter og dresskledde gutar. Det var heilt til denne gjengen dukka opp med brylkrem, kam og bad attitude. Litt artig, sånn til avveksling, å bytte ut den grøne allværsjakka med skinnjakka for ein kveld og dykke tilbake til 50-talet. 
-
13Feb
-
12Feb
-
11Feb
Morten Drægni frå Oslo SV har lese og oppsummert FrPs handlingsprogram. Ta ein titt
-
11Feb
AP vil at kommuneval og stortingsval skal arrangerast på same dag. Spørsmålet vil også bli reist gjennom usemje i SV på vårt landsmøte. Dette er eg i mot. Det vil føre til ei ytterlegare forvitring av lokaldemokratiet og fokus på lokale saker. Derimot meiner eg at fylkestingsvalet kunna blitt arrangert same dag som stortingsvalet. Det vil gi kommunevalet endå større fokus. Dessutan er fylkestingets politiske område nærare knytt til kva som skjer i Stortinget.
Edit: Den komande varaen min til stortinget, Rune Hegge, repliserer med at han er positiv til felles valdag. Dermed er det viktig for meg å halde meg frisk når lovendringa skal handsamast i Stortinget








Recent Comments