• 27Jan

    I førre veke skapte eg blest ved å satse pengar på hesteveddeløp i håp om å kunne hjelpe svenske forbønder å få med hestane sine til marsimartnan i Levanger. I helga fekk eg kose meg litt med ponny og slede på Langvassheimen i Namdalseid. Kva kostar eit medlemsskap i pennyklubben? ;)

  • 26Jan

    I helga var eg med på Namsos SV si årlege samling på ei hytte langt vekk frå sivilisasjonen i Namdalseid kommune. Der diskuterte vi politikk, køyrte hest og slede, hadde det moro, røysta på Tomas Brøndbo i den regionale finalen i Melodi Grand Prix (han kom vidare :) ) og diskuterete tida framover der eg skal vere toppkandidaten i eit fylke med mange ulike utfordringar.

    I lokalvala i Namsos har SV fleire gonger fått ei prosentvis oppslutning på både 20-talet og 30-talet. Kunnskapsnivået har eg også erfart er ekstremt stort. Ein skulle tru ein sat saman med professorar og statssekretærar, men sanninga er at Namsos SV både er- og representerer arbeidarklassen på ein god måte. Dei snakkar med folk, snakkar til folk og når dei diskuterer politikk snakkar dei for folk. -Og folk trur på Namsos SV. No gleder eg meg til neste lagsbesøk. Det er Stjørdal. Eg veit at også der skal det ikkje mangle på kompetanse. Med besøk i både Namsos og Stjørdal har eg allereie besøkt to nøkkelkommunar før valkampen. Tidlegare har eg vore innom Overhalla, Verdal og Meråker. Eg skal besøke alle og somme skal eg besøke fleire gonger.

    Om eg forvaltar erfaringane frå desse besøka rett, så trur eg dette blir halvåret eg lærer mest i heile mitt liv. Det blir også halvåret eg lærer mest om det som er viktigast i folk sine kvardagsliv. - og eg trur dette halvåret kan gje meg eit priviligert oppdrag for å fronte samfunnsendringar som svarer til folks ønske om ha det godt, triveleg og meiningsfyllt i kvar krik og krok i fylket der vi bur. No gleder eg meg maks!

  • 23Jan

    Kven har denne regelen for partiets trufaste soldatar?

    «Du vil vel ikke at noen skal skade partiet? Dersom du kjenner til at noen har gjort noe som kan være til skade for partiet, er det din plikt og melde fra»

    1. Stalins reglar for medlemskap i kommunistpartiet i Sovjet?
    2. Kim Il-Sungs direktiv for befolkninga i Nord-Korea?
    3. FrPs ti bod for FrP-medlemmer

    Svaret finn du her. Ikkje juks!

  • 20Jan

    I kveld har eg oppretta konto hos Rikstoto og spelt på hest, bl.a hesten Run With The Devil, litt symbolsk fordi eg ikkje har gitt meg hen til hesteveddeløp før no :) All gevinst under 7500 kr går til svenske forbønder om eg vinn. Dette er bakgrunnen:

    Levangers stoltaste arrangement, marsimartnan, er basert på god gammal tradisjon der svenske forbønder, fiskarar frå kysten, bønder og handelsstand i Levanger m.fl. samlast i Levanger på ein historisk og ikkje-kommersiel martna. For ein del år sidan vart dette arrangementet tatt opp igjen for å gjenskape den viktige identiteten og historia. Når det er marsimartna er det på med vømmølsklær og bestefarshatt, det er hælmbaillkonkuranse, fakkelnatt med dramatiske tablå og tusenvis av mennesker inntar gatene i det ellers sovande og næringsutflytta sentrum. Elektrisk lys blir slått av i heile byen og brannvesenet voktar branntønner og faklar.

    Ein viktig del av historia og arrangementet er dei svenske forbøndene. Dei treng 20.000 for å kunne reise inn til martnan og ta med hestane sine. Levangers kommunevåpen er nettopp hesten (!) Dette har Levanger sagt nei til og henviser til at det må da vere like greitt å bruke norske hestar…

    Som mangeårig aktiv på marsimartnan med kulturtablå og deltakar i fleire halmballstafettar skjemst eg over denne arrogante haldninga og mangelen på forståing av at desse 20.000 kronene går til forbønder som var med på å gje Levanger ei stordomstid som handelssentrum. Kva har ikkje Levanger hausta i ettertid?

    Norske Skog og Levanger historielag har tilsaman gitt kr. 12.500,- Om eg vinn på V5 i kveld, skal eg jaggu spytte i. Så no er det berre å heie på Granbo Knekten - Prins Lauvin - Vårperla - Frøyu Tuva 1. avd, Maggie Augustinu - Super Tomin 2. avd, Leo Vic i 3. avd, Lins News - Global Interplay 4. avd og Self Speed - Grand Du Ling - Run With The Devil i 5. avd. Hest er best - ingen protest!

    Edit: Eg vann ikkje. Eg burde spelt på fleire svenske hestar. Men Levangeravisa les tydelegvis bloggen min og har oppslag om denne innsatsen for marsimartnan i dag :)

  • 20Jan

    No tar Obama over presidentvervet. Bush går i historieboka saman som ein av dei farlegaste statsleiarane i moderne tid. Blir det “change” med Obama? Uansett, eg henta denne morosame teikninga frå The NCA Africa Blog Forum

    I Trønderavisa i dag seier eg følgjande om mine forventningar til Obama:

    – USA skal trekke seg ut av Irak, men jeg tror neppe det vil bli bedre i Afghanistan med Obama. Jeg tror også finanskrisen gjør han i mindre grad i stand til å gjennomføre det han ønsker. På miljøsiden håper jeg den største endring vil komme. Vi er avhengig at USA setter seg i førersetet.

    Kva betyr Obama for USA? Trur du vi vil sjå endringar på miljøsida og andre område med Obama? Eller er haukane i systemet sterkare enn presidentembetet?

  • 15Jan

    Israel hevdar at dei norske legane Mads Gilbert og Erik Fosse lyg om dei umenneskelege observasjonane frå sjukehuset i Gaza. Nye, norske legar er no på plass og rapporterer om at det er heilt vannvittig. FN får bomba skolane sine. Raude Halvmåne får bomba sjukehuset sitt. FN får bomba kontora sine. Kirkens Nødhjelps klinikk jevna med jorda. Legar som var der, legar som er der, annerkjendte organisasjonar som FN, Røde Kors, Kirkens Nødhjelp… Lyg dei alle saman?

    Eg klarer snart ikkje skrive fornuftig og balansert om dette. Dette er verre enn eg kunne forestilt meg. Eg er oppgitt og provosert over Israels framferd og arroganse ovanføre det internasjonale samfunnet. Eg nektar å la meg bli kalla ein jødehatar fordi eg synst Israel sitt leiarskap må dømmast i ettertid av som krigsforbrytarar. Israels statsminister Ehud Olmert må skrivast inn i historiebøkene saman med slemmingar som Osama Bin Laden, Saddam Hussein, Slobodan Milošević og Ayatollah Khomeini. For akkurat no er Ehud Olmert og Israel den største trugselen for verdsfreden.

    Eg har lyst til å kritisere Hamas sine rakettar, eg har lyst å bruke skriveplassen min for å fordømme vald i politisk og religiøst augemed, eg har lyst å fordømme Hamas for å gøyme seg i ambulansar. Men Israel gjer Gaza om til ein konsentrasjonsleir, skytebane, sprengningsfelt og testskytingsområde for folkerettstridige våpen? Alle land har rett til å forsvare seg, også Israel. Men ingen har rett til å likvidere sivile, bombe Røde Kors, FN og Kirkens Nødhjelp. Palestinarane har over tusen daude, mange fleire skadde, sinnsjukt mange fleire med traumar og bomba livsgrunnlag. Israel har ti daude, dei fleste skotne av eigne styrkar.

    Sorry til mine kjendte som er jødar, sorry til det proggressive miljøet blandt jødar som ønskjer fred og forsoning og sorry til dei som skulle meine at eg går for langt i utsegna mi: men eg annerkjenner ikkje lenger Israel som noko tettare land å samarbeide med enn røvarstaten Transdnjestr (utbrytarregion i Moldova).

    Edit: eg har telt til ti kanskje ti gonger, og hatt teksten over upublisert sidan i ettermiddag fordi eg ikkje vil poste så sinte innlegg fordi Bondevik har sagt at han er redd for at debatten skal auke det gjensidige hatet mellom jødar og muslimar. Korfor skal eg halde kjeft? Det er fordi alt for mange har halde kjeft at Israel føler seg komfortable med å halde på slik dei gjer. Dei veit dei kan forvente av vesten å a) få støtte, b) at vi kjem med litt kritikk, men inviterer ambassadøren på audiens hos kongen slik at støtta kan uttrykkast indirekte. Er det rart det klikkar for palestinsk ungdom i Noreg? Sånn! Då fekk eg det ut…

  • 15Jan

    I dag har den nye israelske ambassadøren i Noreg audiens hos kongen. Dette er i grunnen ein såkalla rutineaudiens då nye ambassadørar ofte møter kongen før dei tiltrer. Men det blir heilt feil å gje audiens til ein ambassadør, eit lands representant, som er den aggressive parten i ein makaber krig Noreg tar avstand frå.

    Det hadde tatt seg ut om kongen hadde innvilga audiens til Slobodan Miloševićs og Jugoslavias ambassadør vinteren 1999.

    Rutineaudiens som ikkje skal tolkast som stønad til Israels likvidering av palestinarar?? Det er vel ingen tvil om korleis Israel og Palestina veljer å tolke dette.

  • 13Jan

    Når arbeidsdagen blir lang hender det at eg set på litt musikk på kontorpulten min. Men i dag var eg ikkje aleine på kontoret og plutseleg høyrte eg frå min noko yngre kollega:

    - hva er egentlig dette gamle slaget du hører på?

    Det er ei tid for alt. I dag kom tida då eg måtte innsjå at dei gamle heltar frå late eighties, Kiss, har gått av moten og inn i musikkhistorieboka for oss 30+

« Previous Entries   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...