Det er mange som skriv god jul på bloggen sin. Endå fleire fyrer av ei god-jul-helsing på facebook eller tekstmelding. Stemninga aukar, men så kjem det alltid nokon og minner oss på at ikkje alle har det så bra til jul. Eg har tenkt å vere den typen i år.
I fjor gav John Fredriksen, ein av dei aller rikaste i Noreg, tusen kroner til ein tiggar på veg ut frå julebord. Eg har tenkt å la omfanget av offentleg klaging vere målestokken for kven som har det verst. Jo oftare denne personen/ gruppa klagar i tv, aviser, på gata og i lunsjpausen på studia/ arbeidsplassen, jo høgare kjem denne på lista mi over dei som ikkje har det så godt til jul. I
1. Siv Jensen, formann i FrP
Siv Jensen må vere den personen som har klagd mest på TV i år. Uansett kva regjeringa gjer, så leitar Siv etter ein måte å polemisere motstand. Når SV meiner sjefsbonusane må ned, seier ho at SV er smålege. Seinare kritiserer Siv sjølv toppleiarane for å karre til seg for mykje. FrPs kontor er neppe eit partikontor. Det må vere eit klagesekretariat som finkjemmer samfunnet etter moglegheiter til å føle at ein sjøl har det vondt. Siv Jensen har det ikkje så bra til jul. Medan kommunistar måtte leve i eit historiskpolitisk stigma og måtte sjå sitt verdsbilete rase saman med murens fall i 1989, så opplever Siv Jensen det same no under finanskrisa og samanbotet i USA. Plutseleg går det ikkje an å ha det vondt på grunn av 10 øre dyrare bensin. Plutseleg opplever ein at all oppbygd retorikk gjennom siste ti år fell i grus med visualiseringa av kapitalismekrisa. Siv Jensen har derfor gjort seg fortjent til å motta John Fredriksens julebord-tusenlapp.
2. Middelklassen
Middelklassen har det nest verst i samfunnet i dag målt opp i mot kven som oftast har høve til å uttale seg om kor ille det står til. Middelklassen opplevde i 2008 at bensinprisen steig opp mot trettentalet, renta nesten opp i åttetalet, nettleia på straum gjekk opp, det blei dyrare å køyre miljøfiendtlege bilar. Alt dette er jo sjølvsagt dramatisk for alle hushaldningar i Noreg og førte til at debattlister på nettet og lesarbrev i avisene flaut over av naudrop frå middelklassen. Det må ha vore vondt. Middelklassen får John Fredriksens julebord-femhundrelapp.
3. John Fredriksen, skipsreiar
Faktisk. Han som sjølv delte ut ein tusenlapp til ein tiggar i fjor, får i år almisse for å ha det tredjer verst i Noreg. Gi og du skal få, heiter det i Bibelen. Han må ha blitt bønhøyrt når eg no trekk han fram som ein av dei vi verkeleg skal synest synd på i jula. Han kom ut frå julebordet i år og uttaler at dette har vore det verste året i hans liv, krisa er den verste han har vore med på, no er det trasig. Han såg veldig bedrøva ut. Han har tapt fleire milliardar. Ein juletanke og John Fredriksens eigen hundrelapp går til han sjølv i solidaritet med overklassen som for første gong på fleire tiår opplever å ikkje ha ein lønsvekst som er større enn den generelle.
Så tenkt på dette når du no gaflar i deg julematen og opnar alle pakkene. Tenk på Siv Jensen, Middelklassen og John Fredriksen. -Det er slettens ikkje alle som har det så bra i jula i år.
Kanskje kunna du faktisk ha ofra litt av løna di, pensjonen din, retten til gratis utdanning og arbeidsrettane dine, og heller røyste på Siv Jensen og FrP. Kanskje kunna du meldt deg inn i faceboogruppa “Protest mot økte bensinpriser” og organisert deg for motmakt mot bensinpristyrranniseringa av middelklassens overbruksøkonomi. Parolen kunne vore - “alle har rett på tre bilar”. Kanskje kunna du sendt ein hundrelapp for kvar tusenlapp du handlar julegåver for til John Fredriksen som har flytta all verksemda si ut frå Noreg og inn i land som ikkje har hatt kontroll med ein marknadsanarkistisk økonomi?
God jul! 
Recent Comments