Eg har sikra meg vindaugsplass på NO39, stamcafeen min på Levanger, i forkant av julegatetenninga. Det er jo tidleg, men likevel triveleg. Det er ikkje store saker i år. Før i tida hang det grøne lenker med korte mellomrom og med tusenvis av lyspærer over heile Kirkegata. No heng det ei plastikkstjerne med lys i på lyktestolpene. Kanskje likegreitt i desse finanskrisedagar å markere at den storslåtte forbruksfesten ikkje blir så stor. Kanskje likegreitt i desse miljøkrisedagar å markere at vi treng ikkje kle opp Noreg som eit juletre i lengre periodar.
På nyheitene les eg at ein tropisk (jamvel kald) storm snart vil treffe trøndelag. Det blir full storm, ein halvmeter snø og tordenvær. Fronten av stormen er her allereie for det er snart umogleg å sjå ut i snødrevet.
Hotell og restaurantsjef Strugstad har vore bortom bordet mitt og klaga sin naud. Det er lite kundar på grunn av finanskrisa. Ei bedrift som avviklar julebordet sitt her har nettopp avlyst med grunngjeving: den pågåande finanskrisa. Det er mindre folk i restauranten enn vanleg for å kjøpe middag.
Ei krise er kommet tilbake - og den banker først på en arbeiders dør.
og siden hos bonden - hos mange
For pengene samles hos færre enn før
Mange arbeidsfolk vil merke krisa på kroppen. Mange vil knapt la seg affisere. Men det er klart at fleire enn året før vil gå inn i jula i uvisse om ein har arbeid neste år, inkludert tilsette på NO39 og Backlund hotell. Vi vil ikkje merke det i stor skala i Noreg, samanlikna med masseoppseiingane i andre land, f.eks USA, men eit samfunn med ufrivillig arbeidsløyse er eit usosialt samfunn, uansett.
G20-toppmøtet, verdas rikaste land, har blitt samde om å bremse eit nærmast kapitalistisk anarki med fleire krisepakkar, statlege reguleringar, bremsing av opsjonsfesten og innrømming av at dei rikaste tar ut for mykje profitt og leiarløningar. Høyrt på makan. Denne jula vil verkeleg vare til påske. Venstresidas politiske verkemidlar blir brukt for å redde verdsøkonomien. Men det er ein sosialisme for dei rike.
Mange arbeidsplassar vil reelt vere tvunge til å permittere. Men finanskrisa, eller eigarskapskrisa om du vil, vil også bli utnytta av ein skjelvande eigarklasse. Vi vil oppleve mange “effektiviseringsprosessar”, eller permitteringar og oppseiingar, årsaksforklart med krisa som strengt tatt ikkje er nødvendig, men for å garantere at kosten ikkje et for mykje av profitten.
Verkemidla for å motverke denne samfunnsutviklinga er å investere i folk - verdas viktigaste ressurs. Vi må ha folk i utdanning, folk i arbeid i heile landet og vi må bygge vidare på velferdsstaten. Maggie Thatcher sa “there is no such thing as society”. Marknadsstyre viser seg å spele fallit. Folkestyre viser seg å kunne bygge eit samfunn. “There is such thing as society”.
Et rødt flagg har flammet - før i vår grend kamerat
Det gjelder for alle - å velge ei side igjen
Recent Comments