• 31Oct

    Denne veka har eg hatt staseleg besök gjennom jobben min frå stats- og kommunehald i Litauen. Der er dei i startgropa for å bygge fritidsklubbar og liknande ungdomstiltak. Det er heilt fantastisk å kunne vise fram den kulturelle og sosialpedagogiske velferdsstaten til storaugde gjestar som önskjer å satse på ungdoms evne og kraft til å utvikle seg gjennom mestring på frie og opne möteplassar..

    Eg håpar ikkje valresultatet i Litauen förre helg, der det kristenkonservative partiet gjekk av med ein braksiger og vil styre saman med dei dei andre partia på högresida, stoggar ei mogleg satsing på opne og kreative möteplassar for ungdom i landet. Eg trur satsing på ungdomskultur og forebyggande arbeid uansett landshistorie er positivt for utviklinga av felleskapsverdiar, kulturliv og eit sunnt demokrati.

    Det er kanskje derfor det stort sett er högresida som er i mot å löyve pengar til opne og ungdomsstyrte ungdomshus?

    Tags: , ,

  • 24Oct

    Eg har det litt travelt om dagen så eg rekk ikkje skrive så mykje. SV har nettopp lagt fram forslag til arbeidsprogram for neste periode. Dette er eit offensivt og godt program eg verkeleg gleder meg til å snakke om i valkampen.

    Foreløpig viser eg til SVs samleside som du finn her. Godt jobba!

    Tags:

  • 21Oct

    … eller er det Siv Jensen og FrP som snur kappa etter vinden? I dag går Jensen ut og vil frata banksjefane “fete bonuser”. Velkomen etter seier eg, litt overraska over denne heilomvendinga, frå blårusspresidenten. Før blei SV kalla misunnelege og smålege for denne politikken

    Hittil har såkalla “sosialistiske” grep blitt tatt av statar verda over for å avgrensen skadene i penge- og finansmarknaden. Dette har i grunnen vore ein slags “sosialisme for dei rike” der arbeidarklassens felleskasse blir delt ut til eliten for å stabilisere økonomien.

    Når FrP no tar til orde for å avgrense løns- og bonusfesten for næringslivstoppar, eit grep som er “sosialisme for arbeidarklassen, byrjar eg småttom å tenke på at ei finanskrise i ny og ne jaggu kan gjere seg for å få oss til å tenke på at ei annleis organisering av økonomien og samfunnet er mogleg, ja nødvendig faktisk.

    Tags: ,

  • 16Oct

    Dette tenkte eg at eg IKKJE skulle skrive om, men så fann eg TV2 sitt søkesystem. Når du har søkt opp deg sjølv eller andre kan du trykke på lenka “sjekk reell inntekt”. Lenger ned får du utrekna eit døme på kor mykje din skatt er verd av velferdstiltak og bygging av infrastruktur. Oppdater sida for å få eit nytt døme. Eg har f.eks

    1 meterav ny veiforbindelse til Finnøy (Rogaland).

    0 meter ny E18 ved Tønsberg.

    1 cm av Bø¸rvikatunnelen i Oslo.

    gratis skolebøker i ett år til 21 elever i videregående skole.

    Eg betaler skatten min med glede. Betre å betale skatt enn eit virvar av alt for høge eigendelar på privatisert velferd og infrastruktur. Men eg veljer å tenke at eg har finansiert utdanning for 21 elevar framføre at eg har lagd 1 cm tunell i Oslo for eitt års skatt på arbeidet mitt :)

    Olav Thon har eit endå større resultat

    Skatten Olav betalte i 2007 kan finansiere gratis skolebøker i ett år til 16.361 elever i videregående skole.

    TV2s skattesøk finn du her.

    Tags: ,

  • Comments Off
  • 15Oct

    Mot FrP, Høgre og Krf sine røyster har Steinkjer Kommunestyre vedtatt å søke om å la 16-åringar få røysterett under kommune- og fylkestingvalet i 2011, skriv Trønder Avisa.

    Dette er ei sak eg har kjempa lenge for og oppmodar fleire kommunar til å henge seg på. FrPs Endre Skjervø argumenterer mot vedtaket med at 16-åringar generelt sett er lite politisk interesserte og dermed ikkje modne nok.

    For det første er 16-åringar modne nok. Eg har større tru på ein 16-årings politiske modne, haldning enn ein 50-årig am-carmann med røysteveg etter bensinpris. Og når det gjeld spørsmålet om dei er mindre eller meir interesserte trur eg det er ein myte at ein 16-åring på vidaregåande er mindre engasjert enn ein student på høgskolen.

    Den gruppa som er nederst på statistikken er nettopp studentane. Det er mange naturlege forklaringsårsaker til det. Ein student bur sjeldan nærme røystelokalet i bygda. Studenten bur gjerne i ein by litt vekke. Ein kan førehandsrøyste, men følgjer ikkje så mykje med på kva som rører seg i lokalpolitikken i si førstereis ut frå heimkommunen. Det er fylkes- og kommuneval kvart fjerde år. Annakvart røystekull er dermed mest sannsynleg student når ein skal røyste første gongen. Å gi 16-åringar røysterett sikrar at flest mogleg får sjansen til å røystedebutere heime. Har ein først røysta ein gong er det lett å gjere det til ein tradisjon og vice versa. 

    Dessutan er det merkeleg at ein 16-åring må skatte til kommunen ein ikkje har politisk innverknad på.

    Tags: , , ,

  • 15Oct

    Audun Lysbakken, nestleiar i SV, fremjer i dag eit viktig og godt forslag om ein tannhelsereform. 

    – Vi vil oppheve det kunstige skillet mellom tennene og resten av kroppen. Tennene er den eneste delen av kroppen der god helse avhenger av størrelsen på lommeboka. Det er urettferdig, seier Lysbakken til Dagsavisa.

    Tannlegeprisane skremmer mange eg kjenner, inkludert meg sjølv, frå jamnlege nok kontrollar og fylling av hól i tannebissane. Eit argument mot eg høyrte frå høgre fløy i dag er at ein tannhelsereform som gjer tannhelsetjenestene billegare, vil føre til at folk blir mindre nøye med personleg tannhelse. 

    Typisk utsegn frå høgresida: Når staten tryggar rettar for folk, lener folk seg tilbake og blir sløve. 

    Vel. Eg trur det vil verke motsett, i alle fall for meg sjølv som ikkje har vore til tannlegen sida eg var i forsvaret i 1999. Det er mange med meg som kviar seg og utsett tannlegebesøket fordi det kan koste like mykje som ein lekkasje på badet. Det er betre å ta små kostnader for å forebygge lekkasjen enn å ta det når det plutseleg er naudsynt. Men vi må ha råd til det.

    Dette blir ei viktig sak i valkampen!

    Tags: , ,

  • 14Oct

    (Faksimile frå Nord-Trøndelag teater).

    Tags: , ,

  • 08Oct

    Martin Kolberg og Jens Stoltenberg kan frustrere meg av og til i jakta på å knekke den såkalla FrP-koden. Siste nytt er at eit solid initiativ frå olje- og energidepartementet og finansdepartementet om å legge til 2 øre på nettleiga for å finansiere satsing på fornybar energi, blei stogga av Jens på grunn av frykt for FrP-vekst.

    Dette stod på samstundes som den store debatten om bensinprisar som fossa veljarar over til FrP. Ein var redd for ein dobbel effekt om ein også skulle auke avgiftene på straum. Ja, forsåvidt rett, men det handlar om ein debatterer på FrP sine premiss eller på eigne premiss. FrP får eige slike avgiftsdebattar når einaste svaret er internasjonale variasjonar og at ein lover å ikkje auke avgiftene så mykje.

    Korfor sa ikkje Jens & Co at bensin skal, må og vil koste mykje. At det er skatt på forureining, at det er å beskatte ein ressurs som er i ferd med å gå tom, at det er å framtvinge ny teknologi og at strengt tatt så er det berre 300 kroner å spare om prisen er 1kr billegare per liter bensin om ein skal køyre frå Nordkapp til Lindesnes?

    Då kunne ein også sagt det same om straum. Jovisst er den største variabelen marknaden. Jovisst tar staten som hovudeigar av straumnetta inn ein stor skjerv. Det går tilbake i reinvestering, forskning, ny produksjon, utbetring, effektivisering og satsing på alternativ energi.

    Korfor ikkje seie “what comes around, goes around”. Tar ein frå ein stad, gir ein til ein annan. Gir ein til ein stad, tar ein frå ein annan stad. You win some - you loose some. Som sosialistar veljer vi aktivt å skattlegge rikdom, avgiftsbelegge det som er usunnt, miljøskadeleg og som middel for forbrukarsparing. Alternativet er at skattar og avgifter flyttast over på andre område som helse og utdanning.

    Skal vi knekke FrP-koden må vi diverre innsjå at vi først må knekke venstresidas defensive feigskap. Vi kan ikkje drive å miste sjansen til å bli leiande innanføre alternativ energi i frykt for å tape debatten om bensinprisar på same måte som vi ikkje stenge flyktningebarn ute av landet i frykt for å tape innvandringsdebatten mot FrP.

    Tags: , , , ,

« Previous Entries   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...