• 29Sep

    I Donald Duck er Donald fattig fordi han blir framstilt som dum, lat og sosialt fundert. Dolly blir alltid henta av Donald på kjøkenet og blir plassert i passasjersetet fordi det er kvinna sin plass. Medan Onkel skrue er rik fordi han er gjerrig, smart, arbeidsom og egoistisk. This is propaganda!

    Kanskje var det på grunn av Donald og Dolly at eg blei sosialist og feminist? For sjølv om Andeby reproduserer patriarkatet og fremmer eit menneskesyn der einkvar er sin eigen lukkes smed, så får ein unekteleg tankar om at ei anna verd er mogleg for å gje Donald ein velferdsstat som er eit tryggingsnett som sikrar han økonomisk når han er uheldig.

    Og det er meir å hente her. Eg synst, for å vere ærleg, at det er bekymringsfullt at B-gjengen ikkje får meir oppfølging. Makan til vane- og gjengangskriminelle skal ein leite lenge etter. Samstundes finst det mykje godt i dei, dei kan forbedrast. Har vi sett dei forsøke ein dags ærleg arbeid? Eg foreslår fridom under omsorg og meir arbeidsrelatert soning.

    Eg er også bekymra for Bestemor Duck. Det foregår store forhandlingar i WTO-systemet som vil få store konsekvensar for små-skala landbruk. I tillegg står vi i fare for å få ei FrP-Høgre-regjering som vil kutte i landbruksstøtta. Korleis skal ein kunne drive nisjedrift og småbruk når ein berre har Guffen til hjelp? Vern om landbruksmodellen og småskala landbruk. Vi vil ikkje at Bestemor Duck må flytte inn til Andeby og førtidspensjonere seg i ein trang bygård?

    Ole, Dole og Doffen er utvilsomt skoleleie og potensielle drop-outs. Dei bergar rett nok på grunn av organisert og frivillig verksemd gjennom Hakkespettane som gir dei mestringskjensler nok til å ikkje byrje med dop og kriminalitet. Dette er jo gode gutar! Kva har det seg at dei ikkje klarer skolen? Den tidlegare sosialdemokratiske “Enhetsskolen” har tatt motet frå dei. Og no slit dei med den auka individuelle konkuransen elevar i mellom. Privatskolar er ikkje løysinga, for Onkel Donald vil ikkje ha råd og Skrue vil ikkje betale skatt nok til felleskassa for å bidra til samfunnet. Vi må oppretthalde eit offentleg skolesystem for Ole, Dole og Doffen, men vi har lang veg å gå på å forbetre kvaliteten i undervisninga. Kva har det seg at ingen lærarar i Andeby har tenkt på å ta utgangspunkt i gutanes genuine interesse for natur, folk, land, matematikk, språk, samfunn, historie osv når dei kan legge hakkespettboka til grunn? Korfor må dei trompast gjennom det same pensumet som alle andre elevar med liten grad av sjølvvalte tema?

    Eg vurderer å flytte til Andeby å lage ei SV-liste ved neste kommuneval!

  • 27Sep

    Om vi ser historisk på internasjonale, økonomiske krisetider er det ofte blå-brune, politiske miljø som har kome styrka ut i ettertid. Hitler kom til makta i etterdønningane av krisa mellom 1. og 2. verdskrig. Vil FrP kunne sveve på finanskrisa fram mot valet 2009?

    Eg trur faktisk at SV kan vinne på finanskrisa denne gongen. Angrepa mot finansministeren som har vore sterke dei siste åra, på offentleg styring, rentepolitikk osv. blir mindre harde når vi kan vise til at Noreg står betre rusta til å møte krisa fordi vi har ein velferdsstat og fordi vi har ei offentleg verktøykasse. Verktøykassa er redusert etter nyliberalismens organiserte inntog gjennom avtaleverk i WTO, EØS osv, men likefullt. Vi har ei verktøykasse og Kristin Halvorsen kan vise til at ho faktisk vil bruke ho.

    FrP og Høgre har eit problem. Om dei skal delta i debatten om korleis Noreg skal forhalde seg til finanskrisa må dei kome med forslag som tidlegare har vore sosialdemokratiske, eller i verste fall for Erna og Siv, sosialistiske tiltak. I tillegg er det vanskelegare å mase om at renta vil stige med Kristin når stoda har gjort det enklare for folk flest å forstå at det er den globale marknaden som speler førstefiolin når Noregs Bank skal bestemme styringsrenta. 

    Men skal vi kunne bruke situasjonen for å vinne fram for velferdsstaten og fortsatt raud-grøn regjering, må dei som kan, når dei kan, diskutere, argumentere og vise ideologisk ryggrad. Verda kan endrast. Vi ser no eit eksempel på at verda før eller seinare må finne nye måtar å organisere økonomi, ressursar og handel på. 

    Les litt kva finansministeren tenkjer her i sin tale til landsstyret i SV før helga.

    Tags: , , , , , ,

  • 27Sep

    Trønder Avisa skriv i dag at eg er aktuell som 1. kandidat for Nord-Trøndelag SV i det komande stortingsvalet. Levangeravisa følgjer opp. Dette er ein prosess eg foreløpig forheld meg nøkternt til. Det er mange gode namn i skåla og kamp om plassen. Sida eg per tid bur i Oslo har eg naturlegvis eit handicap i og avventar forslag frå nominasjonskomiteen. Det viktigaste er at dei finn ein som kan klare det. Det er opp til fylkeslaget å vurdere om det skal vere meg eller andre.

    Men eg vil skrive om den gode kjensla med dette. Eg har budd i Oslo i tjeneste for SV/SU og andre i over seks år. Likevel hugsar mange folk på meg og hentar meg ned frå loftet. I tillegg blir eg ekstatisk når Trønder Avisa skriv “bedre kjendt som Tromp” og Levangeravisa skriv “Tromp kan bli listetopp” i overskrifta. Skulle det bli aktuelt å reise heim i tjeneste for Nord-Trøndelag SV er det nettopp slik eg vil vere og slik dei hugsar meg. Uformell, folkeleg og Tromp.

    Tags: , , , ,

  • 26Sep

    Byen min, Levanger, kom for nokre år sidan på framsidene i riksmedia for det totale røykeforbodet for kommunalt tilsette. No vil Levanger Kommune også forby tilsette å snuse i arbeidstida, skriv Dagbladet og resten av riksmedia. Det er alltid gøy når heimstaden min er på riks. Men ærleg talt. Ein stad må grensa gå. (og då meiner eg ikkje grensa mellom Sverige og Noreg kor Generalen kjem frå) Utviklinga må snus!

    Tags: ,

  • 24Sep

    Heimfallsretten er vedtatt i Stortinget. Dette er ein av dei viktigaste sigrane for SV i regjeringa. Vatnet skal støtt vere folkets eigedom. Heimfallsretten er like viktig for Noreg i framtida som det var viktig for Noreg å sikre at oljen i Nordsjøen ikkje fall på amerikanske, private hender når vi fann han.

    To av barometrane FrP brukar for å sanke røyster er straumprisar og bensinprisar.  FrP argumenterer med at vasskraft drive med offentleg eigarskap er dyrare enn vasskraft frå private selskap. Staten er ein blodsugar osv. Vel.

    To ting er viktige her. Avkastninga frå offentleg eigarskap investerast tilbake til arbeidsplassen og til samfunnet. Avkastninga frå private selskap tast ut som profitt (men ein del investerast tilbake i selskapet).

    Det andre som er viktig. Vil vi at straum skal vere billegast mogleg når prisfaktoren kan vere avgjerande for det totale forbruket av straum? Vi har ei energikrise og ei oppbyggande miljøkrise. Eg vil ikkje det. Eg vil vere offensiv, ærleg og seie at straum skal koste! Men det skal koste mindre å bruke lite, meir å bruke mykje. Vi må jamne ut nettleiga på landsbasis. Det er tull at naboen til eit kraftverk i Nord-Trøndelag skal betale meir i nettleige enn ein som bur i bysentrum. Men, innanføre grenser, koste skal det!

    Det same gjeld drivstoff. Det skal vere dyrt. Men vi må snu prispåslaget på landsbasis. Vi må etablere og auke fraktutjamningstilskotet til distrikta og kompensere med auka kostnader for bilkøyring i storbyane.

    Men for å balansere litt så meiner eg at ein av distriktshøvdingane i offentleg energi, NTE, tar seg vatn(kraft) over hovudet ved å auke prisane 30% for å sylte pengar til veg. Det er å konkurrere seg ut frå marknaden.

    Tags: , , , ,

  • 19Sep

    Den globale finanskrisa vil merkast også i Noreg. Men det blei plutseleg stille frå alle dei som legg skulda for renteoppgang og høge bensinprisar på Kristin Halvorsen, finansministeren. Eg hadde venta at Siv Jensen skulle gi Halvorsen skulda for den internasjonale finanskrisa også eg, men hittil har eg ikkje høyrt noko. Stille ifjøset?

    Vi skal ta den ustabile situasjonen på alvor. Uføret børsane står i vil ikkje stabilisere seg med det første. Stoda pressar SVs finansminister til å vere endå meir varsom når ho snart skal legge fram statsbudsjettet, det siste før valkampen tek til for fullt. Det er ikkje ein drøymesituasjon å måtte forsvare eit budsjett som er stramt på grunn av den internasjonale marknaden -for ein sosialist :)

    Men det er i slike stunder vi kan argumentere for korfor Kristin Halvorsen bør halde fram som finansminister i ei regjering også etter valet 2009. Fordi vi har ein velferdsstat har vi verktøy for å ta vare på folka som bur i denne verda. Fordi vi har utbreidd offentleg eigarskap har vi ei sentral verktøykasse som kan styre økonomien i større grad enn når dei økonomiske interessene er ukontrollerbare fordi dei er gitt bort til utanlandske, private interesser. Fordi vi står utanføre EU (jamvel innbakt i det økonomiske samarbeidet gjennom EØS) så har vi fleire verktøy til å målstyre økonomien vår på ein tilpassa måte for vårt land.

    Vi er innfløkt innbunde i den globaliserte økonomien, men har samstundes betre kontroll når globale kriser oppstår enn gjennomliberaliserte statar. George Bush innser no at staten må gripe inn i marknaden for å halde oppe økonomien. Eg kan ikkje noko for det, men eg gnir meg litt i hendene (med unntak av då eg sjølv opna brevet frå banken min nyleg som heva renta på huslånet igjen :) )

    Sjekk Kristin Halvorsens åtak på FrP i denne saka!

    Tags: , , , ,

  • 17Sep
    OPP I STORTINGET: Venstres Lars Sponheim påpeker at det er finansministeren som har ansvaret for skatteetatens arbeid.Foto: Scanpix

    Det er veldig kritikkverdig av Skatteetaten å la millionar personnummer

    kome på avvege. Det det er også under pari av Lars Sponheim å gauke seg til ved å koke suppe på spiker slik han no gjer ved å snakke om mistillitt til finansministern. Eg gleder meg til narrespelet ein dag handlar om å diskutere verkeleg politikk i partiet Venstre.

    - Vurderer mistillit

    Venstreleder Lars Sponheim sier til NRK at han vil vurdere å stille mistillit til finansministeren.

    Tags:

  • 17Sep

    Erik Solheim er vår tids Gandhi, eller Armstrong om du vil.

    Erik Solheim kler rollen som miljø- og utviklingsminister. Han er dønn oppriktig i sitt engasjement for fred, forsoning, utvikling og bærekraft i verdssamfunnet. Han er mest kjendt for innvolveringa si i konflikten på Sri Lanka. No står han i bresjen i den raud-grøne regjeringa for eit prosjekt som luktar adjektiv som “verdshistorisk”, “gigantisk”, “fenomenalt”, “solidarisk”.

    Fram til 2015 skal Noreg overføre $1 mrd til regnskogsfondet i Brasil.

    That’s one small step for man, one giant leap for mankind

    Tags: , ,

« Previous Entries   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...