• 27Aug

    Bloggen er gjenoppliva

    ryktet om min død er betydelig overdrevet.

    For gamle lesarar, og nye, tar eg ei rask oppdatering av kva, kven og kor eg er akkurat no :)

    Har kjøpt meg kåk på Tøyen. Det er stas! Eg arbeider i Ungdom & Fritid og har ein fabelaktig jobb. Sidan eg gjekk av på landsmøtet i Sosialistisk Ungdom juni 2006 har eg ligge lågt i det politiske terrenget ein periode. Mitt sosiale liv har derimot fått utvikla seg fritt. To år med sosial rekreasjon og politisk restitusjon. No har eg nettopp blitt supplert inn i Internasjonalt utval i SV og satsar på å få litt fleire jarn i elden etterkvart.

    Eg har blitt 30 år etter ei fantastisk feiring. Onde tunger vil ha det til at eg ikkje akkurat er ein ungsau lenger.

    Eg er usikker på kva og korleis blogg eg skal ha no. Det starta som moroblogg, blei meir politisk kommentarblogg, før det tok ei personleg vending og omhandla meir fisketurar og kvardagsting. Det er ikkje så mange som les bloggen min no som eg nettopp har starta han opp, men du som tittar innom kan no kanskje skrive ein kommentar om kva du vil at eg skal fokusere mest på så kanskje eg høyrer på akkurat deg :)

    Vi får sjå…

  • 24Aug

    Følg meg. Eg er attende :)

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...