Noregs lover blei skrive i ei tid der vi knapt kunne snakke om at vi hadde ei ungdomstid. Ein var ein gutunge til ein fekk dun over leppa, og blei då mann. Ein var jentunge til ein fekk menstruasjon og blei kvinne. Det å bli mann, det å bli kvinne, handla i stor grad om å bidra i den lokale produksjonen anten det var dei første fabrikkane eller det var jordbruk, fiske og handel.
Ungdommens revolusjon kom etter andre verdskrig. Vokabular og ordbøker vart fyllt opp av omgrep som ungdomstid, ungdomskultur, ungdomslitteratur, ungdomsmusikk, ungdomslitteratur, men jamvel meir negative fenomen som ungdomsvald, ungdomskriminalitet etc. etc. Grunnen til denne generasjonsrevolusjonen var meir fritid, kortare arbeidsdagar, betre familieøkonomi osv som fristilte ein kohort til å vere sosiale på nye måtar.
Om vi legg til kommunikasjonsteknologi som telefon og seinare sms klarte denne mellomfasegenerasjonen mellom barn og vaksen og sosialisere seg i grupper og utvikla subkulturar, somme utvikla seg til mainstream, og vi kjenner utviklinga frå 1950 til i dag. Samfunnet har tatt denne generasjonen, stort sett til etteretning, både det offentlege og det kommersielle, for å plassere tjenester eller produkt til denne generasjonen. Det er nesten eit paradoks at også aldersnivået der vi uttrykker ungdomskultur og kan definere oss innanføre dette strekker seg til stadig yngre aldrar, stadig eldre aldrar. I dag kan ein kalle seg ungdom som tiåring, og slute med det i 45-åra. Den mest truga generasjonen er faktisk vaksne som med førtidspensjon blir seniorar i ein alder av 60.
Lovverket baserer seg stadig på inndelinga barn, vaksen, pensjonist. Dei fleste lovfesta rettar dreier seg om dette. Eg har søkt i den elektroniske utgåva av lovene etter aldersbestemte lovar der “13 år, 14 år… 16 år…. 18 år.. osv dukkar opp. Eg har også supplert søket med omgrep som tenåring, ungdom og unge.
Resultatet er nedslåande. Vi pliktar å betale lisens om vi bur i eigen bupæl, vi har verneplikt. Vi kan bryte nokre barrierar som ha sex, kjøpe tobakk og sprit etterkvart. På rettigheitssida har vi litt om arv, vidaregåande opplæring og litt på helse. Vi må betale skatt.
Vi treng ei ungdomslov som tryggar ungdommars rett til demokrati. På same måte som det er lovfesta eldreråd i alle kommunar vil eg ha lovfesta ungdomsråd. På same måte som det er lovfesta kulturskolar, vil eg ha lovfesta den meir kvalifiseringsfrie arenaen fritidsklubb. På same måte som barnevernstjenesta er lovpålagt vil eg ha lovfesta utekontaktar, i alle fall i byar og tettstader med ein viss storleik. Men eg vil ikkje berre ha lovfesta minimumsmål. Eg vil ha forskriftar som sikrar kvalitet. Vi må få rettar for ungdom som sikrar heilskaplege tilbod som forebygger og som ikkje krev førehandskvalifisering. Det finst ei slik lov i Finland og Danmark. Den stadig nedlegginga av forebyggande tilbod i Noreg viser at dette er naudsynt også i Noreg. Ei ungdomslov som tryggar ungdommar sine rettar og tilbod i kultur- og samfunnsliv er ikkje ei lov som kostar samfunnet pengar. Tvert om, kvar krone betalt til positive ungdomsprosjekt er mange kroner spart i eit forebyggingsperspektiv, men jamvel tre kroner tjent i framtidig kreativ og innovativ tenking. Å fritt kunne utvikle og dyrke personlege eigenskaper og interessar, tilfører gründarar og samfunnsprodusentar i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.
Vi har lovfesta retten til å ha ei kulturskole, men denne krev anten eit visst tonegehør eller rytmisk sans, samt litt ekstra i lommeboka. Vi har lovfesta retten til eldreråd, men denne retten føreset at ungdomstida er over og ein har levd ein periode som vaksen.



Recent Comments