Eg er på ferie i Spania
Hasta Luego!
-
20Oct
-
20Oct
Den nye ordføraren i Oslo, Fabian Stang, markerer seg som den svampen av ein overklasse han representerer frå dag ein som ordførar. I dagens nettutgåve av Dagbladet ber han folk på austkanten lære av vestkanten ved å trimme meir og gå turar i marka. Slik bortforklarer han dei økonomiske skilnadene og dei konsekvensane dette har for levekåra som gjer at folk på austkanten i snitt lever 12 år kortare.
Men han skal likevel ha eit poeng. Folk på vestkanten og i kjernefamiliar med dobbelinntekt, bil, barnehageplass, romslege tomter i trygge nabolag, har ein tendens til å oppsøke marka og mosjonere fastare, ete middagar med kokte potetar i staden for pommes frites, burgar og kebab, samt oppsøke helsepersonell og behandling ved sjukdom -Og folk på austkanten kan godt lære av dette. Men det blir for dumt å underslå faktumet at folk på austkanten lever kortare fordi dei økonomiske rammene avgrensar potensialet for gode levekår. Sjølv drar eg ofte ut i marka med fiskestang og deler gjerne Stangs appell om at fleire må ta seg ein tur, men ikkje som eit dekke for å skjule arbeidsløyse, fattigdom, høgblokkliv og jakt på mat, jobb og pengar.
Bilete frå siste helgs fisketur i marka
-
10Oct
Nord-Noreg er fantastisk og no snør det skikkeleg her oppe. Var i Lofoten med snødekte fjell, har tatt taxi istaden for fly frå Tromsø til Harstad, haika frå Harstad til Lofoten, tatt hurtigbåt frå Sandnessjøen til Bodø, flydd med Dash8 i sterk kuling med meir. No er det blårockburgar i Tromsø før eg snart skal heim. Har teikna opp reiseruta mi.

-
06Oct
(henta frå ein lengre kommentar hos Ragni) Eg har flyskrekk, men har etterkvart med litt hit og dit vent meg på tanken at det er betre å styrte med Widerøe i Nord-noreg enn å spjærast på ei trikkeskinne i klem mellom trikken og den alt for råkøyrande taxien i Oslo med asfalt merke over heile kroppen. Om eg styrtar i Nord-Noreg blir eg spreidd utover eit naturlandskap eg godt kunne testamentert urna mi til.
Eg er ute og reiser i ulendt terreng. Eg har tatt mange fergar, men ei ferge ut til ei øy heilt uti havgapet der den største hjørnesteinsbedrifta er Rådhuset. På kvelden var ferga tom, om morgonen heilt full fordi folk skulle på skule og arbeid.
Ingen har høyrt om Viasat4 her slik at eg kunne sjå Champions League, trudde eg. Etter å farta frå Mosjøen, via Nesna, til Leirfjord og endeleg i Sandnessjøen fann eg ein pub, eit loft, med storskjerm og trønderar. Dei serverte Dahls frå tappekrana der
Eg har vendt meg til kaffi i glas, men her ser dei rart på meg når eg seier eg skal ha ein mocca, men det følast betre, litt som før. Eg har endå ikkje fått kaffi i glas etter å vore på reis ei veke no.
Eg har tatt det store høgdepunktet for folk med utsikt, hurtigbåten, nordover utgjennom fjorden, ut i havet og inn til den urbane hovudstaden i fylket med flest kommunar. Det var blikkstille heile vegen, til og med i Bodø, og då må jaggu heile verda stå stille. Dei har ein kommune her som heiter Røst som er mellom helgelandskysten, havet og lofoten som nesten ikkje visast på kartet fordi eine foten på R-en på kartet dekker over øya.
No har eg frihelg i Bodø hos ho Anne Marie. Vi har vore på markatur ved Maskinisten og forsøkt å lage bål i regnblaut mark. Snart skal eg inn i Lofoten, på stader eg aldri har vore på før, dei skal vise meg rundt og la meg lukte denne framande lukta av saltsprøyt, sløyd torsk og havbris. Dei har ikkje TV2 og NRK2, kanskje ikkje NRK ein gong. Kanskje den mest populære radioen der er sambandet fiskarane brukar? Eg gler meg til å lytte på ein slik radio, sjølv om fjernkontrollen min ikkje verkar på desse greiene.
Så skal eg også til Harstad, der ho Ragni og han Martin kjem i frå, bu på eit hotell i sentrum og drikke kaffi mellom kvite trebygningar. For i Harstad kan ein ha kvite trebygningar fordi eksos og svevestøv ikkje er det same som den lufta eg har blitt van med å puste inn i Oslo som fargar alt grått. Det blir rart.
Men eg skal lenger nord, til trea ikkje veks i låglandet ein gong fordi alt er endå mykje hardare med sjøsprøyt, sny og vind. Sola blir snart borte her oppe og tvingar folk til å gjere andre ting enn å gå på jakt i solskinn midt på den i Oslo så svarte natta. Nord-Noreg har ein lysbrytar. Den slår seg av om hausten og på om våren, når han slår seg på får ungane fri frå skulen, og folk kryp ut som ein smygande skrott, for sola e komen tilbake. Når brytaren slår seg av blir scooteren olja og folk byrjar å bære opp veden til bålplassene der kaffen skal varmast og blandast til nordlyskveldar der ung og gamal syng, eller joikar, og held seg varme i doble scooterdressar og snakkar om fisken i fjor og musikken som kjem.
Det går an å bu i Oslo, men ein gong skal eg bu her oppe i nord. Det er sikkert. Og skulle eg bli for tilvendt kaffi i glas, så kan eg kanskje bli kjendt her nord for han som importerte urbane kaffikulturar til polarsirkelen og omegn.
Om litt så er turen min over her oppe, Sandnessjøen, Mosjøen, Mo i Rana, Leirfjord, Nesna, Dønna, Herøy, Bodø, Svolvær, Sortland, Harstad, Narvik og Tromsø er lagt bak meg og eg kan lage poesi igjen om dei samanspleisa ungdomsgjengane på austkanten, om den grøne markaperla i enden av t-banetunellane og dei fleire hundre tusenar som leikar i parkane om våren, reiser ut til øyer om sommaren og går i kø på ski frå frognersetra om vinteren eller akar på stompen i korketrekkaren ned mot byen igjen. Men eg skal tilbake! Eg skal klatre opp på Dønnamannen som skodar som ein grakaill ut i mot dei sju systre.
-
05Oct
Det er stor skilnad på å vanke omkring i Oslo og vere her i Bodø. Eg er på jobbreise rundtom i Nord-Noreg og opplever mykje triveleg kvar dag. Dagens historie er to eldre damer som nærmast stjal meg i Bodø sentrum.
Eg var ikkje heilt sikker på kor eg skulle ta buss nr. 22 frå og spurte to godt, gamle damer (80-90) om vegen. Dei snakka litt med meg før dei tok meg i kvar si arm (!) og geleida meg heile vegen gjennom glastorget, til busstorget og nesten heilt inn i bussen. Undervegs var det mange spørsmål om kven eg var, kva eg gjorde, kva eg synst om Bodø og at eg gjerne måtte bli her over helga.
Eg bukka pent og takka for hjelpa, med forsterka tru på at nordlendingar kanskje er verdas mest gjestfrie folkeslag.



Recent Comments