..ja, då er vi ikkje tunge å be
-
28Aug
-
28Aug

Dugnad er det finaste ordet i norsk vokabular!
-
28Aug
Denne tre-kilos ørreten (sjå bilde) blei fortært i Nordmarka på staseleg vis. Eg la ut visafloga i frysedisken og fekk augenblinkleg napp. Etter eit lite køyr mot disken håva eg han inn ved hjelp av ein Kiwipose.

-
28AugYou are my Solskjaer!
My Only Solskjaer!
You make us happy when skies are gray.
‘Cause when it’s pouring,
You just keep scoring,
Please don’t take our SOLSKJAER away!Ole!! -
24Aug
Klassekampen har presentert ei tolkning av kva som meinast med “Diffen” som berre er genial og må siterast her
Diffen: “Differansen mellom oppgitt og reell inntekt og formue.”
-
23Aug
Legen under konsultasjon i dag: -Du må huske på at du er ikke akkurat så ung lenger.
Der fekk eg den.
-
19Aug
Oppskrift laks - ørret bålbakt.
Eg har ein favorittrett som eg har utvikla og lagd fleire gonger no, og oppskrifta er fyldigare enn nokon gong. Eg legg ut oppskrifta her slik at andre kan lage laks/ aure på den mest fantastiske måten.
Indegriensar (3-4 pers)
Fisken
- 2 kg kg heil aure/ laks
- Aliminumsfolie
- Litt mindre enn ein halv pakke smør
- Ein liten pose Charlottenlauk (eller fire store lauk)
- Salt
- Sitronpeppar
- Store potetar
- For betre og meir spennande smak-ta med
- 1 paprika/ evt reddik i tynne skiver
- Laubærblad
- Rømme
- Sjølvplukka kantarell og tyttebær
Salaten
- 3 dl Rømme
- 3 dl Creme Fraiche
- 2 posar gresk salatkrydder
- 1 1/2 agurk (siste halve knaskast før middagen)
- 6-7 tomatar
- Svart oliven i skivar/ bitar etter smaksønskje
- 1 pakke fetaost.
- Frisk salat
Tenn opp eit godt bål der du tenkjer at du skal ha ei fin og breid kullflate i botn å legge fisken på etterkvart. Du kan improvisere ovnen med stein og anna for å tilretteleggje best mogleg. La bålet brenne av seg mest mogleg medan du lager til maten.
Sett potetane til koking men kok dei berre halvveges.Ta ut innmaten i fisken men behald hovudet. Skjær djupe kutt i ryggen ned til ryggsøylen (ikkje kutt ryggsøylen) med to cm mellomrom frå bakende til nakke. Dette for at varmen skal fordele seg likt i kjøtet og fordi du får lommer å krydre med tilbehøret. Legg ut godt med aliminumsfolie, gnu godt med smør på han og legg fisken oppå. Fyll buken godt med salt og sitronpeppar og masser krydderet inn i fiskekjøtet med hendene med mykje smør. Gjer det same i kutta du har lagd bortetter ryggen. Legg smørklumpar i buken og trykk smør inn i kutta på ryggen. Stryk over litt rømme. Skjær lauken i ringar og trykk ut dei minste ringane midt i. Dei minste legg du inn i ryggkutta, medan resten av laukringane fyller du i buken. Fyll buken også med kutta paprika/ reddik og evt heile laubærblad, kantarell og tyttebær. Legg nokre ekstra smørklompar og laukringar under eine sida på fisken og oppå fisken. Rull aliminiumsfolien godt rundt og forsterk med eitt eller to lag til med folie. Det er viktig å få folien tettast mogleg for å unngå å miste fettet, sausen og sjyen som er viktig for fuktigheita og eit viktig tilbehøyr.
Ta opp potetane og pakk dei også inn i folie. Legg fisken og potetane i kullgruva i bålet. Steiketid vil variere etter bålvarmen og storleik på fisken/ potetane. Vend relativt ofte. Ver merksam på at dersom det lekk frå fiskepakken vil bålet blusse heftig opp på grunn av fettet. Når du har på kjensla at fisken nærmar seg ferdig tar du han opp og opnar forsiktig. Lag eit snitt i ryggen og sjekk om kjøtet heilt inst er ferdig. Om fisken blir liggjande for kort vil delar av fisken bli halvrå. Om fisken blir liggjande for lenge blir han tørr. Om du må leggje fisken på bålet igjen, forsterk med nytt lag med folie.
Medan fisken lagar seg til kuttar du Oliven, fetaost, agurk og tomat i små bitar. Legg rømmen og Creme fraiche i ei skål, tilsett gresk-salatkrydderet og bland grønsakene og fetaosten i dressinga. Deretter toppar du det heile med salaten.
Ta opp fisken og brett ut folien på ein stein. Unngå å miste saus og sky. Skjær eit snitt på langs over rykken og trekk av skinnet på øversida. Skrap av øverste halvdel av fisken og no skal beinet kunne trekkast lett av fisken. Undersida ligg att. Skrav av fisken slik at skinnet blir liggande att og fjern dette. Fisken er klar til servering med det bakte innhaldet, potetene og salatdressinga. Salaten er perfekt å ha oppi den bakte poteten.
Eg lovar! Dette er godt! Eg har omvendt fleire titals ikkjefiskeetarar med denne retten. Du kan også erstatte bålet med ovn men mistar då den viktige røyksmaken og sjarmen.
-
17Aug
I går smalt blankfisken i floga mi tre gonger på den første “reelle” fisketuren i ei smålakselv i år. Eg har hatt ein knall sesong og tatt fleire fine storaurar, men elvesølvet har eg ikkje fiska særleg etter -før no.
I går fekk eg valuta for lappane eg måtte ut med for å fiske i Sandvikaelva i Bærum og drog opp ein sjøaure litt i underkant av kiloen. Dermed er første stikk til middagsinvitasjonar fiksa i frysaren til kamerat Skaar i Bærum som fekk fisken. Det artigaste var at sjøauren tok på mi eigakomponerte floge Jack the Fisher, som er ein killer.




Recent Comments