Debatten har tordna i Trøndelag etter at Stein Winge har presentert årets spel på Stiklestad. Ny resigør betyr ofte endringar i fokus og historieforteljing. Spelet er nemleg ikkje “eit” manus. Det som skjedde for 1000 år sidan har vorte debattert hardt i 1000 år i ein evindeleg kamp om historieforteljinga. Eg har sett spelet og kan stadfeste dei endringane som har vorte debattert.
- Det er ein skarpare politisk brodd mot partane i den historiske konflikten der det kristne “korstoget” må tåle nokre satiriske vendingar.
- Det er meir erotikk og fokus på dei “heidenske” kulturane
- Olav den Heilage blir framstilt meir klønete og meir som ein “mann” i negativ forstand.
Kritikarane roper først og fremst to ord; Blasfemi og avkristning av spelet. Vel. Eg meiner før det første at det ikkje er blasfemi inne i bildet etter å ha sett spelet. Vi veit at dei kristne “korstoga” brakte med seg både godt og vondt, også graskap og unødvendig vald. Det var ikkje berre dei heidenske bøndene som hadde blod på henda. Avkristning? Nei. Dette er fortsatt historia om ein konge som døydde, blei heillaggjort og var tidsskiftet i eit intermesso der Noreg blei kristna.
- Og det er i alle fall ikkje historieforfalskning. Det er historiekamp. Eg trur ikkje kongen bar si kvite kappe på sin stolte kvite hest og frelste og tilgav alle på sin veg. Eg trur den religiøse kampen også var ein maktkamp for territoriell dominans, samling av folk, ressursar og alle faktorar som pregar også dagens krigar. Stein Winge har hissa på seg ein part i diskusjonen som alt for lenge har måla soga med kvitt gull. Stein Winge sitt spel er etter min overtydnad eit meir realistisk spel. Satirisk? Ja. Meir realistisk, Ja. Betre lærdom og kommunikasjon om kva som faktisk utspelte seg? Ja!
Men som Kultur- og kyrkjeministar Trond Giske sa om debatten som rører opp sinne og enormt høgt engasjement i debatten; Denne debatten æ hæli! Uten diskusjon dør deinn levandes kuilturn”
Eg har klipt ut nokre sitat frå den friske resigøren som har stått i mot kritikken med polemisk finesse:
(etter at Trønderavisa anmeldte spelet med tittelen “BLASFEMI!”:
- Jeg syns anmelderen har en gammeldags oppfatning av spelet, men han er sikkert ikke til å rikke. Men han må være både blind og døv hvis han ikke har fått med seg begeistringen for årets spel.
– Hva?! Det er piss, og det må du skrive! Skulle hun ha blitt drept av biskopen? Dette skjønner jeg ikke. Drap er sjelden verdig, hvis man da ikke mener at Gud har bestemt at det skal drepes. Det er slik krig er for dem som rammes: Meningsløst. Anmelderen er i en annen verden og han har min medfølelse.
Tilsvar til kritikar som sitt nede i Italia og kommenterer spelet:
– Å kaste skitt på en kollega før premieren er helt på trynet. Faktisk direkte uhørt i vår profesjonelle teaterverden
– Jeg har blitt advart mot bråket som kunne komme her oppe, og var forberedt på at bondehæren ville reise seg på nytt, men den engasjerte debatten kan jeg takle. Jeg og Arnulf Haga har skværet opp. Da er det verre med han som sitter på en fortausrestaurant nede i Italia, og mener noe om en forestilling han ikke har sett – og som kaller meg en vulgær elefant i glasshus.
- Elefanter er ålreite dyr. men det er verre med kolleger som skiter i eget reir
Recent Comments