• 05Jun

    I dag har eg blitt organdonator og vil gå med eit donorkort på meg til einkvar tid. Så om eg døyr så vil kanskje innvollane mine, hjartet, levra, nyrer, whatever kunne redde eit liv. Eg kjenner at dette gir meg ei god kjensle.

    Derfor har eg også meldt meg som blodgivar og vil også bli beinmargsdonor.

    Eg oppmodar alle andre til å gjere det same. For å bli donor skriv du ut eit donorkort her og for å bli blodgjevar/ beinmargsdonor går du hit.

    Men, ein ting lurer eg på… Korfor er det ikkje eit eige donorregister som gjer at når det nauder så kan ein slå opp i ein database for å finne ein match? Som organdonor står ein ikkje i noko register og er avhengig av å bære kortet til einkvar tid. Å ta vare på og bære slike ting er litt vanskeleg for ein som ikkje brukar lommebok…

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...