• 21Apr

    Eg må slutte å halde innlegg i plenumsdebattar utan manus. Eg klarer alltid å seie mange rare ting som eg blir sitert på.

    Tromp sitat
  • 21Apr
    Sinnataggen
  • 16Apr
    Itj fårrå nålles
  • 12Apr
    Trykk på bilde for å sjekke sjølv. Personleg var eg mest nøgd med Mel Gibson.
    Men så prøvde eg eit anna bilde… Kva skjedde her? Er eg femi?
  • 10Apr

    Via Lasse har eg blitt merksam på ein nerdetest. Dette måtte eg prøve. Resultatet blei at eg er 36% er mindre nerd enn meg i befolkninga, at eg “er ikkje nerdete, men så definitivt ikkje hip heller”

    I am nerdier than 36% of all people. Are you nerdier? Click here to find out!

    Men no skal det seiast at testen ikkje hadde spørsmål som dette:

    • kan du få eit excelskjema til å leve av seg sjølv?
    • drøymer du av og til om databasebygging i Acces, smoothe word-dokument og nye morosame makroar?
    • organiserer du planar, arbeid og strategi i skjema som du tvinger andre til å bruke?
    • når du skal legge fram noko munnleg utan manus, ser du skjema i hodet der elementa er organisert som du kryssar ut etterkvart?
    • bråvaknar du om natta på grunn av mareritt der du mistar storørretten?
    • bind du dine eigne floger?
    • Har du tatt fram saksa og klipt ein hårlokk av alle folka på eit nashspiel og bunde ei laksefloge av dette?
    • Er filmen du har sett flest gonger i dvd-samlinga “Tørrfluelandet”?
    • Lagar du i snitt over 10 ordspel kvar dag?
    • har du brukt ordspelhumor når du har sjekka opp nokon?
    • Når du inviterer til fest, held du oversyn over kven som kjem, kanskje kjem og ikkje kjem i eit excel-skjema?
    • Har du nokon gong lagd statistikk over deltakarantall og konsum av alkohol etter ein fest?
    • Er ditt livsmotto “ein god statistikk forlenger livet”?
    • Har du nokon gong hatt opprop av 60 deltakarar ved å seie e-postadressa ut frå ansiktet til folk i salen?
    • Blir du oppringt døgnet rundt av folk som lurer på alt mogleg rart praktisk, politisk, teknisk, samfunnsmessig?
    • Blir du forstyrra om du ser ein ord delingsfeil?
    • Har du klart minesveipar ekspert på under 100 sek?
    • Har du hatt dobbelt så mange årsverk med idealistiske verv enn leveår?
  • 02Apr

    Det nærmar seg seriestart og eg har sitte heile søndags ettermiddag med Jørund og Pia og varma opp med tabelltipping og diskusjonar om årets sesong. Mitt tabelltips blei slik:

    1. Rosenborg
    2. Lillestrøm
    3. Lyn
    4. Brann
    5. Vålerenga
    6. Stabæk
    7. Viking
    8. Start
    9. Fredrikstad
    10. Tromsø
    11. Ålesund
    12. Strømsgodset
    13. Sandefjord
    14. Odd

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...