31Mar
Det blir Oslo-påske og om det har vore raud vinter i heimbygda i Levanger, så blir det blå palmehelg på meg no. I kveld har Lukas Kasha avslutningskonsert for turneen sin på Blå. Dit drar eg saman med ei god venninne og i morgon er det duka for utelivets store overskrift denne helga;
Fantastiske Frank Znort Quartet har i over eit års tid spelt opp til fest på Grønlandshagen kvar einaste søndag. Dei fleste som har vore der fleire gonger omtalar fenomenet som vekas store happening (før den sure svie måndag morgon) og nærmast kultisk i urbankulturen i Oslo. No er Grønlandshagen lagt ned
men mi gode venninne og dagleg leiar på Blå har no tatt i mot dei for å jæzze opp stemninga søndagane frametter. Fantastisk! Så i morgon, søndag altså, vi møtast på Blå!
30Mar
Sjekk denne saken frå ein kampanje eg er med å jobbar for og prøv å spare pengar.
http://www.ungdomslov.no/nedlasting/ungdomslov.pps
Klipp gjerne hyperlenka inn i ein e-post og vidaresend til alle kjendte 
29Mar
Akkurat dette notatet som heng i oppgangen heime vil eg ikkje heilt orke å forhalde meg til akkurat no…
29Mar
Sissel (i sissels trivialiteter i hverdagen) har skrive ein god sak om fryktens nasjon. Dette etter å oppdaga festung america (den amerikanske ambassaden) i Drammensvegen. Dette minte meg på ein artig liten sak. Like ved festung america ligg det norske utanriksdepartementet.
Kven som er størst?:
28Mar
Eg synst dette var litt morosamt og kult. Bistandsminister Erik SOlheim (SV) har lagt ut ein eigen videosnutt på “snutter” som er administrert under VG-sidene. Med dette har han kanskje skote startskotet for ein heilt ny type (i Noreg) valkamp og kommunikasjon politikarar og veljarar i mellom. Han er jo søt også då
Sjekk snutten her: http://www.snutter.no/app/viewMovie.action?id=2613
27Mar
At Kina har fått ny eigedomsrett som jamnstiller privat og offentleg eigedomsrett har gått meg hus forbi… Lova treng tydelegvis nokre justeringar ser det ut til
26Mar
Det er vår i Oslo! Sol, varmt, isen smeltar i Nordmarka og austmarka. Kanskje byrjar dei første flogene å klekke endå tidlegare i år? Det er sjeldan særleg vits før litt uti mai å fiske med floge etter auren, men eg trur ikkje eg klarer å vente lenger enn til påske om dette været held fram. I fjor drog eg fire halvkilosfiskar i austmarka på 17 mai. Tenk om eg kunne få aure på flogestonga mi før det blir april? Det hadde vore noko det!
- og bit ikkje fisken, så kan eg jo alltids ta meg eit forfriskande bad på før det blir april. (not)
20Mar
Dette ser ut til å kunne bli ein følgjetong etter den nylege posten om to bilar parkert midt i eit kryss i Torggata. I dag, på veg til jobb, rykka politiet ut i gatene og slo jernring kring eit område i nærleika. Ein massiv pick-up stod murt inn gjennom vindauget og gitteret på armyshoppen Pentagon. Gata er såpass smal og bilen stod i 90 grader vinkel mot veggen/ vindauget, så det bør ikkje vere tvil om at dette er eit ran (eller vandalisme).
Eg blei sjølvsagt ståande og bivåne politiet si forsiktige tilnærming til åstaden. Skurken kunne jo vere der inne endå. Etterkvart bestemmer dei seg for å gå inni butikken. Det er då det morosame skjer. I staden for å gå gjennom det store holet i veggen prøver politimannen døra til høgre. Det er først då alarmen går…
Recent Comments